søndag 2. desember 2012

Advent


Endelig er adventstida i gong:)
Mi absolutte favorittid på året - den fine ventetida. 
Eg er ein av dei som går "all in" med julepynt og juleaktiviteter frå 15.november. 
Til gjengjeld så pakkar eg vekk jula 1.januar, då eg er som regel grundig forsynt!

I år kom vi litt seint i gong. 
Eg fant nemlig fort ut at det var relativt krevjande å være superwoman. 
I mitt tilfelle blei 100 % jobb, høggravid, pusse opp trapp/babyrom, gjere klart til jul og handle inn babyutstyr 
meir enn nok - derfor har blogginga lidd under det:(


Men no er adventstida i gong,
vi er tilnærma ferdig med oppussinga, 
julehandelen er godt i gong,
alt babyutstyret er i hus, 

og eg er fortsatt veeeldig gravid:)


Veldig kjekt og endelig ha litt tid til og lage adventstake. 
Det blei ein enkel versjon i år, med mose, lys, ein engel og ein liten krans i ei Tine K potte.
Vi har tent fyrste lyset og plugga i adventstjerna - herlig følelse. 


I helga har eg vore heima i Rosendal på eit utrulig koselig arrangement, Jul i Rosendal
Kort fortalt ein god gammaldags julemarknad med mange flotte bodar og god stemning. 
Når eg kom heim til Bergen i dag, hadde min flotte mann, sviger søster og mann montert babyseng, barnevogn og flytta sofa frå kjellar til stove (vi har solgt sofaen vår, meir om det seinare). 
Ein strålande kjekk overraskelse altså:) 


Meir om sofa, babyseng, juleforberedelser og anna kos kjem plutselig 
- eg lovar det ikkje blir 4 veker til neste gong:)

Ønsker deg ein nydelig fyrste søndag i advent!

11 kommentarer:

Unknown sa...

Så flott den var ♥
Kos deg med adventstiden:)

Cathrine sa...

koselige bilder:)
Håper det går fint med deg, er jo ikke lenge igjen nå!
Ha en deilig kveld og en fin ny uke:)
klem Cathrine

ELLEMELL sa...

å så kjekt da!
masse nytt å se om ikke så lenge hos deg! gleder oss til det!
hura for sofaen da! endelig fikk du det som du ville:)

gleder emg til snart!
klem ellemell

Anonym sa...

Kjekt at du e tebake;-) Ha ein fin desember og nyt den spennande tida! Ingebjørg

Øyeblikk sa...

Juhuu :) Det var ein skikkelig, ordntlig koselig adventstake! Eg er også veldig julete, og likar å starta tidlig på julepynten og jula generelt. Som deg er eg også totalt ferdig med jula 1. januar, og når eg har fått rydda den ut, og dusja etterpå, så er det ein fantastisk følelse!

No skal eg laga meg ei liste i morgon, over kva julegåver eg skal handla. Får lønn i morgon, og vil veldig gjerne bli ferdig medan det fortsatt står + på kontoen. Eg har ein lei tendens til alltid å ha mykje månad att på slutten av lønna... I år kjem foreldra og brødrene mine til oss for å feira jul, og det gleder eg meg veldig til! Eg skal bli tante to gongar til neste år, så me har nytt synet av tante Kjersti sin gravid-mage i helga når me var samla hos svigers. Eg trur faktisk ikkje veit om noko som er finare! Kosa deg med magen din, og ta vare på deg sjølv :-)

Klem Eli

☆Baronivegen☆ sa...

Så koselig innlegg Marianne:)
Syns advenstaken din var super fin:). Og veldig fint og pynta med ting frå naturen:)
Ååå, sant Jul i Rosendal er koselig? Får skikkelig julestemning, og tenk at vi skulle få snø til denna helgo..Perfekt:)
Nærmar det seg snart termin no?
Spennande, så herlig:)

Forsatt fin kveld til deg:)

Klems Evelyn:)

Anonym sa...

Så koselig å sjå bilder og lesa innlegget ditt,det er ei fin tid dette og synest du er veldig flink som klarer alt dette,så herligt at mens du var vekke så ordna dei opp,det er ein flott overraskelse:)
Her og blir jula kasta ut 1.januar og då begynne eg liksom på nytt og er glad eg kan regnskap opp,hihi merklig me gleder oss til å pynte men så er det godt når det nye året er her og vi kan ta det bort:)

Ei fine ny veke til deg!
Klem fra Lillian

Unknown sa...

Masse lykke til med de dagene som kommer! Mye å gleder seg til.

Stilig adventstake ♥

Klem,
Vicky

Frøken Loppe sa...

Hei på deg!
Kjekt å "ha deg tilbake" :o)
Kjempe fint adventstake du har laga!!
Så koselig å ta litt natur inn...
Høyres ut til at du har meir enn nok å styre med, husk å kose deg og, med både førjulstida og siste graviditetstida (sjølv om den nok begynner å bli "tung" ;o)

Spennande med sofa... ser fram til å høyre meir om det.. ;o)

Fin veke til deg!

store klemmer

Unknown sa...

Koselig adventsstake og Marked i Rosendal høres kjempe kjekt ut!!! Lykke til med magen..du må nyte den siste tiden ;o)))
STOR klem Elisabeth

Anonym sa...

Kjempe fin adventsstake Marianne :) Du e kreativ og flink! :) Spennande med ny sofa,gler oss til å høyre og sjå resultat :)
Som dei andre skriv,HUSK å ta vare på deg sjølv og nyt den siste tiden som gravid :) Du har ei utrulig flott tid å sjå fram til :) Nerma seg veldigt.me gler oss til å møte vidunderet :)<3
Ha ei fine ventetid :) Kos deg og hels masse til Øystein! :)

Gode klemmar fra Elin B ! :)