lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår!:)



Då er allerede kun 51 veker til jul,
hihi. Neida - nok om jul for i år:)



Nyttårsafta står for tur!
For meg så er ikkje denne kvelden i nærheten 
så spesiell som den som var for ei veke sidan. 

Men det er jo alltid kjekt å kle på seg paljetter og drikke champis saman med gode venner.
(sånn bortsett fra at eg har gløymt alle mine fine kjoler ein plass i flyttelasset:)



Samtidig så er det eit fint tidspunkt til å reflektere over det som har skjedd i løpet av året. 
Den største hendinga for meg har utvilsomt vore bryllaupet og bryllaupsreisa
Tenk at noko som eg har draumt om heile livet faktisk ble masse bedre enn forventa?!
Fabelaktig! 

Foto Cathrine Esbensen

Men eg kjenner eg er glad for at eg ikkje skal planleggja bryllaup i 2012. 
No opnar vi eit nytt kapittel med nytt hus og sikkert masse anna kjekt:)
 
I tillegg har eg ein sterk formeining om at blogginga kjem til å bli ein stor del av livet i 2012. 
Heldigvis! For eg har bare på denne korte tida truffe så mange kjekke jenter pga bloggen.



Bildene eg viser i dag er frå Pottery Barn. 
Ei fabelaktig amerikansk interiørkjede som eg besøkte i NYC
Dei har og ein vakker nettbutikk som (jippi) sender til Norge!


Ønsker med dette å takke for året som har gått,
TUSEN TAKK for alle dei koselig kommentarane eg har fått,
og alle dei som har valgt å følge meg vidare.
Det er dåke som gjer blogginga så kjekt og motiverande!

Ønske deg og dine:

Eit fabelaktig nyttår!

- gler meg til bloggåret 2012:)






fredag 30. desember 2011

Tusen takk

I jula har mannen min og eg kost oss med å levere ut og sende takkekort frå bryllaupet. 


Vi  har endelig fått delt ut dei alle fleste takkekorta. 
Sjølv om det er nokre att, så tenkte eg å vise korleis det blei tilslutt. 


Alle 170 har eg laga sjølv med god hjelp frå ei fabelaktig venninne. 
Det har vore superkoselig å gjort alt arbeidet sjølv. 
Tipper eg har brukt 1000 timer på arbeidet med materiale til bryllaupet, 
så då er det så kjekt når folk blir så glad:)


Sukk! Gode minner:)
Alle bildene er tatt av Bodil Haga

Straks er det 2012!
Hipp hipp:)

torsdag 29. desember 2011

Juleferie

Jammen blei det ein litt (uplanlagt) lang bloggpause i jula. 
Eg har kost meg med å ha FRI!
Bare ete mykje god mat, sett fine filmar og lest bøker.

Men kjempe kjekt å sjå at eg har fått fleire følgere, velkommen til dåke:))


Her er eit lite bilete frå den tradisjonelle 1.juledagfrukosten.
Heimalaga potetekaker med mykje godt inni.


Alltid stas når eg kan drikke mjølk og juice frå vinglas!
Då er det høgtid:)

Ei venninne av meg fortalde at ho hadde kjøpt nokre vinglas på IKEA,
som dei brukte titt og ofte til middagen og rett i oppvaskemaskina etterpå.
Då blir det litt ekstra stas ein vanleg tirsdag.

Lurt, trur eg må gjera det samme - kjedelig å vaske vinglas for hånd:)

Her er det fortsatt ferie heilt til neste år!

Håpar du har hatt ei kjempe fin juletid så langt:)


fredag 23. desember 2011

God jul med tradisjonar

Eg er ein liten tur innom for å ynskje deg og dine ei riktig god jul:)


Her heime har mamma pynta så fint med gamal og kjær julepynt. 
Denne duken har imidlertid vore oppe til diskusjon mange gonger. 

Den vart kjøpt på mamma og pappa si bryllaupsreise på Rhodos i 1983. 
Eg har vel gått frå å elska den, til å sterkt mislika den,
og i dag så kjenner eg at eg begynner å like den igjen. 


