mandag 21. oktober 2013

Messemoro!

Eg har nettopp lagt bak meg ei aldeles strålande helg!
Eg har sjølvsagt vore på Interiør-og boligmessa i Bergen:)
Det blei nesten som julafta altså:) 
Med det meiner eg at det å glede seg og å snakke om det på forhånd har vore halve moroa, 
og det var ikkje dei materielle tinga som blei viktigast 
- men alle dei utrulig kjekke folka eg har vore med. 



Vi begynte allereie på torsdag, men ein klubbkveld hos skjønne ElleMell 
i lag med PinkLady, LillPastill og æresmedlem av klubben vår; Fabelaktig
Etter denne kvelden så hang vi sammen som erteris heile helga:)
Det er heilt utrulig at 5 personar som i utgangspunktet ikkje har noko anna til felles enn interessa for interiør, skal klikke så bra saman og rett og slett ha det utrulig morsomt. 



Fredagen var vi på Villa Skjoldtun, eit genialt konsept. Rett og slett eit nydelig vakkert hus som er brukt som showroom for ulike leverandørar. Eg gleda meg aller mest til Kvänum sine kjøkken. Ønsker meg veldig veldig eit Kvänum kjøkken ein vakker dag. Uansett ein særs trivelig kveld. Her er eit lite bilde inni eit skap (var visst alt eg klarte å ta bilde av:). Men digga løysinga inni skapet, får tak i alt!




Lørdag var det champagnefrukost på messa. Veldig kjekt, må jo berre bli ein fin dag når ein startar med bobler! Etterpå var det vandring i messehallen og sushilunsj:)
På kvelden spiste vi middag på koselige Naboen, eit veldig god restaurant som eg anbefaler på det varmaste om du vil ha god mat og drikke, kvite dukar, uformelt miljø og god service:)
FOR ein kveld, eg hadde jo husmorferie! Og det utnytta eg maks:) Det var både raudvin og høge helar. 
Tusen takk for ein uforgløymelig kveld, som eg kjem til å leva lenge på!






Bilder av nokre av mine favoritt stands; Pihls Paradis, Toneblomst og Urdihuset.
Og eit lite bilde av ein liten brøkdel av sprudlevatnet som gjekk med på lørdagen:)


Søndagen var eg jo riiiimelig utslitt, men eg fekk fort fart på meg for då kom det 10 store og små gjester på texmex lunsj:) Veldig koselig, og eg var utrulig takknemlig for at ein av gjestene faktisk troppa opp og laga all maten. Ein perfekt avslutning på ei fortryllande helg!



Legger ved eit fint bilde av vetleguten (han var med på messa på fredagen) og meg, tatt av Fabelaktige Maia:)


Det har skjedd litt av kvart i Fruehuset i det siste, eg satsar på at det kjem på bloggen snart.

God kveld til deg:)

13 kommentarer:

LilleLeo sa...

Hei!

Det var veldig koselig å få hilse på deg, du er akkurat like skjønn som du virker å være via sosiale medier. :*
Håper vi treffes igjen! :)

Anonym sa...

Hei :)
Så kjekt blogg innlegg :) fine bilder,såg veldig kjekt ut.
Nydeligt bilde av deg og Johannes :)
Ha ein fin kveld ;)
Klem fra Elin.B

Anonym sa...

Hei :)
Så kjekt blogg innlegg :) fine bilder,såg veldig kjekt ut.
Nydeligt bilde av deg og Johannes :)
Ha ein fin kveld ;)
Klem fra Elin.B

Liza sa...

Hei hei
Hyggelig å møte deg i helgen og det morsomme er at jeg følger jo bloggen din:)
Ha en fin uke
Klem
Liza

Shus sa...

Hei Marianne!

Så flott blogg du har!! Eg har ikkje vore inne her før, men no har eg lagt meg til som følgar og skal lese meg nedover :-)

Kjekt du kosa deg i helga. Vi og var på messa, ei stor og flott messe med mykje fint, men i år synst eg det "mangla noko".

Ha ein fin fin dag.

Klem frå Solveig HH

lillpastill sa...

SKÅL! For en helg vi har hatt.. Er så glad for at jeg har blitt kjent med akkurat DEG - du er så herlig!
Vi er en flott gjeng og jeg gleder meg allerede til neste gang vi sees..

Tjohei!

Anne Eriksen Valstad sa...

Nydelig blogg som nå har fått en ny følger! PS! Sjekk ut give awayen på bloggen min hvis du er interessert i litt juledesign! Nyt dagen da du :))

Klem, Anne <3

Blåbærtua sa...

Dumt eg ikkje fekk hilst på deg,men eg var kun innom på lørdagen,neste gang tar eg heile helga:)
Kjekkt når det skjer slike kjekke ting❤️
Nyt kvelden skjønne deg!
Klem fra Lillian

Pink lady sa...

Tusen takk for en herlig helg i lag!! Som vi koste oss! Og ekstra stas var det å få være med J på cafe. Han er en skikkelig gogutt. Og litt av et blinkskudd av dere to:)

God helg!

Klem

Camilla sa...

Her var det koselig! Besøk meg også, vel! Se for eksempel det populære innlegget mitt om handling: http://camilla-camillasblogg.blogspot.no/2012/09/ok-er-du-klar.html

Fabelaktig sa...

Takk for en fantastisk helg! Såå glad jeg fikk hilse på lilleprinsen også ;)

klemklem

Marit sa...

Høyres ut som ei herleg helg :) Fantastisk bilete av Johannes og deg, han e så lik på deg, særleg når du var lito :)

Pippi sa...

Hei:)
Veldig kjekt å helsa på deg på messa/byn, sjølv om eg hadde det litt vel travelt til nattbuseen laudagen ;)
Håpar me sjåast att ein gong:) (ja, og så skal eg jo oppdatera dykk om Arizona ;) )
Klem frå Pippi/Åshild