lørdag 22. oktober 2011

Julepakke i posten

Det er ikkje jul i Fruehuset endå altså, men ein må vera
tidleg ute med å planlegge om ein skal få tak i gobitane. 

Pakke i posten er nåke av da kjekkaste eg veit:)
Sjølv om det er eg som har bestilt det, og eg veit kva det er.


I dag kom ein pakke med juleinnhold, to nydelige putetrekk og ein fin lysestake frå Mias Interiør. 
Likar veldig godt tekstiler med sånne enkle striper på, kanskje eg må kjøpa duken også? 
Det passa ekstra godt med lysestaken, for eg har jo pakka ned alle mine (!)
Vi skulle visst ikkje kose oss med levande lys før i desember vi.
Men det var jo enkelt å løysa med å kjøpe ny:)


Var ein tur innom Åhlens også, der var det blitt endå meir jul siden sist. Så eg måtte handla med meg noko juletrepynt. Det har eg nemlig ikkje (nesten). Då eg kom til kassen sa ekspeditøren at dei ikkje fekk inn meir av juletrepynt, og desse kom til å gå fort. Ja, så då måtte eg nesten ha nokre ekstra:) Pynten skal pakkast ned å ligga og venta på adventstida.

Lurte på om eg skulle kjøpe julesengklær også, men når eg sendte dette bildet til husbonden fekk eg beskjed om at det såg ut som at ein måtte sove i julenissen sin kjeladress, så då blei det ikkje det:)


Til slutt tok et turen inn på Tilbords for å kjøpa to av dei nydelige tallerkane vi manglar i bryllaupsservice. 
Det var tydeligvis "Damenes helg" i byn. Det burde eigentlig få alarmklokkenen til å ringe. 
Det var enormt med folk, masse damer:) Når alle desse damene + meg stod i kø på Tilbords var det om å gjera å vera om seg når eg blei kalt bort til kassen. 
Det er ikkje hadde tenkt på var at eg hadde jo kjøpt ut Åhlens`juletrepyntlager, og hadde litt brei last..
Derfor braste eg inn i ei slikt fint tårn av vinglass, du veit - sånn som står fint dandert oppå kvarandre. 
Reiv med meg ei eske ned på golvet
*KNAS*
"Oi, eg trur kanskje dei knuste" sa eg idet eg løfta eska
*DOBBEL KNAS*
sa eska då...

Men ekspeditøren var superskjønn og sa at det var heilt ok, gjorde ingenting,
Uff, det var uansett fryktelig flaut...

No skal husbonden og eg ut å ha ein sein lunsj/tidlig middag på ein nyopna japansk restaurant på hjørna, så kan laurdagskvelden berre komma!

Ha da fint så lenge. 

Marianne:)

5 kommentarer:

Frøken Loppe sa...

Oj, oj... høyres ut som du har hatt ein hektisk, innholdsrik og spennande dag... :o)
Uffda, ikkje kjekt å knuse på butikken, men digger supersøte ekspeditører som smiler uansett :o)
Når vi var i Tyrkia, var det ei IKKJE supersøt ekspeditør som var uheldig å knuse toppen av ei glasslampe ho skulle sjekke prisen på for oss.... og ho blei DRITT sur...på oss... så ikkje alle er like søte.. :o)
Håper du og din kjære hadde ein flott laurdagsettermiddag/kveld!

Randi sa...

Jysses da var uflaks. Satsar på at Til Bords butikken har forsikring for sånne kundar som deg....he he.Neste gong du er på shopping får du avslutte med Ahlens. Ha ein strålande søndag.Klem

Fruehuset sa...

hehe, ja da blei ein innholdsrik dag:)
Uff, hørres ikkje så kjekt ut med ei sur dame i Tyrkia, ein veit jo aldri korleis dei kan reagere...

Eg trur kanskje lærdommen er at eg bør avslutte shoppingrunden på Åhlens ja:) Klem

God søndag!

Sommerlyst sa...

Hei Marianne!! Lite visste jeg at du hadde en blogg!! Så kjekt! Gleder meg til å følge deg i de nye huset... ;)

ps: Tusen takk for den koselige kommentaren! ;)

Fruehuset sa...

Hei:)
Ja, eg er ganske fersk, men det er super gøy:)
Blir så inspirert av alle dei flotte bloggane rundt om, blant anna din.
Ha ein strålande dag!