torsdag 28. juni 2012

Blomstrar på trappa

Det er visst berre blomar eg viser bilder av om dagen. 
Men det er så kjekt og omgje seg med vakre blomar. 
Det er ein stor del av sommaren for meg. 


I dag er det blomane på trappa vår du ser. 
Sjølv om vi brukar lite tid og pengar på uteområdet i år, 
så er det kjekt å begynne å sette sitt eige preg på hagen. 


Blomar i krukker og anna spennande er jo veldig enkelt å stelle. 
Og ikkje minst så blomstrar dei heile sommaren. 


Dei lilla blomane er salvie, syns dei passa veldig bra til dei blå som eg ikkje husker navnet på:)


Eg trudde eg hadde kjøpt ein kvit hortensia, men plutseleg blei den rosa. 
I grunn ein ganske fin rosafarge, eg gler meg til den kjem heilt ut. 

Håpar du har solskinnsdagar der du er:)

lørdag 23. juni 2012

Male hus i sommar?

Vi skal heldigvis ikkje male huset vårt i sommar - håper det er lenge til:)
Men då eg fekk informasjon om Jordan sitt 175 års jubileum, 
og den tilhøyrande konkurransen - kunne ikkje la vere å melde på besto mi sitt hus. 


Jordan har nemleg ein konkurranse på sine nettsider med disse fantastiske premiane:
1. premie:
Utvendig vask av hus og et strøk maling til enebolig
2.- 100. premie:
Måleverktøy til en verdi av kr 1000,- 


Huset til besto ligger utrulig vakkert til i Rosendal, med ei uslåelig utsikt. 
Det er frå 1974, og ganske klassisk i forhold til byggeskikk i dei dagar. 


Eg har eit veldig nært forhold til besto mi, og er kjempe takknemlig for det!
Her oppe har både bror min og eg vore masse gjennom heile barndommen - og no i seinare år. 
Det er alltid kjekt og komma på besøk til besto, som må vera verdas snillaste, 
eg er alltid innom når eg er heime i Rosendal:)


Huset treng som du ser eit strøk maling og to - derfor prøvar eg lukka i Jordan sin konkurranse. 


Som ny huseigar så trur eg nok vi berre som smått har begynt å ane kostandene som høyrer med. 
Så tenk å vinne vask og eit strøk maling av huset - berre ved å laste opp bilder av huset og krysse fingrane. 
Har du lyst å melde på eit hus eller stemme på dei som har meldt seg på, klikker du her.


Ei rolig sankthans på oss i kveld 
- vi har vore flinke å jobba i huset (leeeenge sidan sist). 

Resten av kvelden blir på sofaen med fajitas
 og sikkert ein EM kamp...:)


 Dette innlegget er laga i samarbeid med Jordan.




tirsdag 19. juni 2012

Symmetri

I anledning ingenting, fant eg ut at vi måtte fjerne kjøkkenbordet foran slagbenken i dag. 
Det var vel egentlig berre for å ta nokre nye bilder av den, så eg kunne vise til dåke. 


I dag handla eg nemlig to Dronning Ingrid perlagonia, som har fått plass i vindauga. 
Eg tenkte det ville passa fint med dei tre store putene eg fann på IKEA. 
Det blei brått veldig symmetrisk, utan at det var hensikta - men eg likte det:)


Litt kjedelig med kvite puter tenker kanskje du?
Ja, eg er litt enig. Eg har nemlig ambisjonar om å sy putetrekk i løpet av sommaren. 
Det må bli noko som er blomstrete og med fine fargar - kanskje Panduro er staden å gå for fint stoff?
Utfordringen er at symaskina eg er så heldig å ha fått arva, er frå 19pilogbue. 
Og eg er med andre ord litt usikker på korleis eg skal ta den i bruk. 
Men det hjelper vel ikkje å sitte her å skrive om det...:)

Symaskina er forøvrig utrulig kul - den skal nok visast fram her, men kanskje eg bør ha noko ferdig produkt då?


Sjølve Dronning Ingrid planten var også veldig fin. 
Men etter å ha levd uten gardiner i lang tid, tok dei plutselig litt for stor plass i vindauga. 
Eg kunne tenkt meg at dei ruva minde og var lavare - er det nokon av dåke som har tips om beskjæring?

I dag har vore ein flott dag, eg har vore og gått tur på Smøråsfjellet for fyrste gong med ei sprek venninne:) 
Det må gjentakast - kjempe kjekk tur. 

God kveld!

søndag 17. juni 2012

Regnvêrsdag

Endelig kom regnet tilbake til Bergen!
Merkelig å bruke ordet endelig, men eg kan ikkje sei det var uønska. 
Kanskje det har noko med Vestlendingen i meg og gjera? 
Eg syns uansett at det var godt med ein regnvêrsdag i dag. 


