onsdag 28. mars 2012

Hint av påske

Eit lite hint om at påsken nærmar seg med stormskritt. 
Små gule narcisser i ei fin krukke frå TineK på kjøkkenbordet.
Dette bildet tok eg i kveld klokka sju - hipp hurra for dagslys:)


I dag har eg tatt fyrste strøket på skrivebordet mitt, 
trur eg har fått meg ein ny ynglingsfarge!


No nærmar det seg 10 000 besøkande her på bloggen (!)
I tillegg har eg 65 herlige følgere!
Det er knallkjekt og eg blir særs motivert til å fortsetta:))
Eg tenker at det er på høg tid at eg har min fyrste giveaway. 
Må tenka litt meir på kva eg ynskjer å gje vekk, men det kjem før du anar det!

Ønsker deg ein strålande kveld.


mandag 26. mars 2012

Svart skrivebord

Endelig mandag, og eg har takkavera ein supergrei svoger og ektemann fått mitt nye kupp i hus. 
Som nemnt tidligare så er eg så heldig å få eit heilt eige rom til hobbyrom i huset vårt. 
Til det treng eg sjølvsagt eit skrivebord med gode oppbevaringsmuligheiter.
Bilde frå Neamhouse.com.
Eg har sett fleire flotte hobbyrom/kontor i interiørverda i det siste. 
Dette bildet er frå den svenske interiørdesignaren Marie Olsson Nylander sin fantastiske heim. 
Fant bildet på bloggen til Fru Fransen, og likte utrulig godt det svarte skrivebordet, kul kontrast til dei kvite flatene.
(Heile huset er verd ein kikk forresten, sjå fleire bilder hos flinke Fru Fransen)  


Denne pulten fann eg på finn.no. Planen er å forvandle den med bildet over som inspirasjon.
Tre av skuffene er uttrekkbare, særs praktisk! Kanskje kjem det nye handtak på også. 
Hobbyrommet var heldigvis nymala når vi flytta inn, kvitt og fint. 
Golvet er lakka furu - så det skal eg våga med til å mala kvitt:)
Men det blir ikkje nett i morgon. Eit prosjekt om gangen trur eg. 

Akkurat no har vi akutt behov for oppbevaring om vi ikkje vil ha dei flatterande gule og blå bananeskene som dekor.  

Bilde henta frå Jotun

Tenkte å brukt Lady Supreme Finish halvblank "dempet sort". 
Her ser du eit bilde som eksempel frå Jotun, panelet er malt i halvblank. 

oooo, spennande:)

God mandagskveld!

søndag 25. mars 2012

Solskinnsvêr og dårlig kollektiv hukommelse

FOR ei helg!
Mars har vist seg frå si beste side heile helga. 


Eg leste i Bergens Tidene i dag at bergensarar har dårlig kollektiv hukommelse når det kjem til vêr. 
Det kan eg sei meg heilt einig i! Eg har heilt gløymt at det har vore striregn og 10 meter sikt i fleire veker. For no er det solskinsvêr i byn. 


I dag har eg vore ute å inspisert hagen. 
Det er stadig noko nytt og gøy som dukkar opp. 
Eg anar ikkje kva for blomsterskattar som er gøymd under jorda, 
så det blir ein spennande vår og sommar. 


I dag har eg også innvia det som eg trur kjem til å bli vårt høgt elska kle stativ. 
Det er ein herlig følelse å legge seg i sengekler som har tørka ute i vårlufta. 


Helga har elles vore rolig og fin. 
Lørdag traff eg kjekke venninner som eg har møtt gjennom bloggen. 
Vi hadde koselig lunsj og ein liiiiten tur innom Søstrene Grene mm:)


Litt bilder frå hagen i dag, grøne vekster og eit tre med bare greiner. 

Håpar du har hatt ei flott helg og er klar for ei ny og varm veke med masse solskinn!




fredag 23. mars 2012

Nytt, gammalt nattbord


Endelig er nattborda eg kjøpte for fleire veker sidan ferdig måla. 
Nattborda fann eg i brukt butikken til 150 kr stk:)


I utgangspunktet var dei ganske fine som dei var, 
men overflata var veldig stygg og full av merker.
I tillegg krasja det skikkelig med brunfargen på veggen på soverommet. 


Derfor fekk dei seg nokre strøk med ein fresh mint farge. 
Superfornøyd med resultatet - dei passar perfekt inn hos oss.


Foreløpig har eg ingenting å sette på dei, så eg må nok vise dei til dåke på nytt når dei har fått på seg lampe og kanskje noko anna fint:) Og ikkje minst står på soverommet. 

Sola skinn frå ein strålande blå himmel i Bergen i dag, fantastisk:)
La det vara heile helga. 

GOD HELG!

torsdag 22. mars 2012

Under construction

I dag har vore ein fin dag i Bergen. 
Lyst heilt til klokka sju og tørr asfalt - våren er her:)


Både mannen min og eg jobbar veldig mykje om dagen, 
så vi har ikkje komt noko vidare med teglsteinen. 
Men eg tenkte å vise dåke ein liten smakebit - under construction
Bildet er ustyla og tatt utan å ta vekk papp og lignande
(oppdaga det fyrst då lyset var vekke, så konkluderte med at det fekk gå for denne gong:)


Teglsteinen skal grovpussast med kvit mørtel.
Sjølve steinen kjem til å bli mindre synlig. 
Factory er vel stikkordet:)

Snart er det helg igjen - vi har ingen planar, Love It!