Det er vel det som er med tradisjon, det held stand uansett trend. 
Tenk, i morgon er det julafta!
Vi skal tradisjon tru fyrst på graut hos tanta mi, 
deretter er det kylling og pommes frittes (!) på det lokale hotellet. 



Det er eigentlig ein veldig rar tradisjon, som vi har holdt fast på i mange år.
For dei spesielt interesserte så er historien kort fortalt slik:
Når vi naboungane var små så ville gjerne mødrene våre ha oss litt ut av huset på formiddagen på julafta. Vi var truleg rimelig propell. Det var då den kule pappen til noke av naboungane inviterte oss alle med på hotellet som han driv. Det var nemlig stengt og vi fekk lov å vera der heilt uten gjester, og eta kylling og pommes frittes og springa rundt! Stort!

Den tradisjonen held vi på fortsatt 
og er alt frå 10-20 personar samla kvart år.
20 år etter fyrste gongen.
Vi spring ikkje så mykje lenger, 
men vi eter mykje!
Utrulig koselig:)

Med dette så 
ynskjer eg deg ei fantatstisk julefeiring



torsdag 22. desember 2011

Heim til jul

No er jula skikkelig i gong!
No er eg nemlig komt heim:)

Eit flott hjerte av mose møtte meg ved inngangsdøra

Her er både kjøkken og sofa,
julepynt og fyr i ovnen. 
Ingenting er som å komma heim til jul:)



Siste utviklingen på kjøkkenet:) Det går unna! Hurra.



Kva passar vel bedre enn Maria Mena`s "Home for christmas"?

Ha ei fin bittevetlejulafta


tirsdag 20. desember 2011

Julebord og krans

Siden vår heim ikkje akkurat oser av julestemning om dagen, 
så må eg finne inspirasjon frå den kulørte pressa. 

Foto Sköna Hem
Eit vakker dekka julebord
Ikkje så typisk "julete"
Ideen kan gjenbrukast heile året


Foto Country Living

Kvite englevinger på kvar stol, 
spørs om ikkje gjestene hadde fått 
inntrykk av at dei var invitert på eit
vekkelsesmøte, haha:)

Kanskje ein krans på kvar stol hadde vore meir naturlig. 

Foto Country Living

Ein enkel grønn krans, 
laga av dørklinka
(heiter det det?:)


Foto Country Living

Eller denne versjonen
Ein krans av bilete. 

Det er så koselig å følge med på
alt det vakre som blir laga 
i bloggverden om dagen.

Gler meg til neste år eg!

Tilbake til arbeidet, ha ein fin tirsdag:)


søndag 18. desember 2011

Kos med kaos

No har eg fått sneke meg til eit lite minutt for å lage eit sårt etterlengta blogginnlegg. 
Det var enten kjøleskapet eller internett sa mannen min, 
så då seie det seg sjølv at eg kan ikkje bli lenge:)

PS. Dette er det "fine" hjørnet! Også kalt kjøkenet.

Vi har nemleg flytta inn i Fruehuset:)
Og er her det fullstendig kaos.
Vi har feks ikkje strøm i stova og på kjøkkenet, men vi har jo strengt tatt ikkje kjøkken heller.
Det blir ein del takeout om dagen, så om nokon har tips til god takeout mat så skrik gjerne ut. 

Flyttelasset står over alt og i går kveld fekk vi endelig ferdigstilt gardeoben vår. 
Så då kunne eg begynne å legge inn klær, men eg fant jo nesten ingen. Mistenkelig!
Kan vel ikkje ha gitt alt til Fretex?


Men eit rom har vi no fått nesten ferdig, iallefall slik at vi kan bu i det. 
Soverommet vårt fekk ein fontvegg i fargen Krydder.
Eg er kjempe fornøyd med resultatet. 
I går fant eg masse puter som eg heiv oppi (tilfeldigvis i samme fargeskala)
Og vi spiste takeout og såg film på PCskjermen i senga i går. 

Koselig kaos i nytt hus!

