søndag 29. juli 2012

Arvegods frå 60-talet

Sommar, ferietid og latskap = lav bloggaktivitet:)
Det er berre å beklage den særs uregelmessige blogginga. 
Ikkje har eg gode unnskyldningar heller, det skjer berre ikkje så masse:)


Men tusen takk for alle dei koselige kommentarane eg får, nye følgere er komt til også - VELKOMMEN!


I dag har vi fått storfint besøk av mamma, og i den anledning brukte vi dette servicet for fyrste gong. 
Det nydelige service fekk vi til bryllaupet av besto mi. 


Ho fekk det i si tid av besten, som hadde kjøpt det då han som sjømann var i Japan på 60-talet. 
Du kan tru eg blei glad når dette låg på gåvebordet vårt:)
Det er eit fullstendig både middag og kaffi service. 
Og i særs god stand. 

Utrulig stas og ha eit service som har ein historie i familien. 
I dag kunne for eksempel mamma fortelje at dei brukte dette når dei fekk besøk når ho var liten. 

Det blei eit skikkelig sommarbord, og eg serverte hot kyllingsuppe og kvitløksbrød, nam!
No kosar vi oss med moreller frå Hardanger:)


Håpar det ikkje blir lenge til neste gong, men ein veit aldri:)

NYT sommaren vidare!


lørdag 14. juli 2012

Romantisk dessert

God morgon! (eller formiddag). 
Foreløpig ein strålande lørdag her i byn. 

Sove lenge, men ikkje for lenge
Vaska sengeklær og hengt ut (håper det ikkje begynner å regne)
Spist ein lang frukost og lest aviser
Lagt ein romantisk dessert til mannen min. 


Desserten etter frukost i dag var enkelt og greit moreller
No høyres det sikkert ut som vi alltid har dessert til frukost, 
det har vi altså ikkje - dette må være fyrste gong!
Dette fine fatet fekk eg av snille mammo mi på festivalen forrige helg. 
Liker det kjempe godt, og det var enkelt og forme eit hjarte og gje til mannen min i dag. 


Resten av lørdagen blir arbeidssom, trur eg! Med mindre det skinn opp då. 
IT-sjefen skal jobbe med muren, og eg skal ein tur på Lagunen. 
Fin arbeidsfordeling spør du meg:)


Eg skal altså i eit oppussingsærend, vi skal nemlig male golvet på hobbyrommet. 
Litt farlig og sei det her på bloggen, kanskje dåke forventer resultater i løpet av helga??
Eg håpar å vise det om ikkje så alt for lenge, men fyrst må eg rydde ut alle eskene som står der. 

Nokon som har tips om maling av golv så tar eg gjerne imot:)

Tusen takk for alle dei kjekke kommentarane og tipsa eg får hos dåke! 
Det er utrulig gøy og motiverande - eg gler meg til ein solid og etterlengta bloggrunde i kveld.

Håpar du får ein flott sommardag - vi er jo midt i juli!


tirsdag 10. juli 2012

Dylan syng..

i vetlegongen vår!
Dette fantastiske bilete laga av Oddvar Torsheim, 
ein karakteristisk kunstnar frå Førde, 
er det fyrste blikkfanget ein får når ein kjem på besøk til oss. 


Bildet fekk vi av svigerfamilien til bryllaupet, endelig har det fått ein hedersplass. 
Det er faktisk det fyrste bilete som kjem opp her i huset etter innflytting. 
(må liksom gå 13 og ein halv runde med meg sjølv før eg tørr henge opp noko på dei nymåla veggane). 


Vi malte vetlegongen i påsken i år, men fyrst no har den fått litt innhold. 
Her kan du sjå korleis den såg ut før, hint; badstu!
Ja - ting tar verkelig tid, det var heldigvis ikkje så mykje som skulle til i den vetle gongen. 
Vi valgte å gå for eit Hemnes skoskap frå IKEA. Gangen er ganske smal, så det var mest praktisk. 


I dag fant eg denne fine vesle stegen på Living, som passa fint til å henge opp feks skjerf. 
Akkurat no er det lyslenka frå Åhlens som heng der, det blir veldig koselig lys av det:)


På andre sida har vi ein enkel knagg med plass til masse. 
Ja, for det er ikkje slik det ser ut til vanlig altså!
Det er ikkje kvar dag det passar seg å ta skjerfet og strandveska med seg å spasere ut døra. 
Men det er jo litt meir delikat og "bloggvennlig" enn dei 16 jakkene som heng sånn ellers.  


