Nesten to månader, og eit
årsskifte, skulle det gå før eg skreiv eit nytt innlegg på bloggen!
Ein liiiten naturlig årsak til dette: Vi har nemlig fått
ein liten gut, verdas vakraste gut sjølvsagt:)
 |
4 dagar:) |
Han er velskapt og
lykkelig, og det gler eit mammahjarte og sjå korleis han utviklar seg kvar
dag.
Han smiler og lagar grimasar,
sjølv om han eg berre vêl 7 veker - heilt klart ein statsminsterkandidat!
Det å bli mor for fyrste
gong er det forbausande mange som har gjort før meg, og overlevd.
Overgangen har vore
enorm, og eg trur vi fekk litt sjokk over det heile.
Personlig har eg gjennom
dei siste 30 åra tilegna meg mange sjarmerande vanar, og alltid kunna gjort som
eg ville. Desse har eg måtta fira på for og sei det sånn. Søvn for eksempel -
oppskrytt! Kven treng vel sove ut når ein vaknar av ein smilande liten kropp
som ser på deg med store auge og vil ha kos?:)
 |
Fyrste kvelden heima |
Det har sjølvsagt vore
mange utfordringar, og desse barselvekene har vore ein blanding av smil og
tårer. Eg har hatt (og har fortsatt) store utfordringar med amming. Kva er
greia med å lage det til på den måten at ein baby skal ha kraftige sugetak kvar
2-4 time på følsame brystvorter?? Veldig merkelig konsept, som ikkje hadde ein
vellykka start hos meg. Men vi får sjå korleis det går.
Dette er fortsatt ingen
mammablogg, men nokre korte setningar om kva livet har dreidd seg om ei siste
vekene har eg plass til. På interiørfronten så har det ikkje skjedd nokon ting,
altså verkeleg ingenting.
Vi har knapt støvsuga, eit kvart ledig øyeblikk har
blitt prioritert til søvn.
Vi har gått mil etter mil over stovegolvet, kjempe lurt det der og bysse han i
søvn;)
Men dei siste vekene har interiørspira vakna i meg.
Så mens eg har gått over
golvet, så har eg fått mange nye idear på endringar i heimen.
Derfor fortsett
jakta på eit pengetre, mens eg kanskje skal våge meg
ein tur på Lagunen for og sjå
kva som skjer innan interiørverden.
Det er godt tenkelig at
det blir ei stund til neste innlegg. Men eg er som smått på veg tilbake!
Når det har stått på som verst, så har det vore kjekke pust i bakken og sjå kva
dåke andre driv med på instagram. Takk for inspirasjonen:) Eg gler meg til og komme i siget
igjen.
Nyt bildene av gullet vårt – vi er så glad i han!
Han kjem nok ikkje innom bloggen noko særlig, men nokre bilder måtte eg vise,
det er jo det samme som og sende bilde til avisa tenkte eg:)
Men rommet hans dukkar nok opp.
Ha ein fin søndagskveld