søndag 19. august 2012

Kvitt golv

Hei!:) Plutseleg var eg sakte på vei tilbake frå sommardvalen. 
Eg har nemlig hatt tre veker ferie, og ikkje logga med på PCen ein einaste gong. 
Eigentlig ein kjempe god følelse, sjølv om eg har jo vore innom på Facebook og Instagram.
No er eg vertfall overmotivert for å ta bloggen tilbake i normale former - hurra!

Så utrulig kjekt og sjå at Fabelaktige Maia valgte min blogg som ein av dei ho er ekstra glad i. 
Det er stor stas og bli nevnt, og eg ser at fleire følgere er komt til - gler meg masse til å sjekke ut din blogg.

Varmt velkommen til alle nye følgere:)


Vi har jo faktisk fått gjort noko lite i huset i ferien også. 
Du hugsar kanskje at eg friskt og freidig annonserte at vi skulle male golva våre for over 1 mnd sidan?

Ja, det tok si tid. Men no er det altså gjort. Jammen blei det KVITT!


Eg (og faktisk mannen) er utrulig fornøyd med resultatet. 
Sjølv om det blei veldig kvitt så passa det fint til eit så lite rom.
Ikkje minst er det lite brukt, så slitasjen vil nok ikkje vera synleg så fort. 
Det var uansett ein fryd og få vekk det guuuuule lakka golvet som var der. 
Før eller seinare må vi nok male det igjen, eller pusse og kvitmattlakkere det.

Den tid den sorg:) 


Slik såg golvet ut før:)


Rommet har to hovedfunksjonar; eit hobbyrom for meg og eit gjesterom. 
Gjesterommet har vi fått testa ut i helga med fullt hus, stormande jubel og 20 jenter på besøk. 
No sov ikkje alle dei 20 jentene i senga, men gode venninder frå Rosendal var gjester og gav senga gode skussmål. 
Fruehuset har nemlig vore vertskap for eit utdrikningslag i helga, knall gøy!

Eg kan altså med glede fortelja at det ikkje lenger ligger masse flatpakka moro i gangen, 
men det er no montert og faren for uhell i heimen er drastisk minimert:)


Hobby-delen av rommet må eg nok sette av ei helg til å systematisere. 
Eg driv nemleg med scrapping, og det er mykje småplukk som skal få ein fast plass. 

 
I tillegg har eg som mål å (minimum) starte denne kule grønne symaskina, som eg har arva, innen rimelig tid. Eg kan ikkje lova at det kjem nydelige putetrekk eller lignande med det fyrste, men kanskje når eg har skjønt opp/ned på maskina. 


I morgon er det jammen jobb igjen - tida går så rasande fort. 
Snart er det 2 månadar sidan sola snudde også, det begynnar og merkast.
Det er også ein litt spesiell dag i morgon, men det kjem eg tilbake til:)

Eg håpar du har hatt ein fortryllande sommar med masse solskinn og er no opplada og klar for bloggsesong nr.1 - Haust og JUL!

Gler meg til å oppdatere meg på kva dåke andre har drive med dei siste vekene:)

Ha ein strålande kveld!

7 kommentarer:

Fabelaktig sa...

Hei søte deg :)
Velkommen tilbake, vi har alle vært der, bloggedvalemessig. hihi!

Herlig med hvitt gulv og den symaskina *elsk*

Håper du har hatt en fin helg, for det har vi :)
klem

Har en drøm... sa...

Hei hei, så koselig at du er tilbake:)
Så lekkert det ble med hvitt gulv ♥
Var planen her og, men det ble for lyst for oss, vi har sort hund, hehe:)
Så det ble grtt med mye hvitt i, er kjempefornøyd jeg og:)

Ha en fin fin kveld !!

Pink lady sa...

Det ble nydelig!!!!
Første kommentaren fra meg på et par mnd, og den fikk du!
Klem

Blåbærtua sa...

Hei skjønneste deg:)
Så nydeligt det blei med kvite gulv,ein herlig forandring:)Den symaskinen var utrulig fin og i den herlige fargen og:)
Den runde puta i senga likte eg så godt,nydelig!
Ønsker deg ein flott dag;)
Klem fra Lillian

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fint det blev!
Vi har malt golvet vitt i to rom på loftet og ska male gangen där oppe også.

Håper du f¨r en fin start på uken!

Bjørkli Søndre sa...

Så lekkert ned hvitt gulv! Utrolig hvor stor forskjell det gir et rom!

Nydelig!! Alt kommer til sin rett1

En flott tirsdag til deg!

Hiltonfruen sa...

Såå fint det ble:-) Hvite gulv gjør virkelig susen altså! Jeg har så lyst på selv. Med to små barn i huset mener mannen i huset vi bør vente...Jeg har ventet lenge nok:-)
Nydelig rett og slett, heldige deg!
Tusen takk for hyeelig kommentar inne hos meg, blir veldig glad:-)
Fin uke til deg.
Klem Monica.