mandag 24. desember 2012

Jul hos oss

Eg måtte berre innom for å dele nokre bilder frå jula i Fruehuset.
Vi har endelig fått heile familien i hus frå Rosendal, og no luktar det nydelig pinnakjøtt i heile huset. 
I dag har vi sett på Askepott, ete graut og lagt pakkar under treet. 
Det blir ei spesiell jul hos oss, alle feier jul hos oss for fyrste gong og vi ventar jo veldig spent på korti vetleguten melder sin ankomst. 
Utrulig spennande:))

Ønsker dåke alle sammen ei strålande fredelig julefeiring. 
Helsing Marianne

torsdag 20. desember 2012

Gåveinnpakning

ååå! no nærmar det seg stadig julekvelden. 
Gler meg veldig til jula, og ein av dei tinga som er kjekkast er jo sjølvsagt: PAKKAR!


Eg er nok sikkert veldig barnslig når det gjeld pakkar og jul generelt. 
Det er så stas og gje fine gåver, ikkje minst og pakka dei inn. 
 

I år har eg gått for ein raud tråd, bokstavlig talt i fleire tilfeller:)
Syns det er kjekt og pakka inn gåvene sjølv - spesielt for då kan ein ha dei som ein del av julepynten. 


Eg laga "til-frå-lappar" på raud papp med enkle stempel. Raskt og dekorativt!


Ønsker deg ein fin førjulsdag!

mandag 17. desember 2012

Julestemning

Julestemninga har heilt klart inntatt kjøkkenet vårt. 
Eg likar tradisjonelle fargar til jul, ser ikkje ut til at det er det mest trendy i år - men det betyr jo ingenting:)
Det viktigaste er jo at ein får julestemning uavhengig av om jula di er raud, kvit, brun eller grøn - eller alt på ein gong slik som hos meg. 


Eg har uten tvil dilla på striper i år!
Det er så masse fint, både i dukar, serviettar, puter og gardiner.
Utfordringa er vel berre og ikkje la stripene ta overhand i alle mulige valører. 


På kjøkkenet har eg hengt opp to fiine kransar som eg kjøpte på Jul i Rosendal. 
Siden vindauga er så stort så tenkte eg at det kunne bli fint med to attmed kvarandre. 
Eg er fornøyd med resultatet, men som ikkje syns på bildet er at kransane snurrer rundt og ikkje står akkurat sånn som eg vil. Så det blei interessant når eg skulle ta bilder:) Bort og skubbe litt på dei, så springe tilbake og knipse! Om nokon har tips om stilleståande kransar, så skrik gjerne ut. 


I dag er andre mandagen min i permisjon - og fyrste dagen eg ikkje har planar. 
Hektisk med permisjon altså:) Jaja, eg trur eg får prøve å bake litt (dvs. kjevle ut litt IKEA pepperkakedeig). 


I kveld blir det ribbemiddag med gode vener, det er så kjekt å starta nye tradisjonar! Gler meg. 

Ha ein strålande mandag!



mandag 10. desember 2012

Dagslys!


Det er dagslys i stova!
Ein veldig fin start på fyrste permisjonsdagen min. 
Det er solskinn i Bergen, og nydelig lys ute. 


Eg måtte berre ta nokre bilder i stova. 
Ikkje så mykje nytt utanom det HEILT openbare - nemlig Kili senga. 
Ja, vi valgte å kjøpe den til slutt. 
Eit av mine argument er blant anna at den kan avskrivast over 8 år. Minst! 
Det er jo kun om eit barn skal bruke den:) 


Senga skal ikkje stå her altså. 
Den ventar på at babyrommet skal bli klart, 
og ikkje minst at vi får besøk som kan hjelpe til med og bære den ned trappa. 


Nokre enkle julegardiner i rødt og kvitt slepp inn godt med dagslys. 
Eit lite glimt av den gamle sofaen vår ser du og, 
den har funne vegen frå kjellaren mens vi prøve og finne ut kva vi vil:)
Julestjerna må jo alltid vera på - uansett vêr. 

Ha ein strålande vekestart!

søndag 9. desember 2012

Juleseng

Allereie 2. søndag i advent - stas og tenne det andre lyset i kveld. 
I tillegg har eg gjort meg ferdig med alle julegåvene i dag, hurra!
Det kan jo vera greit og ikkje ha mange ærend på kjøpesenteret dersom eg plutselig er blitt mamma:)


9.desember i dag, og eg syns det var på høg tid med litt julepynt på soverommet. 
Heilt sidan eg kjøpte sengegavlen har eg gledd meg til å henge opp grøne kvistar til jul. 
Med eit reinsdyrskinn og litt "jule-sengeklær" så blei det skikkelig koselig. 


Flanell sengeklær er jo heilt nydelig - spesielt no som det er så kaldt. 
Skikkelig julestemning ute med all snøen, eg håpar det varer lenge. 


Ein anna ting som gjer meg julestemning om dagen er NRK sin julekalender "Julekongen":)
Heilt hekta, og må sjå den kvar dag! Den skal nok gå sin seriersgang i mange år, så eg gler meg til å introdusere den for vetleguten når den tid kjem.  


Eg har jo gått ut i mammapermisjon no, skummelt og veldig kjekt!
Gler meg til å få kvile litt, men det er veldig merkelig at eg ikkje skal på jobb i morgon.


Eg håpar julestemningen er komt i stova di òg:)



søndag 2. desember 2012

Advent


Endelig er adventstida i gong:)
Mi absolutte favorittid på året - den fine ventetida. 
Eg er ein av dei som går "all in" med julepynt og juleaktiviteter frå 15.november. 
Til gjengjeld så pakkar eg vekk jula 1.januar, då eg er som regel grundig forsynt!

I år kom vi litt seint i gong. 
Eg fant nemlig fort ut at det var relativt krevjande å være superwoman. 
I mitt tilfelle blei 100 % jobb, høggravid, pusse opp trapp/babyrom, gjere klart til jul og handle inn babyutstyr 
meir enn nok - derfor har blogginga lidd under det:(


Men no er adventstida i gong,
vi er tilnærma ferdig med oppussinga, 
julehandelen er godt i gong,
alt babyutstyret er i hus, 

og eg er fortsatt veeeldig gravid:)


Veldig kjekt og endelig ha litt tid til og lage adventstake. 
Det blei ein enkel versjon i år, med mose, lys, ein engel og ein liten krans i ei Tine K potte.
Vi har tent fyrste lyset og plugga i adventstjerna - herlig følelse. 


I helga har eg vore heima i Rosendal på eit utrulig koselig arrangement, Jul i Rosendal
Kort fortalt ein god gammaldags julemarknad med mange flotte bodar og god stemning. 
Når eg kom heim til Bergen i dag, hadde min flotte mann, sviger søster og mann montert babyseng, barnevogn og flytta sofa frå kjellar til stove (vi har solgt sofaen vår, meir om det seinare). 
Ein strålande kjekk overraskelse altså:) 


Meir om sofa, babyseng, juleforberedelser og anna kos kjem plutselig 
- eg lovar det ikkje blir 4 veker til neste gong:)

Ønsker deg ein nydelig fyrste søndag i advent!