søndag 8. juli 2012

Giftig skjønnhet

No har vi nettopp lagt bak oss nok ei strålande sommarhelg. 
Eg har vore heima på langhelg, og blant anna besøkt Rosendal Mat & Kunstfestival. 
Det er så kjekt når det skje noko heima i bygda, ikkje minst når det er så stor suksess!
Arrangørane hadde gjort ein framifrå jobb, og overraska fleire gonger med spennande utstillingar, masse spennande mat og generelt god stemning. 


I tillegg fekk eg jo eta så mykje eg klarte av mitt favoritt bakverk, lappar!
I nokre delar av landet kallar dei det for sveler trur eg. nam!


Blant utstillarane var Sarah Reed. Vi fekk jo ein nydelig vase ho hadde laga til bryllaupet vårt. 
Dermed fekk eg inspirasjon til og raske med meg nokre lange, vakre, lilla revebjeller å ha i vasen. 
Dei er jo så vakre - men visstnok ganske giftige. Håpar eg ikkje vaknar utan fingrar eller noko i morgon. 


Eg falt også for denne fantastiske vasen på ei av utstillingane!
Men den var nok litt utanfor mitt prisnivå:(


Fantastisk kreative Signe som skriv bloggen Re:Signert, hadde ei eigen stand. 
Her inviterte ho ungar til å resignere sine eigne glas, veldig populært. 
Ho hadde også utstilt nokre av putene ho hadde laga av gardiner, 
frå det gamle huset ho har kjøpt seg i Rosendal. Utrulig kult! 


Og ikkje minst hadde ho laga små hjerter med koselige tekster på gamle tapetrester. 
Besøk gjerne bloggen hennar her

Eg møtte også nokre uventa blogglesere i helga, gøy å veta meir om kven som kikkar innom.
Hei Ingebjørg og Trine, så kjekt at dåke les bloggen min:))


Ønsker deg ein fin vekestart:)

 


9 kommentarer:

EKTE INTERIØR sa...

Det øverste bildet ditt var råflott! Stilige lamper og virkelig lekker bukett. :)

Anonym sa...

Lapper er jo knallgodt,elsker det:)så kjekkt det høyrtes ut det som du har vært med på i helga,kjekkt å få være med på ein slik festival,alltid masse å sjå på:)
Fine dag til deg!
Klem fra Lillian:)

Gitte sa...

Høres ut som ei fantastisk helg!
Herlig!
Lapper er jo bare en lykke. Mormor fra Balestrand lagde verdens beste lapper (synes jeg). Barndomslykke!
Ha en herlig mandag!
Klem Gitte

Frøken Loppe sa...

Så koslig med aktiv langhelg heime :o) Kjekt å få med seg det som skjer i heimbyda...
Veldig fine puter frå Re:Signert, er innom bloggen hennar innimellom, og ho har så masse kule idear :o)

Fine blomster du har tatt inn, håper det går bra med fingrane dine... hi, hi..

Lekre lamper!!!

fin, fin sommarkveld til deg!

klem ib

ELLEMELL sa...

deilig med hjemmehelg kan jeg tenke, hvertfall med sånn fint vær vi har hatt:)

vi kaller det forlapper, og de skal vi spise på landet!
nydelige revebjeller på kjøkkenet:)
klem ellemell

Fabelaktig sa...

Hei søte deg,
takk for koselig kommentar inne hos meg - du er god!

Jeg er helt i feriemodus om dagen, blogger bare når jeg har tid og lyst og jeg bruker lite tid foran skjermen om dagen. Men det er vel litt av poenget med å ha ferie er det ikke *fnis*

Den vasen dere fikk i bryllupet var vakker! WOW!

I dag har fabelaktigmannen tatt seg en fridag for å underholde meg *yeay*
Nyt kvelden søte deg.
klem

Trine sa...

ha ein fortsatt god sommar Marianne :-)

Trine

Trine sa...

ha ein fortsatt god sommar Marianne :-)

Trine

Anonym sa...

ÅÅ så kjekt at vi blir nevnt på bloggen,hehe;-)Har kje lagt merke te da før no eg! God sommar, glede meg te å sjå meir frå da fina huset ditt!
Ingebjørg