lørdag 29. oktober 2011

Laurdags lykke

I dag har vore ein strålande dag så langt. Mamma og eg har vore på handel. Alltid når eg er heima så er vi på handel og ikkje på shopping:) Koselig! Vi har faktisk fått handla fleire julegåver, så digg å vera i gong med det. Det blir så mykje kjekkare når ein har god tid. 


Vi var ein tur på Galleri G Guddal for der hadde dei fått inn flotte munnblåste glas med inngravert hardangersaum av glasblåsar Silje Syse frå Ulvik. Dei var utruleg vakre og unike! Det kjem inn fleire produkter med dette mønsteret på, kanskje det blir ei julegåve?:)


Ein tur på bokhandleren er òg obligatorisk:) Det er så koselig med sånne små uavhengige bokhandlarar. Her fann eg desse bøkene som skal på mi ynskjeliste til jul.

Ein av mine favoritt butikkar er interiørbutikken Stemning. Dei sel masse flotte ting, bla frå Bloomingville og Green Gate. Her er ei kul korg lignande greie, tenkte den hadde vore fin til å på badet. Det vesle fatet i stein måtte eg sikra meg, det skal snart få besøk av kongler og lys. 


Ein ny type zink hus, som ikkje var i zink - litt usikker på kva det var. Men fiiine var dei. 

No som vi har fått hage, så må vi ha eit hus til fuglane. 
Dette frå Bloomingville fallt eg heilt for, men som mamma poengterte "da e jo ikkje nåke du ha". 
Og ho har jo forsåvidt eit poeng, vi bør jo kanskje kjøpe golv, kjøkken og nye røyr før vi kjøper fuglehus..

Helga heime svarer heilt til forventingane. 
Igår hadde vi forresten ei knallgod kyllingsuppe som eg skal legga ut oppskrift på seinare.
No er det avgårde på barselbesøk:) jeii!!

God laurdagskveld vidare. 

Marianne:)

2 kommentarer:

Frøken Loppe sa...

Hei!
Så kosleg å komme heim og gå på handel med ho mor :o)
Masse spennande du har sett på!!
Kjekt å ha god tid til å velgje ut julegåver!
Ja, det er mykje ein kunne tenke seg å kjøpe når ein etablerar seg i ny heim, men viktig å prioritere også... sjølv om det ikkje alltid er like lett ;o)
God søndag til deg!

Pink lady sa...

Så koselig å være hjemme og på handel med mammaen.

Selv var jeg alene på handel på lørdag. Fikk kjøpt ganske mange julegaver og bursdagsgaver. Og litt til meg selv.. ha ha

Nå er du kanskje tilbake i byn og klar for hverdagen igjen. Ønsker deg en god uke!

Klem Pink lady