onsdag 30. mai 2012

Slagbenken

Endelig er spisestova/kjøkkenbordet komplett!
Som nevnt i forrige innlegg så kom siste tilskuddet rett før helga. 
Det var altså ein slagbenk frå Oliver Furniture. 


Den er suuuper skjønn:) Eg er strålande fornøyd!
Eg har tenkt på korleis denne spisestova skal sjå ut heilt siden vi var på visning. 
Veldig kjekt at eg endelig hadde tolmodighet nok til å finne alle møblene. 


Her er alle møblene frå forskjellige leverandører. 
Spisebordet frå Living
Pinnestolane frå Finn.no
Stol frå Riviera Maison
Slagbenk frå Mitt Rom (Oliver Furniture)


Oppi slagbenken skal alle putene mine bu:)
Endelig kan dei flytte ut frå det som til no er kalla "puterommet"


I dag har eg hatt koselig besøk av Pink Lady!
Eg fekk nyyydelig rosebukett som passa perfekt inn:) Tusen takk.
Vi har kost oss med interiørprat og skillingsbollar. 


 Det skal nok komma masse gode puter på benken, 
så blir det god å sitte på. 


Ha ein strålande kveld, snart er det helg igjen:)

fredag 25. mai 2012

Velkommen Oliver

Sjå kva som står utanfor døra vår no!
Ein nydelig pakke frå Oliver Furniture:)
Kva kan det være?


Hurra, eg gler meg masse til å vise dåke. 
Helga er supertravel med festival, sommar og sol.  
Plutselig tilbake:)


Ønsker dåke nydelige sommardagar:)

onsdag 23. mai 2012

Piknik i hagen

I dag har vi verkelig fått nytta hagen vår for fyrste gong. 
I nydelig sommarvêr måtte vi jo sjølvsagt grille middagen. 
Men vi har ingen ute møbler endå, vi er litt uenige om prioriteringa nemlig. 


Fruehus-mannen ynskjer fyrst og fremst ei hengekøy. 
Eg vil veldig gjerne ha kvite tremøbler, med fine puter. 
"Men dei kan jo umulig vera komfortable å sitta i?" ifølge han
Han har jo forsåvidt eit poeng, så eg håpar vi kan møtes ein plass på midten i løpet av sommaren:)


Vi arrangerte dermed ein liten piknik på plenen. 
Mens eg laga maten skulle Fruehus-mannen klyppe plenen. 
Vi fekk ein plenklyppar med på kjøpet ved overtakelse av huset. 
Den viste seg og sakna sine gamle eigarar, så den streika etter 2/3 klypt plen. 
For sikkerhetsskyld så blei det klypt slik at det som no er igjen er ei aldri så lita landingsstripe. 
Lekkert!


Eingongsgrillen og miniburgere frå Rema vart ikkje så gode fotoobjekt. 
Men det blei derimot desserten. På Rema hadde dei sjølvsagt plassert minimuffins ved kassen. 
Dei blei raskt plukka ned i korga, viktig å være open for nye ting - som feks minimuffins:)
Og som ikkje det hadde vore nok så fekk vi besøk av ei god venninne!
Altså ein perfekt sommardag. 


Endelig fekk eg brukt den superskjønne skåla frå Eva Solo, 
den hadde Fabelaktige Maia med til oss på bloggtreffet for nokre veker sidan.
Elsker fargen på den! Lyyyyseblå - det er sommerfølelsen det:)

Håpar du har solskinn der du er, og har gått barføtt i heile dag!

mandag 21. mai 2012

Ein sommardag

I dag har sommaren komt for fullt i Bergen!
For ein strålande dag. Solskinn og varm bris:)


Etter jobb var eg med to venniner og gjekk tur i Kanadaskogen. 
Vi grilla for fyrste gong i år - håpar det er mange grillmiddager i vente. 


Det er så fabelaktig å gå ute i slikt varmt solskinnsvêr, ein treng ikkje jakke ein gong!
La oss håpa at dette varer veeeeldig lenge. 


På veg heim kom vi over ei stor eng med masse blomkarse. 
Eg plukka meg ein liten bukket som prydar kjøkkenbordet. 
Det er jo eigentlig ugras, men det finaste ugraset eg veit om:)

God solskinnsveke til deg!

søndag 20. mai 2012

Eg vant!

