Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg

søndag 9. februar 2014

Morsdag med Muuto

Min andre morsdag, tenk på det!
Ekstra kjekt blir det når gutane mine overrasker meg med den knalltøffe Muuto pepperkverna. 



Hurra for morsdag:)
Den skal få stå på spisebordet saman med saltet i den fine bollen frå Muubs. 
Fjøla som ei står på fann eg på Jamie Olivers fantastiske butikk i Notting Hill:) Elskar den. 



Foreløpig så står dei fint ilag med nye tulipanar og ein kul plakat, på drikkehylla. 
Diggar disse plakatane frå Ygg&Lyng, vi fekk mange i ein pakke frå Ruth&Rudolf på Førjulskos. 
Enkelt å bruke og enkelt å variere. 
Det kjem nok til å dukke opp fleire slike her på bloggen:)



No skal eg snart begynne på middag, Spagetti bolognese i dag, men fersk, kverna pepper sjølvsagt!



Håpar alle har ein flott morsdag og søndag:)

mandag 13. januar 2014

God mandag

Hurra for mandag!
Det er solskinnsvêr i Bergen, då blir det god stemning:)
Her i huset har vi vore uten TV og Internett i 5 dagar (!)
Og med kun edge nettverk på mobilen, så blei det faktisk fryktelig kjedelig etterkvart. 

Men eg har brukt tida (ja, det var mykje tid til overs) blant anna til å sortere bilder. 
Eg har visst rukke å gifte meg, kjøpt nytt hus, pussa opp og ikkje minst fått ein nydelig gut dei siste åra. 
Så det var ein del å sortera i:)



I tillegg så oppdaga eg fleire store kassar i boden. 
Dei innholdt DVDar - i store banar. 
Eg hadde nesten gløymt dei.
Men vi tørka støv av DVD/VHS(jadda:)-spelaren og trykte på play.
Eg har sett fleire episodar av Downton Abbey, fabelaktig serie. 

Sjølv om det er godt å være online igjen, så var det ein liten tankevekkar kor mykje tid ein bruker på slikt. 

Ønsker deg ei strålande veke!

søndag 5. januar 2014

1 år

Godt nyttår!
Håpar du har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring:)
Vi har hatt det heilt supert, det gjekk berre så alt for fort. 



Rett over nyttår hadde vi ei stor hending hos oss. 
Vetleguten fylte nemlig 1 år:)
Eg kan ikkje tru at det alt har gått eit år sidan han kom til verda. 
Det har vore eit år med mange glade stunder, og minst like mange bekymringar:)
Vi har hatt ei knall feiring med heile storfamilien tilstade. 
Eg fekk dessverre ikkje tatt så mange bilder då.. 

Det viste seg at det å servere og lage middag + kake til 13 personar, ha 4 flotte overnattingsgjester på besøk, ein vilter 1 åring (helst limt til foten min) og middels ambisjonar om eit koselig dekka bord 
- gjorde til at eg gløymte mykje av fotograferinga. 
Men det var veldig verd å ha mange jern i elden, gu kor kjekt det var:)


Eg fekk iallfall hengt opp den fiiiine banneren, det var stor stas med navnet hengande over oss. 
Og ja - det står "I ÅR" på andre linja, det var visst ikkje tall med i eska:)



Til dessert hadde vi blant anna muffins og marshmellows. 
Ein ting eg angra på, og som eg skal gjera annleis til neste år, er forberedelsane eg gjorde. 
Eg hadde jo i utgangspunktet bestemt meg for å kjøpe alt på Festfabrikken.no. 
Men plutselig hadde eg gløymt tida, og det var for seint med tanke på postgang. 
Så derfor fekk eg gleda av å tråla Lagunen rundt ein lørdag ettermiddag, på leit etter bursdagstasj:/
Eg får skulda litt på at jula kom i vegen, neste gong skal eg iallfall ta all bestillinga på nett i god tid. 
Då får eg det eg vil ha, samt særs lite stress:)



Forresten så skulle vel strengt tatt muffinsen ha kikka over kanten på muffinsforma?
Vel, dei var i det minste veeeeldig gode. 
Eg har blitt heilt hekta på Passion4baking Manuela sine ferdige sjokolademuffins 
- dei har heile sjokoladebetar i:)
Apropos sjokolade, eg skulle jo eigentlig starte eit nytt og bedre liv, 
men vi har jo så veldig masse kakerestar igjen... hmm :)



Blei visst mykje bla bla i dag:)
Ha ein nydelig søndagskveld!


tirsdag 10. desember 2013

Enkelt julebord

For ei god veke sidan hadde vi eit kjempe koselig venninnejulebord her hos oss!
Alltid kjekt å samla jentene frå Rosendal, men sjølvsagt ekstra kjekt i førjulsstria. 



