onsdag 13. juni 2012

Sidan sist

Hei hei:) Jammen blei det 14 dagar sidan sist. 
Vi har nemlig vore på ferie på Mallorca. 
Det var ikkje ein vanlig ferie heller, vi reiste ned med 
mange gode venner og kjekke folk for å vera med i bryllaup. 


Og for eit vakkert bryllaup!
Utrulig kjekt å feire i varmen, i nydelige omgivelser i Cala D`or.
Sitte ute på ein nydelig restaurant til langt på kveld og ikkje fryse. 
Det var ei nyyydelig brur og ein flott brudgom - som blei godt gift. 
Kjekt å vera i lag over lang tid med heile brudefylgjet. 


Eg blei dessverre ramma av eit festlig magevirus, og det har tatt litt tid å komme seg igjen. 
Men no er eg bra! Til og med så bra at mamma og eg var på IKEA i heile går ettermiddag.
Og det krever god form og ikkje minst gode sko. 
No har vi nok ein gong mange flatpakka pappesker i gongen vår. 
Det er litt av ein jobb vi har foran oss, men no er vi eit skritt nærmare ordning og reda i huset. 
Vi har fortsatt mange uåpna flytteesker og kler som ligg over alt - ting tar tid. 
Også er det veldig lett å "gløyme" når ein kan lukke att døra til roterommet (-ene):)


Heilt fram til i går har vi ikkje hatt hagemøbler, men vi blei enige om at ein kompromiss var to solsenger. Så dei som skal komma på besøk til oss må sitte lettere henslengt i ei solseng, og nyte grillmaten. Men det ser ut til at det blir ei stund til, for no er det meldt dårlig vêr på Vestlandet framover. 


Eg håpar du har ein kjempe fin sommar sålangt - vi er jo nettopp begynt!
I hagen vår hadde den store rhododendronen vår komt i full blomst til vi kom heim:)

3 kommentarer:

ELLEMELL sa...

for en fin benk du har kjøpt deg!
ble misunnelig på pink lady sitt besøk:) jeg ville også være med:) en annen gang:)

Hørtes herlig ut med mallorcaferie og bryllupsfest! sikkert en vakker ramme!

her er alt bra, håper vi sees snart:)
klem ellemell

Fine Friminutt sa...

Å det høres helt herlig ut! Jeg er i skikkelig feriemodus om dagen og har nedtelling;-) 13 dager igjen! Bra du har kommet deg etter mageviruset. Sånt er jo ikke morsomt på ferie.. Ha en fin dag:-) klem

Duse Pasteller sa...

Høres -og ser- helt fantastisk ut!!:D
Klem til deg:)