Håpar det ikkje blir lenge til neste innlegg.
Måndag begynner vi å sette opp kjøkkenet og det blir såå fint.
PS. Eg ombestemte meg i siste øyeblikk og der blei benkeplate i eik, 
tusen takk for alle synspunkta eg fekk:)

Gler meg masse til å lese kva dåke andre held på med etter kvart:)

Der var tida ute! 
Einaste fordelen med å pusse opp og flytte i julestria,
er at det er søndagsåpent over alt. 
Så vi må nok ein tur ut til IKEA i dag også ja. 

God siste søndag i advent til deg:)

tirsdag 13. desember 2011

Kjøkkenet vårt

Puh! Det går verkelig full fart fram mot flyttedato. 
Flyttedato til Fruehuset:)

Vi skal tilbringe helga med å flytte og vaske, 
no jobbar fabelaktige håndverkere med
å bli klar til å installere kjøkkenet!


Så - kanskje vi må bestille kjøkkenet snart?
Det er nesten klart for siste tur til IKEA (haha, neppe)
Slik ser det altså ut:) Eg er superfornøyd!

Spesielt med høgskapa til venstre
Den store kvite vasken med vindauga
Vitrineskapa til høgre

Men eg treng litt hjelp frå deg:


Vi står nemleg mellom disse to benkeplatene...
Kva for ei syns du vi skal velgja?
Den til venstre eller den til høgre?
Dei er begge laminat.. 
Eigentleg så ville eg ha eik, 
men fornuften seira!




I dag var siste dagen på Thaimat-kurset som eg har
gått på dei siste fire tirsdagane med goode venniner. 

Eg kjem nok til å dela litt oppskrifter framover
(når eg berre får meg eit kjøkken:)
Det er utrulig enkelt og kjapt å lage thaimat.
NAM så godt:) Og sunt!

Fin tirsdagskveld til deg:)


lørdag 10. desember 2011

Parkettglede

I dag har vi vore oppe i huset, og der var parketten vår komt:)
Er super fornøyd med å valget, og håper eg kjem til å syns det når golvet er lagt også. 
Vi valgte 1-stavs Ask hvitmattlakkert. 

Foto Gulvnett.no
Men herlighet kor masse det er å tenke på
Alt frå parkettunderlag til plassering av stikkontakter,
størrelse på lister og valg av farge i stova
GØY!


Her er herligheten, og med eit lite glimt av gangen vår med "badstu-tema":)


Ei rose som fortsatt har blader i ein hage fylt med snø:)

Håper du har ei kjempe fin helg så langt!
Hos oss blir det avslapping, taco og gullrekka (opptak fra i går:)


torsdag 8. desember 2011

Sköna julhem

Nok ein tur til Stockholm, passar fint med liten storm på Flesland:)
Alltid heldig:)

Men litt vakre inspirasjonsbilder får eg ta med på vegen til gamle landet.

Foto Sköna hem
Vakker trapp med eit nydelig pynta utebord. Tenk kor fint det hadde blitt med snø på:)

Foto Sköna hem
Landligt og fint pynta med naturelementer

Foto Sköna hem
Lyst å fint, og eit liiite julatre:) Syns å vera trenden i år.

Foto Sköna hem
Tilslutt ei flott spisebord kor eg gjerne kunne ete julemiddagen.
Eg har eigentlig bestemt meg for å ha eit kvitt vitrineskap,
men lurer på å kanskje prøve meg på eit brunt eller svart. Fint med kontraster:)

Snart er det helg igjen, god torsdagskveld!





tirsdag 6. desember 2011

Wintersong

I dag har Bergen blitt dekka med eit kvitt teppe. 
Eit kvitt teppe som sjelden varer lenge.
Derfor blir vi litt sjokkert her på Vestlandet
Vertfall dei som var ute å kjørte bil i dag


Eg knipsa nokre bilete med telefonen på vei heim i dag. 

Eg brukte nemlig 1 time til jobb kvar vei. 
Det er ca 5 km.

