tirsdag 10. desember 2013

Enkelt julebord

For ei god veke sidan hadde vi eit kjempe koselig venninnejulebord her hos oss!
Alltid kjekt å samla jentene frå Rosendal, men sjølvsagt ekstra kjekt i førjulsstria. 



Eg pynta bordet enkelt, med granbar og lys.
Nok ein gong sprer den herlige dufta seg i huset:)



Med julemusikk på spelaren og pinnakjøt på menyen, så kom faktisk julestemninga. 




Håpar den er begynt å snika seg inn hos deg også:)


søndag 1. desember 2013

Julekalender

Hurra - det er desember og juletid:)

Eg elskar jula!

Alle tradisjonane, familiebesøka, den fantastisk maten, dei herlige duftene og generell barnslig glede. 
I helga har vi hatt venninnejulebord, og eg har faktisk pynta ein del til jul. 
Vår tradisjon her i huset, er at når advent kjem - då er (nærmast) alt lov. 
Det kjem bileter av eit enkelt, dekka bord etterkvart. 



Julekalender har eg sjølv vore så heldig å veksa opp med. 
Difor måtte eg sjølvsagt stelle i stand ein gåvekalender til vetleguten. 
Men etter litt diskusjonar med meg sjølv, så kom eg fram til at det hadde jo vore gråååådig koselig 
å hatt ein tredelt kalender. Velteguten, mor og far - kvar sin dag:)
Så derfor har eg sendt far på gåvehandel, og eg gler meg som ein unge til det er min dag. 



Gåvene har eg hengt opp i ein tråd på gelenderet i trappa. 
Så kleisa eg på ein heil haug med deilig, duftande granbar. 
Den forsvann jo nesten då gåvene kom opp, men dei måtte jo neste vera med:)
Posane har eg funne på Kremmerhuset, og oppi er det mykje snadder. 



Det luktar så godt når ein går opp trappa - julestemning altså!
Eg er berre litt spent på korleis det ser ut når vi er halvvegs til jul. 
Granbar er vel kjend for å drysse litt så vidt eg veit?
Vel, den tid den sorg. 



På krakken nedanfor står ein ivrig raud amaryllis. 
Den skal få sin plass i rampelyset etterkvart som det går tomt for gåveposar på gelenderet. 



Håpar du har hatt ei herlig adventshelg!

torsdag 14. november 2013

Førjulskos

Heldige meg fekk plass på julas kjekkaste bloggtreff - førjulskos i Lillestrøm:)
Bloggtreffet blir arrangert av Fabelaktive Maia, og då er det kvalitet til fingerspissane.
Det er snart berre ei veke til vi reiser avgårde, og eg gler meg masse!
Maia har samla mange flotte samarbeidspartnere, flaks for meg for mange av dei er favorittar. 
Her kjem litt informasjon og inspirasjon frå dei, eg tenker å få fart på julehandelen på treffet 
- kanskje du får nokre tips også?

Bilde lånt fra Zanz.no



For eksempel så har eg alltid drømt om å besøke den vakre butikken Zanz.
Dette er verkeleg butikken for deg som er ute etter noko unikt.
For ei tid tilbake holdt eg nesten på å reise til Lillestrøm for å hente ein slagbenk eg så gjerne ville ha :)
Det blei ikkje den gongen, men gudane veit kva eg kjem heim med neste helg:)
Zanz har også nokre av dei flottaste merkevarene eg veit om, som TineK, Day Home, House Doctor, Senze of Joy. Som ein ekstra bonus så har dei FRI FRAKT fram til advent - juhu!
Vi skal starte førjulskosen på Zanz, DET kan bli farlig det:) Klikk her for å komme til nettbutikken.


Bilde lånt fra festfabrikken.no

Ein anna spennande samarbeidspartner er Festfabrikken.no.
Vetleguten fyller jo snart 1 år - det er kjempestas og skal feirast stort.
Eg er sjølvsagt begynt å planlegge pyntinga. Han er jo fødd tidleg i januar, eg ryddar jo ut jula så snart eg kan 
- så då blir det friskt og fint med lyseblå pynt og stasj frå Festfabrikken.
Eg skal ha sugerøyr, muffinsformer, cakepops, banner og kanskje ein pinãta til dei voksne:)

Bilde lånt fra Muubs


Woods agenturer er også tilstades, og dei har nydelige treprodukter frå Muubs
Eg er utrulig glad i unike treprodukter, alt frå skjærefjøler til flotte møbler. 
Her i Bergen ser eg at blant anna den nye (og nydelige) Illums Bolighus fører produkta. 

Bilde lånt fra LilleHimmel


Nettbutikken Lille Himmel er heilt ny for meg. Dei har masse fine kler og smykker:)
Gler meg til å bli betre kjent med dei, og eg har funne eit smykke som eg eeelsker 
- tenk å hatt dette til ein fin sommarkjole?


