mandag 30. april 2012

Gled deg!

Jammen får ein vera med på mykje kjekt som interiørbloggar. 
I forrige veke fekk eg nemlig ein veldig kjekk e-post frå IKEA. 
Dei inviterte til pressevisning av den splitter nye, og Norges største IKEA Åsane. 
Sjølve varehuset opnar på onsdag, så det var litt av ein opplevelse å gå der nesten heilt aleine. 


Og for ein enorm oppgradering frå det gamle varehuset som har vore trufast i 28 år. 
38 000 kvm, verdens mest moderne IKEA og heile 60 interiør (eller utstillingar/individuelle rom). 
IKEA Åsane har HEILE varesortimentet som IKEA tilbyr (!):))


Dei hadde laga eit veldig gøy opplegg som eg no skal fortelja om. 
Då vi fyrst kom fekk blei vi guida opp i restauranten. 
Lys og lekker, og med kjempe god plass. 
Der fekk vi deilige kanapear og croissanter,  
og ikkje minst ein koselig velkomst frå varehussjefen Odd Rune Bjørge.
Han kunne fortelje at det eigentlig var ein litt trist dag, for i dag var det to IKEA varehus i Bergen - 
men begge var stengt. Men dersto kjekkare blir det på onsdag:)

Han kunne også fortelje at å gå gjennom heile IKEA var 1,6 km 
- så det bør jo noterast som ein liten trimtur! ( vi gjekk den i tillegg to gonger:)


Inne i sjølve møbelavdelinga var det svært mange flotte og varierte utstillingar. 
Plutselig stoppa vi opp ved eine utstillinga og der satt samlivseksperten Frode Thuen. 
Han hadde ein veldig bra og morsomt 10 min foredrag, om blant anna utfordringer knytta til oppussing. 
For eksempel kva farer det er for eit forhold å kjøpe store mengder flatpakka ting. 
Mykje av det han sa var særs aktuelt for oss her i Fruehuset for å sei da sånn:)


Vidare i den vakre kjøkkenavdelinga møtte vi ei dyktig kokke frå Spisekroken.
Ho hadde laga flotte smaksprøvar til oss, og fortalde om kor stas det kan vera å dandere maten på tallerken. 
Det er eg forøvrig heilt enig i, men det er dessverre sjelden eg gjer det. 
No fekk eg masse inspirasjon til å prøve å bli flinkare!


Då vi kom inn i soveromsavdelinga satt Rita Arntsen Helland i ei seng. 
Ho er kursleder i drømmetydeforeninga, og kunne fortelja om viktigheten av ha eit ryddig og godt soverom. 
Soverommet brukas til rekreasjon og ikkje minst drømming. 


Det var også eit eige område for IKEAs PS designkolleksjon. 
Utrulig masse flotte ting, eg likte spesielt godt ballerinalampen, lysestaken og kommoden:)
Kven treng vel ikkje feks ei ballerinalampe?


Det var eit enormt lager på varehuset. 
No treng vi ikkje lenger til Nyborg om vi vil ha noko som ikkje fins på sjølvplukk! Hurra!
 I kombinasjon med lager og på veg til kassane så hadde dei ei nydelig utstilling av utemøbler. 
Eg må nok ta med meg mannen ut snarast for å sikra meg nokre godbitar. 
Likte spesielt godt det (vedlikeholdsfrie) grå spisebordet med stolar og benk.


Til slutt må eg berre vise denne herligheten av ei turkis tralle!
Likte den veldig godt, og trur nok at ein slik skal få flytte inn på kjøkkenet mitt ja:)

Vi fekk også høyre om IKEA sine miljøtiltak, dei har eit relativt lavt strømforbruk, 
blant anna fordi dei brukar mykje LED-belysning. 

Ei utrulig kjekk oppleving! Og til alle som vurderer eller ønsker seg ein tur til IKEA Åsane: 

GLED DEG:)
 




lørdag 28. april 2012

Heilt enkelt

Eg lærer stadig nye ting her i bloggverden. 
Blant anna husker eg eit innlegg hos av mine favorittar, Fru Fly.
Det handla om å halde det enkelt med bruk av pynt og nips (klarar ikkje å finne innlegget igjen)


Eg er ein av dei som alltid har tenkt at vindaugskarmen er til for og pyntast. 
I det nye huset vårt har vi veldig mange vindu på kjøkkenet og i stova.
I forbindelse med 30-årsdagen min for 2 veker sidan, satte eg 3 lysestakar i vindaugskarmen.
Det var eigentleg i mangel på noko anna, men dei har blitt ståande. 


Det er utrulig luftig og fint når det er lite ting i vindauga. 
Det er jo så kjekt å få inn alt lyset - ikkje minst på denne tida av året.
No flommar det inn med dagslys frå alle kantar, 
utan å måtte bryte seg fram mellom 17 potteplanter, hagenissar, statuer og anna nips:)
Naturen utanfor er no ein del av dekoren.  


