torsdag 16. januar 2014

Rom

Eg er så heldig å ha eige hobbyrom. 
Rommet blir imidlertid mest brukt til gjesterom:)
Vi har jo begge to familiar og vener andre stader enn Bergen, så vi har mykje besøk. 



Då er det veldig kjekt å tilby ein god plass å sova. 
Sidan rommet ikkje er så altfor stort, så passar det ypperlig med ei trekk-ut-seng frå IKEA. 



Det eg elskar mest med senga, er at det ser ryddig ut. 
Ein kan putta alt rotet nedi tre skuffene, og kun gjera plass til puter! Hurra!
Mannen min meiner eg er fullstendig hekta på puter, og kjenner absolutt ikkje mine eigne begrensningar. 
Og det er jo heilt sant!
Men eg har jo så mange mange plassar i huset som treng puter... 
Då bør ein ha eit lite utvalg. 



Som du ser så har vi hengt opp noko på veggen. *stolt*
(lid av henge-opp-ting-på-nymalte-veggar-forbi)
Ein kan kanskje spørja seg kva ein skal med to kassar og ei tavle på ein vegg. 
Men eg syns det blei fint! Litt annleis enn berre bilder. 
Bilder skal forøvrig komme på tavla. 
Tenkte meg ein hyssing frå ende til anen, og klype på nokre bilder av gode vener,
men eg tenkte dei kanskje ikkje ville ha si glanstid på bloggen:)



PS! Dersom du trur at det tomrommet mellom senga og veggen vanligvis er tom, så kan eg informera om at det fungerer som oppbevaring av mengder av interiørblad (og sjølvsagt litt puter):)



Ha ein fabelaktig dag:)


7 kommentarer:

Gledene i livet sa...

Det er herlig å ha et eget gjesterom - spesielt hvis man ofte har besøk både titt og ofte. Jeg tenker det må være godt for gjestene å ha et eget rom hvor de kan ha tingene sine - og "trekke seg litt tilbake" - uten å måtte være i stua.

Jeg elsker de kassene, og bruker dem selv som pynt. Og når det kommer til puter så tror jeg du lider av det samme syndromet som de fleste andre damer. Jeg får heller aldri nok, og nå begynner mannen å bli ekstra oppgitt hos oss for nå har jeg nemlig begynt å bytte ut alle putene vi allerede har med dunputer, hahah!

Fin torsdag til deg :)

Shus sa...

Fantastisk innlegg, og putemani...skjønar godt kva du snakkar om. Eg kan heller ikkje få nok av dei, og no fyller dei sofa, korger, golv og kassar.... Og eg har plan om å sy nokre til!! Jaddam.

Heldig er du som har eige hobbyrom, vi har eit slags kontor/hobbyrom, som alltid er fullt i ja, rot kallast da!!

Men kanskje eg skal gjere ein innsats der, sidan det bles full storm ute.

Klem frå Solveig

HusmorDronninga sa...

Herlig!
Den senga der er bare heilt genial! Rommar såå mykje, og tar seg flott ut når ein ikkje har gjester...
Gjesterommet/hobbyrommet vårt består desverre bare mest av rot.. Godt å kunne lukke igjen døra for rotet..men fyy for ein jobb når det kjem nokon å vil låna det!! Hoho.. Snart er den tida forbi og, for oppussing må til, for at minsta prinsesso og ska få eige rom.. Ikkje lenge igjen til ho ankomme no...og formen er deretter... :/

Ha ein strålande kveld!
Klem fra Kjersti

Har en drøm sa...

Så fint:)
Og så heldig du er som har et hobby/gjesterom:) Her er det mangel på ekstrarom - og det merkes:(

Datteren i huset har den sengen, veldig praktisk OG fin, det liker vi ♥

Har en drøm sa...

Så fint:)
Og så heldig du er som har et hobby/gjesterom:) Her er det mangel på ekstrarom - og det merkes:(

Datteren i huset har den sengen, veldig praktisk OG fin, det liker vi ♥

Fru her og der sa...

Likte så absolutt løysinga di på veggen!
Og så deilig med eit kombirom!

Ha ei fortsatt flott helg!

Klem

Vibeke / Mammas Hus sa...

Kjempefint! :D

Vi har også gjeste-/hobbyrom. Og det er veldig godt å ha, spesielt nå når 1-åringen har litt urolige netter. ;)

Ha en fin søndag ♥