Eit lite lilla teppe på golvet gjer rommet litt lunare, tekstiler kan gjere underverker med eit rom!

No må eg raska på så eg får med meg Greys - gler meg til sommarfeire og eg kan sitte lenge opp og sjå dei andre jenteseriene som kjem etterpå. 

God kveld:)

søndag 8. juli 2012

Giftig skjønnhet

No har vi nettopp lagt bak oss nok ei strålande sommarhelg. 
Eg har vore heima på langhelg, og blant anna besøkt Rosendal Mat & Kunstfestival. 
Det er så kjekt når det skje noko heima i bygda, ikkje minst når det er så stor suksess!
Arrangørane hadde gjort ein framifrå jobb, og overraska fleire gonger med spennande utstillingar, masse spennande mat og generelt god stemning. 


I tillegg fekk eg jo eta så mykje eg klarte av mitt favoritt bakverk, lappar!
I nokre delar av landet kallar dei det for sveler trur eg. nam!


Blant utstillarane var Sarah Reed. Vi fekk jo ein nydelig vase ho hadde laga til bryllaupet vårt. 
Dermed fekk eg inspirasjon til og raske med meg nokre lange, vakre, lilla revebjeller å ha i vasen. 
Dei er jo så vakre - men visstnok ganske giftige. Håpar eg ikkje vaknar utan fingrar eller noko i morgon. 


Eg falt også for denne fantastiske vasen på ei av utstillingane!
Men den var nok litt utanfor mitt prisnivå:(


Fantastisk kreative Signe som skriv bloggen Re:Signert, hadde ei eigen stand. 
Her inviterte ho ungar til å resignere sine eigne glas, veldig populært. 
Ho hadde også utstilt nokre av putene ho hadde laga av gardiner, 
frå det gamle huset ho har kjøpt seg i Rosendal. Utrulig kult! 


Og ikkje minst hadde ho laga små hjerter med koselige tekster på gamle tapetrester. 
Besøk gjerne bloggen hennar her

Eg møtte også nokre uventa blogglesere i helga, gøy å veta meir om kven som kikkar innom.
Hei Ingebjørg og Trine, så kjekt at dåke les bloggen min:))


Ønsker deg ein fin vekestart:)

 


mandag 2. juli 2012

Teglsteinsvegg

Håpar du har hatt ei fin helg, og ikkje minst ein kjekk vekestart!
Vi har vore på koselig og avslappande besøk hos svigers i helga. 

PS. eg kunne ikkje risikere konsekvensen av å fjerne pappen frå golvet, då tar det nemlig laaaang tid før den kjem fram igjen.
Forrige helg gjenopptok vi (det vil sei IT-sjefen) arbeidet med teglsteinsveggen på kjøkkenet. 
Det har ligge brakk i nokre månadar i mangel på motivasjon, men med gode unnskyldningar:)
Vi valgte altså å legge teglstein på brannmuren som går mellom stova og kjøkkenet. 
Dette for ikkje å ha ein heilt kvit etasje, men ein litt kul og karakteristisk kontrast. 


Teglsteinen er faktisk lagt som fliser, det er tynn "jukse"-teglstein. 
Sjølve steinen er vi vel nesten ferdig med, men no er det arbeidet med murpussen som tar tid. 
Vi bruker kvit mørtel som vi legg mellom steinen, ganske tidkrevande:)


Forrige helg var IT-sjefen supergodt i gang, men så gjekk vi tom for mørtel - etter stengetid på byggebutikken..
Men eg tenkte uansett å vise ein liten smakebit til dåke. 
Her i dette vesle hjørnet har eg veldig lyst på ei tralle av ein eller anna sort, har sett meg ut ei på IKEA. Men dei er jo utsolgt til stadighet:)


Eit dilemma er om vi (som vi opprinnelig tenkte) skal legge litt ekstra mørtel på veggen. 
Altså slik at ikkje teglsteinsmønsteret blir så tydelig og raudfargen er litt dempa. 
Vi har forsøkt det såvidt her, som du ser på bildet.. 
Blir nok vanskelig å bestemme seg før det er ferdig - men kva trur du?

Ha ein strålande mandagskveld!

Her i huset skal eg pleie ein sjuk IT-sjef med Cola og ostepop, 
så blir det Dallas seinare i kveld - blir morsomt å sjå det igjen:)