Bilde lånt fra Ruth&Rudolf

Ruth&Rudolf er søsterbutikken til Lille Himmel, ein kjempe fin nettbutikk med lekre produkter. 
Jammen var mange av mine favorittforhandlere der også, Bloomingville, Hay og Hübsch. 
Eg lurer på om eg må skaffe meg ei slik svart julestjerne - det hadde vel vore kult? :)



Bilde lånt fra Miinto.com

Secrets by B lager aldeles nydelige smykker, armbånd og øyredobbar. 
Stor fare for at eg kjem til å gå på ein smell her altså, utrulig masse fine og unike ting. 
Du finn det blant anna på Miinto 



Bilde lånt fra Loveisgreen.no


Love is Green eg er heller ikkje kjend med. Men det eit lite selskap som sel nydelige lys, 
og herlige velværeprodukter - blant anna kokosnøttlys:) Spennande!

Bilde lånt av fabelaktive Maia
Bilde lånt fra fabelaktive Maia
I tillegg til mykje snadder frå dei nevnte leverandørane, så skal vi ha juleverkstad:)
Vi skal læra å lage julecupcakes, sukkerbitar og vaniljeekstrakt. 
Og som prikken over i`en; mammo til Maia skal laga heimelaga vietnamesisk mat til oss. 

Bilde lånt av fabelaktive Maia
Det kjem nok masse bilder og glimt frå turen både her og på instagram!
Mest av alt så gler eg meg til å vera ilag med kjekke folk:)

Ha ein flott torsdag!:)



fredag 8. november 2013

Babyrom

Endelig! No har vetleguten blitt 10 månadar, og har budd lenge på rommet sitt. 
Og mor har i dag endelig klart å ta nokre bilder av babyrommet. 
Vetleguten er jo nesten ikkje baby lenger. 



Som dåke ser så har eg lagt meg på ein pastellpallett:)

Eg må berre nyyyyte det mens eg kan.
Eg fryktar nemlig storinvasjon av knallraude sengekler, gardiner, plakatar 
og sikkert noko anna morderne greier før eller seinare. 

Far i huset er nemlig blodfan av Arsenal, og det går visstnok i arv.. :)



Nattbordet var faktisk det fyrste eg kjøpte!
Det fann eg for 50 kr på Fretex, og har malt det i lyseblått. 



Det neste eg berre måtte ha, var senga! 
Den kosta ikkje 50 kr, men til gjengjeld så kan den brukast leeeenge. 
Fine sengekler, sjølvsagt med bilar på, høyrer med. 

Tapeten, som er ganske dominerande i rommet, er eg utrulig fornøyd med. 
Den gjere veldig mykje med heile rommet. Føler ikkje heilt at fargen kjem fram her, men den er altså mint. 


Dei små husa har eg funne på Kremmerhuset. 
Eg har klistra litt retrotapet på dei, så passa dei godt inn. 
Under her har eg tenkt å henge opp ein hyssing, og feste litt bilder av familien på. 


Kommoden fann eg på finn.no og syns den er utrulig fin. 
Ein slik kommode har eg leita lenge etter, elsker den "fargen" på trematerialet. 



Eskene har eg funne på Søstrene Grene, såå herlig farge:)
Den fine kakeboksen, er eit bruktfunn som kanskje kan brukast til å lagra noko ein samlar på?




Ei tallerkenhylle har også funne vegen til babyrommet. 
Her skal det etterkvart komma fleire bøker opp. 
Foreløpig er det mest bøker frå min eigen barndom som står her. 
Dei heng nesten ikkje saman lengre. 
Det må nok nye bøker til, for vetleguten har arva min måte å lese på:)

Det var altså babyrommet:)
Det har tatt tid å få det slik som eg vil, og eg er ikkje ferdig enda. 
No jaktar eg på ei fin nattlampe, eit stort teppe på golvet og bøker bøker bøker:)

Endelig helg! Vi får besøk av svigermor og eg ser fram til ei kjekk helg:)
Håpar du får strålande dagar, vi bloggast:)

mandag 4. november 2013

Haustbord

Eg måtte berre ein liten tur innom for å vise bordet eg har dekka til klubben i kveld. 
Eg oppdaga plutselig at eg hadde masse lilla blomar i hagen. 
Dei såg ut som dei snart skulle ta kvelden, så eg tok inn ein heil haug og satte dei i vasar!:)
Fornøyd med reslutatet og gler meg masse til besøk og skravling i kveld:)



Vi skal kose oss med deilig currysuppe, oppskrift frå Trines matblogg 
- håpar den er like knallgod som den ser ut som :)
Sjølvsagt blir det også masse søtsaker til dessert!





