onsdag 9. november 2011

På vektskåla

Då har eg endelig komt meg heim etter nokre arbeidsdagar i Stockholm. Du kan tru det var spennande å fly heim i går kveld. Det er så ekstra gøy når flyet prøver å lande i skodda, men så ca 3 m frå bakken ombestemmer seg og sett nasa rett opp igjen. Nevnte eg at det var eit lite propellfly?
Men heldigvis kom vi oss ned tilslutt, og eg slapp å ta buss frå Stavanger:)

Eg har sakna bloggen min! Det er kjekt:) Då har eg noko å gle meg til når eg kjem heim, også sjå mannen min sjølvsagt, hihi. 


I dag har eg vore å henta bruktskatten min frå spaserturen på søndag. Sjå kor fin! Elskar fargen og forma, ikkje var ho dyr heller. Den kjem nok til å passa heilt perfekt inn på det nye kjøkkenet. Det gjeld å vera ute i god tid med å planlegga ting til kjøkenet, eller det kan eg vertfall sei til meg sjølv.

 
Her kan eg oppbevara epler, tomater, avocado, kongler, nybakte muffins og kanskje ferske urter?
Ikkje alt på ein gong då nødvendigvis..


Det som er saken er at eg allereie har ei ubrukelig gammal vekt fra før (for dei virkar ikkje nemlig). Men den er jo så fiiiin. Lite visste eg at eg var så opptatt av vekter
No skal eg kose meg masse med å sjå på kva som har skjedd i bloggverden:)
Ha ein flott veslelaurdag!

3 kommentarer:

Frøken Loppe sa...

Hei på deg!
Velkommen heim frå tur!!
Alltid kjekt å være på tur, men godt å kome heim og :o)
Uffda!! ikkje noko god kombinasjon tåke og flylanding... Godt du landa fint til slutt :o)
Kjempe fin fane/heading du har laga!! Kjekt med litt forandring ;o)
Utruleg lekker vekt!!! Flott farge og veldig stilig design!!
Eg har og litt dilla på vekter, syns dei er dekorative og ein kan bruke dei til å oppbevar masse forskjellige ting :o)
Ha ein framleis flott veke!!

Fruehuset sa...

Hei:) Tusen takk:)
Ja, kjekt med noko nytt på bloggen.
Godt å høyra at det er andre som har ein forkjærlighet for vekter!
Ha ein kjempe fin veka:)

KROnPRINSESSENE sa...

Så herlig skatt du viser her...
Og glad du fant meg, så fant jeg deg også :)
Legger meg til og titter selvfølgelig snart innom igjen.
GOD HELG!
Klem May Helen