Viser innlegg med etiketten hallen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hallen. Vis alle innlegg

søndag 1. desember 2013

Julekalender

Hurra - det er desember og juletid:)

Eg elskar jula!

Alle tradisjonane, familiebesøka, den fantastisk maten, dei herlige duftene og generell barnslig glede. 
I helga har vi hatt venninnejulebord, og eg har faktisk pynta ein del til jul. 
Vår tradisjon her i huset, er at når advent kjem - då er (nærmast) alt lov. 
Det kjem bileter av eit enkelt, dekka bord etterkvart. 



Julekalender har eg sjølv vore så heldig å veksa opp med. 
Difor måtte eg sjølvsagt stelle i stand ein gåvekalender til vetleguten. 
Men etter litt diskusjonar med meg sjølv, så kom eg fram til at det hadde jo vore gråååådig koselig 
å hatt ein tredelt kalender. Velteguten, mor og far - kvar sin dag:)
Så derfor har eg sendt far på gåvehandel, og eg gler meg som ein unge til det er min dag. 



Gåvene har eg hengt opp i ein tråd på gelenderet i trappa. 
Så kleisa eg på ein heil haug med deilig, duftande granbar. 
Den forsvann jo nesten då gåvene kom opp, men dei måtte jo neste vera med:)
Posane har eg funne på Kremmerhuset, og oppi er det mykje snadder. 



Det luktar så godt når ein går opp trappa - julestemning altså!
Eg er berre litt spent på korleis det ser ut når vi er halvvegs til jul. 
Granbar er vel kjend for å drysse litt så vidt eg veit?
Vel, den tid den sorg. 



På krakken nedanfor står ein ivrig raud amaryllis. 
Den skal få sin plass i rampelyset etterkvart som det går tomt for gåveposar på gelenderet. 



Håpar du har hatt ei herlig adventshelg!

søndag 14. juli 2013

Sitteplass

Endelig har eg blitt enig med meg sjølv korleis eg vil ha det i hallen vår:)
Trappa vart jo veldig fin, så det som skulle vera rundt måtte jo vera verdig!
Oppussinga av trappa og gangen forøvrig, kan du lese om her. 



Ein benk måtte vi jo ha, denne fann eg på Bohus. 
Lys og akkurat passe liten:)
Med oppbevaring under. 
Likar!



Vi har tydeligvis behov for ekstra sitteplass, for i tillegg til benken vart det ein liten krakk. 
Den er vel strengt tatt ikkje til og sitja på, men dog. 



På den fiiine krakken har eg for tida parkert ein liten kvist av duftjasmin frå hagen. 
Og ein liten korg-sak frå Tine K, som eg likar men ikkje heilt skjønner kva skal brukast til:)



Den alltid likandes kjøpmannsdisken står der den alltid har stått. 
Eg syns det harmonerte ganske bra det heile:)



I dag har vi faktisk skrudd på varmepumpa her i huset. 
Kjedelig altså, det er jo JULI:) 
Men som vestlending så har ein jo alltid håpet om at sola kjem og regndagane blir gløymd:)



Ha ei flott (ferie)veke:)

onsdag 13. mars 2013

Ny trapp


Ja, for det er nærmast som ei splitter ny trapp!
Den er imidlertid ikkje ny, men bokstavlig talt pussa opp. 
Mannen min har gjort ein framifrå jobb med å pusse, sparkle, pusse og ikkje minst male trappa. 


Endelig har eg kvit trapp:)


Sjå berre på forskjellen frå korleis det var før!
Eg er djupt imponert og veldig glad for å endelig fjerne det mosegrønne teppet. 


Undervegs!


Kvit trapp er jo usedvanlig praktisk.. 
Ideelt sett så burde ein nok støvsuge den kvar dag. 
Støv og skit er særdeles godt synleg. 


Men etter tips frå den kloke mammo mi, så drar eg med meg Jif støvkost ned ein gong til dagen 
(eller det vil sei, eg kunne gjort det for det er veldig praktisk så slepp ein å dra fram støvsugeren)
Dette har og fått meg til å tenke på kor mykje rart som sikkert var i det teppe frå 1962. 
Gufs, godt og vera kvitt det.