Men kva gjer ein på ein regnvêrsdag då?
Vel, då er det kanskje naturlig og vera inne og montera IKEA møbler. 
(som ligger MIDT i gangen, og vi må forbi eskene kvar gong vi skal på badet eller andre stader)
Eg endte opp med å dra til byn, og ete ein laaang sushilunsj med ei god venninne. 
Så møblane frå IKEA får vente til eg blir så lei av å snuble i dei, at eg ikkje held ut lenger. 


Noko fornuftig har eg jo også fått gjort. 
Som feks å ta disse bildene av nydelige blomar henta frå hagen. 
Eg har lenge hatt lyst til å ha eigen hage, der eg kan vera sjølvforsynt med snitta blomar. 
No har eg det! Hurra - veldig kjekt (sjølv om eg blei kliss våt når eg skulle klyppe greinene)


I tillegg har eg vore flink og vaska golv, så det duftar deilig av lavendel i stova. 
Altså er eg fornøyd med dagens innsats, og tek resten av kvelden på sofaen:)


God søndagskveld til deg:)


fredag 15. juni 2012

På kjøkkenbenken

God fredag til deg!
Så deilig med helg!
I Bergen har vi siste solskinnsdagen på ei god stund, det nytes. 


Litt bilder frå kjøkkenbenken min i dag. 
Eg plukka nemleg med meg disse fine fjølene på H&C forrige gong. 
Likar fargen og formen veldig godt - spørs om dei berre skal få stå til pynt:)
Eller eventuelt berre brukast til indrefilet i helgene (men vi et jo egentlig kun taco). 


Som selskap har fjølene den flotte KA blenderen som vi fekk til bryllaupet frå fabelaktige kollegaer. 
Likar den super godt, har ikkje fått brukt den så masse enda - men den har bla trylla fram heimalaga pesto. 


Dei to små skålene rommar maldonsalt og pepper. 
Eit lite dekorativt triks eg plukka med meg frå Jamie Oliver. 


No er det straks på veg til byen for å ete blåskjell på restaurant, og feire ei strålande venninne. 

GOD HELG:)

torsdag 14. juni 2012

Søt kveldsmat

Det er jo sommar, så då er vel muffins til kveldsmat greit?
Det var min konklusjon når eg var på butikken i dag:)


Store, gode muffins med tradisjonell melisglasur på. 
Det er jo mykje flottare med smørekrem, men det blir ofte litt for søtt. 
Då klarer ein jo ikkje å ete så mykje! Det er jo dumt:)


I tillegg er det jo friske bringebær på.
Bringebær er mitt favorittbær, både søtt og syrlig. 


Takk Toro, som gjorde kveldsmaten min så enkel og gooood. 


Ønsker deg ein fin fin torsdagskveld. 


onsdag 13. juni 2012

Sidan sist

Hei hei:) Jammen blei det 14 dagar sidan sist. 
Vi har nemlig vore på ferie på Mallorca. 
Det var ikkje ein vanlig ferie heller, vi reiste ned med 
mange gode venner og kjekke folk for å vera med i bryllaup. 


Og for eit vakkert bryllaup!
Utrulig kjekt å feire i varmen, i nydelige omgivelser i Cala D`or.
Sitte ute på ein nydelig restaurant til langt på kveld og ikkje fryse. 
Det var ei nyyydelig brur og ein flott brudgom - som blei godt gift. 
Kjekt å vera i lag over lang tid med heile brudefylgjet. 


Eg blei dessverre ramma av eit festlig magevirus, og det har tatt litt tid å komme seg igjen. 
Men no er eg bra! Til og med så bra at mamma og eg var på IKEA i heile går ettermiddag.
Og det krever god form og ikkje minst gode sko. 
No har vi nok ein gong mange flatpakka pappesker i gongen vår. 
Det er litt av ein jobb vi har foran oss, men no er vi eit skritt nærmare ordning og reda i huset. 
Vi har fortsatt mange uåpna flytteesker og kler som ligg over alt - ting tar tid. 
Også er det veldig lett å "gløyme" når ein kan lukke att døra til roterommet (-ene):)


Heilt fram til i går har vi ikkje hatt hagemøbler, men vi blei enige om at ein kompromiss var to solsenger. Så dei som skal komma på besøk til oss må sitte lettere henslengt i ei solseng, og nyte grillmaten. Men det ser ut til at det blir ei stund til, for no er det meldt dårlig vêr på Vestlandet framover. 


Eg håpar du har ein kjempe fin sommar sålangt - vi er jo nettopp begynt!
I hagen vår hadde den store rhododendronen vår komt i full blomst til vi kom heim:)