Eg pynta bordet enkelt, med granbar og lys.
Nok ein gong sprer den herlige dufta seg i huset:)



Med julemusikk på spelaren og pinnakjøt på menyen, så kom faktisk julestemninga. 




Håpar den er begynt å snika seg inn hos deg også:)


mandag 4. november 2013

Haustbord

Eg måtte berre ein liten tur innom for å vise bordet eg har dekka til klubben i kveld. 
Eg oppdaga plutselig at eg hadde masse lilla blomar i hagen. 
Dei såg ut som dei snart skulle ta kvelden, så eg tok inn ein heil haug og satte dei i vasar!:)
Fornøyd med reslutatet og gler meg masse til besøk og skravling i kveld:)



Vi skal kose oss med deilig currysuppe, oppskrift frå Trines matblogg 
- håpar den er like knallgod som den ser ut som :)
Sjølvsagt blir det også masse søtsaker til dessert!





Ha ei strålande veke :)

fredag 1. november 2013

Ein liten openbaring


Eg fekk ein liten openbaring her ein dag. 
Eg har jo (som mange andre) lenge vore veldig opptatt av at interiøret skal vera kvitt og lyst. 
Men i eit nummer av Vakre Hjem og Interiør, var ei lys og fin leilighet med nokre svarte detaljer avbilda 
- eg blei superinspirert! Det blei litt strammare, ryddigare uttrykk. 
Du kan òg finne leiligheten her. 



Eg har nemlig ein lei tendens til å legge ting og tang rundt omkring. 
For eksempel på kjøkkenet så hadde vi ei åpen bokhylle, der havna både julepynt, bilder, bøker, 
enorme mengder papir (kor kjem det frå?) og diverse babyting.
Det ser så fryktelig rotete ut. 
Men om ein kan lukka døra, så er det jo ingen som veit at det er masse tull og tøys inni skapet! 
Eg gløymer det til og med:)
Så på finn.no fann eg eit gammalt lintøyskap som var malt kvitt. 
Drog det heim, og malte det svart!




Trur mitt forhold til svart i interiøret fekk seg ein kraftig knekk då eg (og mange andre:), gjekk fullstendig bananas på Black Design Shop og kjøpte alt eg kunne komma over av svart smijern....
Detta er ei stund sidan altså, til mitt forsvar. 

Men etter at alt smijernet fekk nye eigarar via Fretex, lova eg meg sjølv at svart, det skulle eg ikkje ha i mitt hus! Vel, no er visst det gløymt.




Er dessverre litt vanskelig å ta bilde av skapet for det står rett bak eit gelender, men eg er i alle fall særs nøgd. 
Det er komt fleire svarte element inn i heimen i det siste, dei kjem plutselig her på bloggen. 
Eg er framleis opptatt av det kvite og lyse, men no med kule svarte ting som rammar rommet inn på ein måte. 




Litt puter, lyshus, ein skinnfell og lyng gjer også at eg er fornøyd med spiseplassen om dagen. 

Håpar du har ei kjekk helg foran deg. 
Her i huset ligg vi flat på sofaen, skal eta taco og sjå på TV og eg er strålande fornøyd med det:))

GOD HELG!



onsdag 28. august 2013

Kjøkkenskap

Endelig eit lite livsteikn frå meg!
Sommaren er på hell, kanskje kjem det oftare livsteikn utover hausten?:)



Eg må innrømme at eg saknar blogginga, og bloggverda. 
Ein må jo ha litt overskudd for og blogge, eg satser på at det kjem med hausten:) 
Derfor er eg glad for at eg har nokre halmstrå og klynga meg til så saknet blir for stort. 
God kontakt med fabelaktige bloggjenter som ElleMell, PinkLady og LillPastill. 
I tillegg har eg meldt meg på bloggtreff i Oslo! Førjulskos arrangert av herligeMaia - gleder meg stort. 



Uansett så tenkte eg og dela nokre bilder frå kjøkkenet vårt i dag. 
Vi valgte jo å sette opp ein teglsteinsmur på veggen mellom stova og kjøkkenet. 
I ein liten innhuk på kjøkkenet blei det plass til ei lita hylle.
Den fant eg etter langt og lenge på Home & Cottage. 



Den passar perfekt inn, og er veldig praktisk. 
Mannen i huset elskar den, fordi han kan sette glaset på den når han skal fylle på frå kjøleskapet!
Viktig:)



Forresten så ljug bilda litt, for det er ikkje lenger noko i den nederste hylla. 
Vetleguten på snart 8 mnd er særs aktiv om dagen, og syns hylla var grådig spennande. 
Dette oppdaga vi sjølvsagt "the hard way", ved at tinga no er øydelagt:)



Takk for fine kommentarar her inne! 
Det er utrulig kjekt at nokon fortsatt har trua på bloggen:)


Ha ein strålande kveld! 