Uansett så blei det ein utrulig flott forandring, no gjeld det berre og finna passande stasj rundt trappa.
Litt er allereie på plass men visar ikkje her, desse bildene er nemlig tatt i jula. 
Kameraet mitt er fortida på verkstad, men eg håpar å få det tilbake snarleg:(

No er hallen snart slik som eg drømte om når vi kjøpte huset - hurra:)

Ønsker deg ein strålande onsdag.

lørdag 25. august 2012

Ny klokke

 Hipp hurra, det er helg!
Det er lørdag formiddag, og fortsatt er det masse helg igjen. 
No har eg nettopp nytt ein sein og lang frukost med avis attåt:)


Eg måtte berre innom for å vise dåke denne gøye klokka!
Den fekk eg til halv pris på Den Grønne Baljen her ein dag. 
Butikken skal dessverre leggast ned, utrulig synd, veldig fin butikk.
Skulle bare nett innom ein tur, og kom ut av butikken med langt meir enn eg hadde tenkt. 


Blant anna blei denne klokka med meg. 
Eg har sett på den før, og syns den var så fin!
Kjempe kul form, overdimensjonert og nydelig blåfarge. 

No har eg til og med kontroll på tida om morgonen. 
Kjøpmannsdisken står i gangen, som eg raser forbi kvar morgon. 


I utdrikkingslaget forrige helg, fekk eg den vakre lavendelplanta av nokre av jentene:)
Den passa jo perfekt i lag med klokka. 


Håpar du nyter helga, eg skal straks ein tur til byen og blant anna innom Fretex og Søstrene Grene:)

GOD HELG!

onsdag 9. mai 2012

Kjøpmannsdisken

Her kjem endelig bilder av den nye kjøpmannsdisken i hallen:)
Eg er strålande fornøyd, og den rommar mykje meir enn forventa. 


Her bur det alt frå vesker, skjerf og utkledningskler. 


Veldig fornøyd med fargen også - den passa kjempe fint til rommet. 


Foreløpig er sitat-bildet flytta ut frå hobbyrommet, og fått selskap av ei lykt, eit lite brett i tre, årets fyrste pelargonia og eit gammal grønn ... hmm huskar ikkje kva det er! Men fin var den. 
Dette er nok maks antall ting som får stå på disken. 
Viktig at kvar ting får skinna, og derfor vil eg ha få ting framme. 
Så kan ein heller gjera hyppige utskiftingar. 


Eg planlegger ein bildevegg på veggen bak, men eg må tenke meg nøye om før eg lagar hol i den nymalte veggen:)

Ønsker deg ein kjempe fin onsdagskveld!

fredag 27. april 2012

Skrikande dører

Ein av romma eg falt fullstendig for med huset vårt, var hallen. 
Eg kallar det ein hall eg, sjølv om den sikkert ikkje kvalifiseras til det. 
Dette rommet er det andre som møter oss i huset etter vetlegongen. 


Her ser du litt av korleis det ser ut no:) 

Bilde fra prospektet med VIDVINKEL:)

Som i stova, var hallen dekka med mørkebrunt panel på veggane. 
Golvet var ein del riper i og ganske gult. 
I tillegg var det ein litt uforklarleg grøn løpar som låg midt på golvet. 



Vi har malt, malt, malt og malt:) Ein lys grå farge, og det blei jammen ein stor forandring. 
Nytt golv har vi også lagt - samme som oppe i stova og på kjøkkenet. 
Likar kjempe godt det lyse og lette følelsen. 
Nye lister er komt opp og dei har vi også MALT!
Jadda, vi valgte dei einaste listene på butikken som ikkje var ferdigmalt:)

Neste prosjekt no er å finne ein ny, gøy lampe og ikkje minst fjerne teppet i trappa. 


Dei brune veggane og det gule golvet er vekke, men dørene står fortsatt igjen. 
Eg føler dei står og skriker til meg "bytt meg, bytt meg"
Dei blei plutselig så veldig synlege:)


Vi har bestemt at vi skal bytta alle dørene i denne typen. 
Det kjem til å ta lengre tid enn om vi skulle malt dei, men eg trur det er verd det:)

Denne veka kom også den høgt etterlengta kjøpmannsdisken frå Living i hus. 
Den skal stå her i gangen, kan du gjette kor?
Plutselig kjem det bilder av den også, den må berre pyntast litt fyrst. 

Her har helgefreden senka seg - alltid like god følelse med helg. 

Ønsker deg ei kjempe god helg!