Heldigvis var det masse vakkert å ta bilde av på turen.
"Den blå timen"


No har vi revet opp parketten på kjøkenet, og då kom dette lekre laminatet til syne!
Hehe, lurer på kva anna vi kjem til å komma over mens vi pusse opp:)


Ein nyyydelig vakker song som passar til denne dagen. 
"Winter song" av Sarah Bareilles og Ingrid Michaelson

Ha ein fin vinterkveld:)


søndag 4. desember 2011

Ei lita sølvgran


Som eg har nevnt tidligare så var eg veldig bestemt på at juletre, det skulle eg ha. 
Sjølv om vi lever mellom esker og sparkel, malingsspann og brekkjern så må vi jo ha juletre!


I følge Fruehus-mannen så kunne eg gjerne kjøpe juletre, så lenge eg skaffa det sjølv
Til  min store overraskelse og glede så fant eg juletre på blomsterbutikken på bystasjonen (!)
haha, det hadde han nok ikkje trudd nei.


Så like etter kom eg på døra med eit juletre
Ei lita, vakker sølvgran bar eg med meg heim.

2. sundag i advent i dag!
Då må vi tenne lys:)

Tenn lys!
To lys skal skinne for kjærlighet og tro, 
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem. 
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.


Ha ein kjempe fin kveld!

PS. Veggfargen frå forrige innlegg heiter Krydder 
frå Lady Pure.

lørdag 3. desember 2011

Ynskjeliste hos Hviit 2

Ein liten tur innom for å ynskje deg ein fin laurdagskveld:)
I tillegg må eg sikre meg eit lodd i Hviit sin adventskalender med mi ynskjeliste.

Spesielt Tine K lampen står høgt på lista, den er såå fin:)

Her i Bergen bles det stikkar og strå!
Derfor er det fint å tenne levande lys og krype under pleddet. 
God helg vidare:)


fredag 2. desember 2011

Magiske desember

Eg blir glad bare av ordet. 
Desember. 
Høyr så fin klang! 
Det er sikkert utrulig klisjè å sei det, 
men eg forbinder så mykje glede og spenning med denne månaden.

Desember 2011 blir spesiell for oss. Det blir mi fyrste jul i blogglandia og fyrste jul i nytt hus!
Dette blir kanskje huska som jula kor vi var nygifte i nytt hus og med ei fru som var blitt hekta på blogging.

Det vil sei, vi skal ikkje feira jul der, men vi har nettopp overtatt. Gler meg enormt. 
Nesten alt i huset er originalt 60-talls inventar. Men med ein gang vi kjem opp der, så blir eg så glad. Heile huset utstråler sånn varme og sjel. Så det gjer ikkje meg noko at vi kjem til å bruke tid på å pusse opp. Og ikkje minst bli kjent med huset vårt:)


Dei fyrste malingstrøka er tatt!
Og mange fleire skal det bli:)


Ønsker deg ei stårlande helg:)

torsdag 1. desember 2011

Førjulskos hos Pink Lady

I går var det duka for eit nytt bloggtreff:)
Utrulig kjekt å plutselig bli kjent med kjekke jenter 
som eg truleg ikkje hadde møtt hadde det ikkje vore for bloggen. 

Riviera Maison inviterte til kundekveld på Exhibition 
og då inviterte Pink Lady nokre av oss på førjulskos fyrst.


Pink Lady og Fabelaktig hadde baka og styrt på. 
Kjempe koselig:)
Vi fekk både muffins, colakaker, vafler, appelsinkake og ikkje minst verdens beste julebrus. 
Dei kjekke jentene som var med var:


Hos Riviera Maison var det oss og 570 andre ivrige kundar:)
Men butikken er jammen fin altså!
Her er eit vakker dekka bord ++


Eg har alltid lurt på korleis ein skal uttale navnet på butikken
I ein periode sa eg "Riviera Mansion" (altså mænsjon)
Men det er visst "Riviera Maison" (maiså)
Så veit vi det:)

Her er stolen min, eller den som eg ynskjer meg iallefall!


Kule salt og pepper bøsser:)

Tusen takk for ein kjempe kjekk kveld jenter!
Gler meg til neste gong:)

God torsdag