Sist veke fekk lysestakane besøk av ei lyslenke med rislykter. 
Den ligg heilt enkelt i vindaugskarmen, og er nesten ikkje synleg i dagslyset. 
Det kan godt vera eg ynskjer og setta litt meir der etterkvart, kanskje når det blir vinter. 
Gardiner har eg heller ikkje, men det får bli ei anna forteljing. 


Her er eit lite bilde av det koselige lyset det blir når mørket sig på og vi tenner rislyktene. 

God lørdagsettermiddag:)

fredag 27. april 2012

Skrikande dører

Ein av romma eg falt fullstendig for med huset vårt, var hallen. 
Eg kallar det ein hall eg, sjølv om den sikkert ikkje kvalifiseras til det. 
Dette rommet er det andre som møter oss i huset etter vetlegongen. 


Her ser du litt av korleis det ser ut no:) 

Bilde fra prospektet med VIDVINKEL:)

Som i stova, var hallen dekka med mørkebrunt panel på veggane. 
Golvet var ein del riper i og ganske gult. 
I tillegg var det ein litt uforklarleg grøn løpar som låg midt på golvet. 



Vi har malt, malt, malt og malt:) Ein lys grå farge, og det blei jammen ein stor forandring. 
Nytt golv har vi også lagt - samme som oppe i stova og på kjøkkenet. 
Likar kjempe godt det lyse og lette følelsen. 
Nye lister er komt opp og dei har vi også MALT!
Jadda, vi valgte dei einaste listene på butikken som ikkje var ferdigmalt:)

Neste prosjekt no er å finne ein ny, gøy lampe og ikkje minst fjerne teppet i trappa. 


Dei brune veggane og det gule golvet er vekke, men dørene står fortsatt igjen. 
Eg føler dei står og skriker til meg "bytt meg, bytt meg"
Dei blei plutselig så veldig synlege:)


Vi har bestemt at vi skal bytta alle dørene i denne typen. 
Det kjem til å ta lengre tid enn om vi skulle malt dei, men eg trur det er verd det:)

Denne veka kom også den høgt etterlengta kjøpmannsdisken frå Living i hus. 
Den skal stå her i gangen, kan du gjette kor?
Plutselig kjem det bilder av den også, den må berre pyntast litt fyrst. 

Her har helgefreden senka seg - alltid like god følelse med helg. 

Ønsker deg ei kjempe god helg!



torsdag 26. april 2012

Ein sær bloggar

I går var eg så heldig å bli invitert på eit aldri så lite bloggtreff. 
Det er så kjekt å treffa folk i virkeligheten som eg har blitt kjent med via bloggen. 


Når eg seier til venner og kjente at eg skal på bloggtreff, syns dei det er litt rart. 
Og det er det kanskje også, eg drar til ein ukjent stad for å treffe folk eg har møtt på internett:)


Men det gjer ein ekstra dimensjon til blogginga syns eg. 
Vi dannar eit kreativt, positivt, kjekt og morsomt nettverk. 
Alle har jo samme interesse, sjølv om vi har ulik stil og smak. 
Så eg er meir enn gjerne ein sær bloggar, når eg kan bli kjent med nye folk:)  


Det var supervertinna ElleMell som inviterte oss til Alvøen utanfor Bergen. 
Det var utrulig koselig der, vi fekk blant anna eta deilig mat inne i eit galleri. 
Ho hadde laga masse godt både søtt og salt - sjå dei flotte muffinsa for eksempel:)
Fabelaktige Maia hadde også med ein stor og lyseblå overraskelse til oss frå Eva Solo. 
Eg håpar å kunne bruke den snart, då skal du få sjå den fine skåla i bruk.

Tusen takk til dei morsomme jentene bak bloggane Duse Pasteller, Lill Pastill, Fabelaktig, Ellemell, Mies Mirakler, Lang Rekke, Living4seasons og Lady Louise for ein knallkjekk kveld. 

Snart står helga for døra, god torsdagskveld til deg:)

PS. I dag har eg og ei vennine vore å sett Titanic i 3D på kino, det var kjempe kjekt å sjå den igjen:) Men eg må sei at Leonardo ser litt yngre ut enn han gjorde for 15 år sidan.

søndag 22. april 2012

To puter frå IKEA

.. og ei svært synleg frå Åhlens. 
Fabelaktige Maia har ein utfordring på bloggen sin, om å vise favoritt puta di. 


Eg har for øyeblikket falt heilt for desse to svarte og kvite putene frå IKEA i sofaen. 
Men då eg fann denne sennepsfarga puta på Åhlens i går, så vart dei endå finare. 


Likte utrulig godt fargekombinasjonane. 
Svart/kvitt - sennep og brun. 
Skulle jo tru det var ei stove frå 70-talet eg beskriver. 


Med ein lite grøn brytning i form av stilkblomar som eg ikkje veit kva heiter. 

Sjå alle dei andre fine pute-bidraga her


Vi har hatt ein rolig morgon her, no skal eg spasere ut i hagen med saksa mi 
og håpe at eg ikkje klypper knoppar - men gamle kvistar:)

Håpar du får ein søndag med masse solskin!

 PS. I dag har eg brukt eit nytt filter på bildene i Lightroom, 
usikker på om det er min nye bestevenn. Men eg prøver meg fram:)