Ha ei strålande veke :)

fredag 1. november 2013

Ein liten openbaring


Eg fekk ein liten openbaring her ein dag. 
Eg har jo (som mange andre) lenge vore veldig opptatt av at interiøret skal vera kvitt og lyst. 
Men i eit nummer av Vakre Hjem og Interiør, var ei lys og fin leilighet med nokre svarte detaljer avbilda 
- eg blei superinspirert! Det blei litt strammare, ryddigare uttrykk. 
Du kan òg finne leiligheten her



Eg har nemlig ein lei tendens til å legge ting og tang rundt omkring. 
For eksempel på kjøkkenet så hadde vi ei åpen bokhylle, der havna både julepynt, bilder, bøker, 
enorme mengder papir (kor kjem det frå?) og diverse babyting.
Det ser så fryktelig rotete ut. 
Men om ein kan lukka døra, så er det jo ingen som veit at det er masse tull og tøys inni skapet! 
Eg gløymer det til og med:)
Så på finn.no fann eg eit gammalt lintøyskap som var malt kvitt. 
Drog det heim, og malte det svart!




Trur mitt forhold til svart i interiøret fekk seg ein kraftig knekk då eg (og mange andre:), gjekk fullstendig bananas på Black Design Shop og kjøpte alt eg kunne komma over av svart smijern....
Detta er ei stund sidan altså, til mitt forsvar. 

Men etter at alt smijernet fekk nye eigarar via Fretex, lova eg meg sjølv at svart, det skulle eg ikkje ha i mitt hus! Vel, no er visst det gløymt.




Er dessverre litt vanskelig å ta bilde av skapet for det står rett bak eit gelender, men eg er i alle fall særs nøgd. 
Det er komt fleire svarte element inn i heimen i det siste, dei kjem plutselig her på bloggen. 
Eg er framleis opptatt av det kvite og lyse, men no med kule svarte ting som rammar rommet inn på ein måte. 




Litt puter, lyshus, ein skinnfell og lyng gjer også at eg er fornøyd med spiseplassen om dagen. 

Håpar du har ei kjekk helg foran deg. 
Her i huset ligg vi flat på sofaen, skal eta taco og sjå på TV og eg er strålande fornøyd med det:))

GOD HELG!



mandag 21. oktober 2013

Messemoro!

Eg har nettopp lagt bak meg ei aldeles strålande helg!
Eg har sjølvsagt vore på Interiør-og boligmessa i Bergen:)
Det blei nesten som julafta altså:) 
Med det meiner eg at det å glede seg og å snakke om det på forhånd har vore halve moroa, 
og det var ikkje dei materielle tinga som blei viktigast 
- men alle dei utrulig kjekke folka eg har vore med. 



Vi begynte allereie på torsdag, men ein klubbkveld hos skjønne ElleMell 
i lag med PinkLady, LillPastill og æresmedlem av klubben vår; Fabelaktig
Etter denne kvelden så hang vi sammen som erteris heile helga:)
Det er heilt utrulig at 5 personar som i utgangspunktet ikkje har noko anna til felles enn interessa for interiør, skal klikke så bra saman og rett og slett ha det utrulig morsomt. 



Fredagen var vi på Villa Skjoldtun, eit genialt konsept. Rett og slett eit nydelig vakkert hus som er brukt som showroom for ulike leverandørar. Eg gleda meg aller mest til Kvänum sine kjøkken. Ønsker meg veldig veldig eit Kvänum kjøkken ein vakker dag. Uansett ein særs trivelig kveld. Her er eit lite bilde inni eit skap (var visst alt eg klarte å ta bilde av:). Men digga løysinga inni skapet, får tak i alt!




Lørdag var det champagnefrukost på messa. Veldig kjekt, må jo berre bli ein fin dag når ein startar med bobler! Etterpå var det vandring i messehallen og sushilunsj:)
På kvelden spiste vi middag på koselige Naboen, eit veldig god restaurant som eg anbefaler på det varmaste om du vil ha god mat og drikke, kvite dukar, uformelt miljø og god service:)
FOR ein kveld, eg hadde jo husmorferie! Og det utnytta eg maks:) Det var både raudvin og høge helar. 
Tusen takk for ein uforgløymelig kveld, som eg kjem til å leva lenge på!






Bilder av nokre av mine favoritt stands; Pihls Paradis, Toneblomst og Urdihuset.
Og eit lite bilde av ein liten brøkdel av sprudlevatnet som gjekk med på lørdagen:)


Søndagen var eg jo riiiimelig utslitt, men eg fekk fort fart på meg for då kom det 10 store og små gjester på texmex lunsj:) Veldig koselig, og eg var utrulig takknemlig for at ein av gjestene faktisk troppa opp og laga all maten. Ein perfekt avslutning på ei fortryllande helg!



Legger ved eit fint bilde av vetleguten (han var med på messa på fredagen) og meg, tatt av Fabelaktige Maia:)


Det har skjedd litt av kvart i Fruehuset i det siste, eg satsar på at det kjem på bloggen snart.

God kveld til deg:)