søndag 30. september 2012

Messemoro

Vel blåst Interiør -og boligmessa i Bergen!
I går var ein super dag med masse messemoro:)


Vi byrja dagen med bloggfrukost i regi av Fru Fly
Her møttes masse interiørgale bloggere, fulle av forventningar.

Colonialen (min favoritt) serverte nyydelig frukost, 
og Godt Brød serverte ein fantastisk brownie med kvite sjokoladebitar inni - heaven!


I tillegg til det var det danseshow, diskusjonar, give aways og ein fantastisk goodiebag. 
I goodiebagen var desse flotte tinga, blant anna

telysestake frå Wik og Walsøe
ein liten espressokopp frå Lille Rips
Skåler frå Kremmerhuset
Myntsamler frå Georg Jensen
Knekkebrød frå Godt Brød
Olivenprodukter frå Olivers
Elle Decoration

Messa i seg sjølv stod verkelig til forventingane mine. 
Den var variert og veldig lekker. 
Eg har samla eit knippe bilder av mine favorittar, her frå IKEA sin stand. 


Butikken Lille Rips, hadde også ein utrulig fin stand - likte så godt dei grønne elementene hos dei.


Masse vakre Happy Lights hos Kanel. 


Fiiiiine, flotte draumesenga! Denne vakre Killi senga håpar eg skal bli vår ein gong, frå Mitt Rom. 

Nokre detaljar frå Sigdal sin stand, ein av mine absolutte favorittar - nydelig stand.


Rosendal Turisthotell hadde også ein flott stand. 
Dei klarte å gjenskapa den gode stemningen ein får når ein er gjest der.


Hos Riviera Maison var jula komt! Hurra - masse fine ting. 
Eg kjøpte blant anna med meg ei sånn stjerne som ein kan ha lys og pynt i, som på fyrste bildet.
Nokre andre godbitar blei òg med meg heim, men dei må nesten komma i eige innlegg.

Messa er altså over for denne gong - gler meg til neste år:)

Tusen takk for alle dei kjekke og koselige kommentarane eg fekk på forrige innlegg. 
Det er jo alltid litt spennande å fortelja slikt i offentligheten, men det er det jo for alle. 

Ønsker deg ein fin søndagskveld, 
eg skal kose med meg min favorittserie Downton Abbey:)

fredag 28. september 2012

Det største i verda

Kva er det største i verda for deg?
For meg, for oss, er det det vi er så heldige å oppleve i disse dagar.
Vi ventar vårt fyrste barn :)

 
Det var ein heilt utrulig følelse når den blå streken på graviditetstesten dukka opp.
Det er jo på ingen måte ein sjølvfølgje, eg er så utrulig takknemlig!

Barnet vårt melder sin ankomst på årets mest sprudlande dag, nemlig nyttårsafta!
Det er jo litt morsomt å ha termin 31.desember. 
Dei fleste meinar at eg må prøve og halde igjen.
Men eg tenker han kjem når det passar han.
Ja, det er ein gut!
Stor stas :D


Dei siste månadane har vore har vore svært spennande og innhaldsrike.
Eg har stort sett vore i fin fin form, men det har gått litt utover blogginga. 

I morgon skal eg kose meg på bolig – og interiørmessa, 
og fann ut at det blei litt vanskelig å skjule den store magen.

Har tenkt litt fram og tilbake om eg skulle sei noko her på bloggen.
Men kom fram til at det syns det var merkelig og ikkje skrive om det som opptar meg stort sett heile tida.
No skal ikkje dette bli ein mammablogg, men han kjem nok til å sette sitt preg på interiøret også.
Dessutan så må vi jo innreie babyrom – hurra!


Livet er med andre ord veldig godt om dagen, då gjeld det å nyte tida.
Eg har ingen illusjonar om at det kjem til å bli berre enkelt
– men eg trur vi har mykje å sjå fram til!

Bileta eg visar i dag er ei nydelig rangle frå ei glad tante, 
og herlige heimastrikka sokkar frå ei lykkelig farmor.

Så var vi her då – vi ventar vårt fyrste barn og står på terskelen til eit nytt liv!
Eg gler meg stort :))

Ønsker deg ei strålande helg – kanskje vi sjåast i morgon?

Helsing Marianne


lørdag 22. september 2012

Haust i hagen

Herlig med helg altså! Iallefall når det er så strålande vêr. 
I hagen er imidlertid hausten begynt å gjera seg gjeldande. 
Men det gjer ingenting syns eg. 


Hausten har så mange vakre fargar!
Og med solskinet så kjem dei fram så gyllent og fint. 
Her er litt frå den veldig utrimma hekken vår:)
Vi har visst litt og lære på hagefronten. 


Eg har også benytta (kanskje årets siste) muligheten til å henge ut sengeklær. 
Det er jo ingenting som slår følelsen av nye sengeklær som har hengt ute. 


Noko godt har vi heldigvis i vente i hagen vår. 
Snart blømer "Dynastiet" blomane våre - nokre av dei skal nok få komma inn i varmen. 


Litt restar av sommar er det også:)

Ønsker deg ei strålande solskinnshelg:)


tirsdag 18. september 2012

Fint fat

... og ein fin ettermiddag. 


Dette nydelige fatet var nok ei flott gåve vi fekk til bryllaupet. 
Eg har gleda meg lenge til hausten, så eg kunne bruke dette til norske epler. 
(Ja, det er sikkert veldig sært - men eg er interiørnerd:))


Elskar forma på den - nett, fin og mjuk. 
Og ikkje minst den diskré grønnfargen - vakkert!


Ein fin ettermiddag med eit fint fat, epler og siste utgåve av Vakre Hjem og interiør. 

Håpar du har ein super tirsdag:)

søndag 16. september 2012

Haustbord

Då var søndagen her plutselig - håpar du har hatt ei kjekk helg. 
Eg har hatt ei strålande byhelg med rolig fredag, lunsj i byn og middag hos oss i går kveld. 
Her kjem nokre bilete frå borddekkinga i går. 


Eg plasserte rett og slett 3 små lyngplanter på bordet og strødde rundt med eple. 
Dei norske epla er veldig dekorative i seg sjølv - i tillegg til og vera knallgode!


Service er vårt bryllaupsservice, Grey Pearl frå Willeroy og Boch. 
Små ekorn serviettar frå Kremmerhuset, som forøvrig ikkje hadde noko med det som kom på tallerken og gjera:)


Hausten har mange fine fargar meg seg, foreløpig er det ikkje så mange gylne fargar rundt omkring. 
Men for eksempel lyng og pyntekål har nydelige fargar som er veldig haust for meg.


Eg skulle vel eigentlig ha servert fårikål, 
men siden eg klarte å knuse (!) induksjonstoppen vår så var ikkje det eit alternativ. 
Om du lure - ja, det er muleg å knuse ein induksjonstopp med eit piffikrydderglas og to
- nei, du får det ikkje på reklamasjon eller andre garantiar...


No får eg hive meg rundt og gå laus på "to do-lista" som vi har klistra opp på veggen her i hus. 


Ønsker deg ein flott søndag!