onsdag 28. august 2013

Kjøkkenskap

Endelig eit lite livsteikn frå meg!
Sommaren er på hell, kanskje kjem det oftare livsteikn utover hausten?:)



Eg må innrømme at eg saknar blogginga, og bloggverda. 
Ein må jo ha litt overskudd for og blogge, eg satser på at det kjem med hausten:) 
Derfor er eg glad for at eg har nokre halmstrå og klynga meg til så saknet blir for stort. 
God kontakt med fabelaktige bloggjenter som ElleMell, PinkLady og LillPastill
I tillegg har eg meldt meg på bloggtreff i Oslo! Førjulskos arrangert av herligeMaia - gleder meg stort. 



Uansett så tenkte eg og dela nokre bilder frå kjøkkenet vårt i dag. 
Vi valgte jo å sette opp ein teglsteinsmur på veggen mellom stova og kjøkkenet. 
I ein liten innhuk på kjøkkenet blei det plass til ei lita hylle.
Den fant eg etter langt og lenge på Home & Cottage. 



Den passar perfekt inn, og er veldig praktisk. 
Mannen i huset elskar den, fordi han kan sette glaset på den når han skal fylle på frå kjøleskapet!
Viktig:)



Forresten så ljug bilda litt, for det er ikkje lenger noko i den nederste hylla. 
Vetleguten på snart 8 mnd er særs aktiv om dagen, og syns hylla var grådig spennande. 
Dette oppdaga vi sjølvsagt "the hard way", ved at tinga no er øydelagt:)



Takk for fine kommentarar her inne! 
Det er utrulig kjekt at nokon fortsatt har trua på bloggen:)


Ha ein strålande kveld! 

PS! Kjære Anonym som lurte på kvar eg hadde kjøpt plakaten som står på kjøpmannsdisken
Tusen takk for kjempe koselig kommentar, beklager så seint svar - den er kjøpt hos Rocett St George :)