Nokre dagar er slik at eg føler eg knapt er komt heim før eg må på jobb igjen.
Denne veka har vore litt slik, men i dag hadde eg ein koselig avtale:)
Pink Lady og eg hadde nemlig middagsplanar.
I tillegg vart det sjølvsagt nokre turar til både Søstrene Grene og Kremmerhuset.
Påsken er på vei inn i butikkane for fullt (for dei som vil planlegge innkjøp)
Foto Kremmerhuset |
På Kremmerhuset kom vi over denne (veldig) store lampa.
Ikkje nødvendigvis kun til påske, men den var faktisk skikkelig kul:)
Beklager dårlig mobilbilde frå meg:) |
Ei lita sennepsgul krukke blei med meg heim frå Søstrene Grene,
denne blir nok fin til dressingar og tilbehør på middagsbordet.
Takk for ein superkoselig ettermiddag:)
Ønsker deg ein fin vetlelørdag