Hurra! Eg vant den flotte Give Awayen hos Ekte Interiør
Det er ein super kjekk overrasking:)

Premien var eit gåvekort på heile 1000 kr hos Designbelysning.no
Det passar jo ypperlig for oss i nytt hus. 


No trur eg at eg har bestemt meg for denne lampa frå House Doctor. 
Likte det industrielle preget og forma på den. 


Eg tenkte å ha den på hobbyrommet, og der er jo arbeidsbordet svart.. 
Kanskje det hadde vore finast med grå då?
Kva trur du?

Håpar du har det fint fint:)

lørdag 12. mai 2012

Kongestolen

Endelig har dei tre stolane eg pussa opp tidlegare i vinter, fått selskap rundt bordet. 


Tidligare i veka fekk vi nemlig denne herligheten i hus:)


Den er heilt fantastisk og sitte i, både mjuk og fast på same tid. 


Fargen passa også fint fint, sjølv om eg eigentlig hadde planar om ein lys lilla 
- men den var gått ut av produksjon. 


Dette blir nok den nye bloggestolen ja! 
Frå denne stolen har oversikt over heile stova og kjøkkenet. 
Gløymde visst å ta bilde av utsikta, det får bli ein anna gong. 


No manglar berre slagbenken (skal vera der den kvite stolen står, inntil vindauga).
Så er kjøkkenbordet/spisebordet/arbeidsplassen/utkikkspunktet klart:)

Ønsker deg ein fortryllande laurdagskveld, 
her blir det heimalaga pizza og Gullruten.

onsdag 9. mai 2012

Kjøpmannsdisken

Her kjem endelig bilder av den nye kjøpmannsdisken i hallen:)
Eg er strålande fornøyd, og den rommar mykje meir enn forventa. 


Her bur det alt frå vesker, skjerf og utkledningskler. 


Veldig fornøyd med fargen også - den passa kjempe fint til rommet. 


Foreløpig er sitat-bildet flytta ut frå hobbyrommet, og fått selskap av ei lykt, eit lite brett i tre, årets fyrste pelargonia og eit gammal grønn ... hmm huskar ikkje kva det er! Men fin var den. 
Dette er nok maks antall ting som får stå på disken. 
Viktig at kvar ting får skinna, og derfor vil eg ha få ting framme. 
Så kan ein heller gjera hyppige utskiftingar. 


Eg planlegger ein bildevegg på veggen bak, men eg må tenke meg nøye om før eg lagar hol i den nymalte veggen:)

Ønsker deg ein kjempe fin onsdagskveld!

mandag 7. mai 2012

Trekning av Give Away

Plutselig var det gått ei veke sidan forrige innlegg!
Eg har vore fleire dagar i Stockholm på jobb utan PCen min.
I helga var eg i Rosendal, men der var det brudd på ein sjøkabel og dårlig med internet tilgang:(
Men av og til er det jo godt med ein liten PC pause - eg har fått lest ferdig ei god bok og slappa mykje av. 


Må berre vise dette bilde tatt utanfor Galleri G Guddal i Rosendal. 
Vedkubbane er laga av Bodil Friele - eit forfriskande syn!


I dag er det 7.mai og som annonsert så er det klart for trekning av min fyrste Give Away!
Hurra, så spennande. Det var jo kjempe mange som hadde lyst å vera med - veldig kjekt:)
Eg er usikker på korleis det fungerer med ulike verktøy så difor blei det trekning på gamlemåten. 
Alle namna er skrevet ned etter så mange gonger dei skal med blyant og klypt opp i betar. 


Fruehus-mannen har stått for sjølve trekninga, og den heldige vinnaren blei: 


Så utrulig kjekt at du vant:) Gratulerer så masse!!
Bersøk gjerne Sommerlyst sin inspirerande blogg ved å trykke her. 

Fruehus-mannen er verkelig i farta om dagen, for han har nemlig nettopp henta bursdagsgåva eg har bestilt til meg sjølv frå Riviera Maison - lovar at det kjem bilder i løpet av veka. 

Ønsker deg ei super veke, no er vi i andre veka i mai 
- tenk på det:)