onsdag 26. oktober 2011

60-talls garderobe

Tusen takk for koselige kommentarer på forrige innlegg:) Då blir eg så glad!
Det kjem nok nokre fleire bileter frå bryllaupet om litt.

Siden vi har kjøpt eit 60-talls hus så har vi jo sjølvsagt ein del originalt inventar.
Blant anna så har vi 60-talls innebygd garderobe på to av soveromma.
Eg har vel allereie stadfesta at dei tre skapa du ser her er for lite, og verre skal det vel bli:)


Men eg har veldig lyst på ei litt meir moderne løysning.
Tenker kanskje å bare fjerne heile veggen/dørene framfor den innebygde garderoben og kjøre 100% IKEA inn der.
Det må vel gå an?
Foto IKEA


Valets kval står mellom skyvedørsgarderobe eller dører med hengsel.
Eg syns eigentlig at dei med vanlege dører er finast + at skapet er ikkje så bredt så det er nok mest praktisk og.
Litt usikker på om eg vil ha dører som er gjennomsiktige, det er ikkje så veldig representativ i skapa mine alltid:) 
Foto Fargerike

Inni skapet har eg planar om å feste tapet på den bakerste sida. Var inne på Fargerike sine sider og fant Halvor Bakke sin tapet som kjem i desember. Jeii! Likte denne veldig godt:)
Men det spørs om husbonden likar lilla blomar med skjortene sine..

Foto Flügger
Eller kanskje denne frå Flügger. 

Google
 Tapeten bør nok vera den samme eller mathce det som truleg blir ein fondvegg på soverommet.
Eigentlig hadde eg tenkt den noko meir i ein brun-ish farge. 
ååå:) så mange spennande valg som skal tas!

Nokon som har erfaring med sjarmerande innebygde 60-tallsskap?:)

Ha ein fortryllande kveld!

Marianne:)

3 kommentarer:

Høstmamma sa...

Hei!
Anbefaler Pax med birkeland front:-) Vi har det i hallen vår, og vi kunne ikke vært mer fornøyd! Skapene rommer utrolig mye, samt at frontene er veldig fine.

Ha en fin kveld:-)

Fruehuset sa...

Takk for tipset:) Eg likar og Birkeland fronten godt! Kjekt og høyra om andre som er fornøyd med det.

God helg:)

deasogmia sa...

nydelige inspirasjonsbilder! her har vi revet vekk masse gamle skaper. jeg har planer om å sette inn de ikea skapene på bildet over her, de unten glassvindu.

gleder meg til å se hvordan du får det!