PS! Kjære Anonym som lurte på kvar eg hadde kjøpt plakaten som står på kjøpmannsdisken. 
Tusen takk for kjempe koselig kommentar, beklager så seint svar - den er kjøpt hos Rocett St George :)

onsdag 22. mai 2013

Picture perfect

Det og fylla veggande med passande bileter, plakatar, 
teikningar etc. syns eg er utrulig vanskelig. 
Eg brukar laaang tid på og finne det rette utrykket. 
Konsekvensen blir då at det ser ut som vi nettopp har flytta inn her, 
sjølv om vi no har budd her i 1,5 år. 

Men eg blir alltid litt oppløfta når eg les i vakre interiørblad, 
at damene i dei flotte heimane som er avbilda, alltid har brukt laaang tid på innredninga. 
Ein skal jo liksom "bu seg inn". Det passar meg:)




Uansett så har altså to bileter smotte gjennom nålauga! Kryss i taket. 
Dei har ikkje fått veggplass, men (den minst like interessante og flotte lene-inntil-veggen-plassen) 
dei syns minst like bra. 



Det største bilete kjøpte eg som ein plakat av flotte Therese Sennerholt på Bolig-og interiørmessa. 
Likte så utrulig godt skrifta, som viste seg og vera Sennerholt si personlige handskrift. 
Ramma er frå IKEA og eg eeelskar dei runde kantane. 



Det vesle bilete er rett og slett ei fjong dame frå Home & Cottage. 
Ho såg så spennande ut at eg måtte berre ha ho på kjøkkenet mitt. 



Tusen takk til dåke som fortsatt klikkar inn på bloggen min, og ikkje minst legg igjen kommentar:)
Eg er verdas dårligaste bloggvenn om dagen, men eg lovar og komma sterkare tilbake. 



Håpar alt er vel med deg, ha ein flott mai-kveld:)

For dei som er nysgjerrig på heile teksten så lyder den slik;
I think I could fall madly in bed w. you



mandag 13. mai 2013

Mandagskake!


Tida rasar jammen av garde - plutselig var det gått nokre veker sidan forrige blogginnlegg igjen. 
Her hos oss er alt berre velstand i grunn:)

Men eg må sei eg er full av beundring for dei jentene som klarar å lage fleire blogginnlegg i veka i fødselspermisjon. Eg skjønner bare ikkje korleis ein får tida til å strekke til. 
Hadde jo tenkt at eg kom til og ha masse tid til bloggen, og ikkje minst til huset, når eg skulle ha "fri" i eit år. 
Ein ting er og få inspirasjon og å vera kreativ,
så må ein jo ta bildene, redigere og legge ut på verdsveven. 

Dagane våre går med til kosing med vetleguten, trilleturar, leiking og besøk av familie og venner.
Då går tida brått veldig fort, når ein har det kjekt altså:)

Kanskje blir det meir tid til overs etterkvart? Vi får sjå:)

Forrige veke hadde eg eit aldri så liten fot innanfor bloggverden igjen. 
Eg har nemlig hatt besøk av tre flotte bloggvenniner,



Vi har hatt ein strålande koselig middag med "make-your-own-pita-pizza" - enkelt og genialt. 
Så avslutta vi skravlekvelden med ei fabelaktig kake, no døypt til mandagskake. 
Tenkte eg skulle berre hiva inn oppskrifta for dei som måtte få lyst på noko godt. 
Kaka heiter eigentlig Safarikake, og oppskrifta har eg fått av mamma. 

1 pk Safarikjeks knusast og blandas saman med 50g smelta smør.
Legg utover ei lita kakeform (gjerne på 20 cm).
Pisk deretter 75 gram melis saman med 200 gram Philalelphia ost. 
Bland dette med ein boks piska kremfløyte. Legges oppå Safarikjeksen. 
Toppen av kaka fyller du med alle dei bæra du får plass til. 

Kjempe enkel og lage + den kan lagast dagen i forvegen.

Bilde frå instagram, så litt dårlig kvalitet:)

Kvifor mandagskake spør du? Jo - det er jo mykje frukt på må veta:)

Håpar du får ei flott veke!

tirsdag 5. mars 2013

I vinduskarmen

I vinduskarmen er det også teikn til vår!
Det er vel eigentlig blomane som gjer det heile. 





Fyrst til vinduskarmen på kjøkkenet.
Det har det flytta inn ei lita ugle, ranukler og fiiiinaste W&W lysestaken. 
Koselig å tenne lys når ein vasker opp eller lagar mat i lag. 





I vinduskarmen i stova er det også lys, og ikkje minst vårlige hyacinter. 
Eg elsker å tenne stearinlys over alt, men eg må legge inn søknad i 4 eksemplar til mannen min om eg har levande-lys-planar. Han blir nemlig så varm, at om vi skal tenne lys så må vi slå av varmen:)

Det var all den tida eg hadde til bloggen i dag, gler meg til neste gong:)