mandag 16. april 2012

Litt inspirasjon og award

Jammen er det kjekt å bli 30 år:)
Vi hadde mange kjekke gjester og eg fekk mange flotte gåver!
Blant anna fekk eg eit nytt objektiv til kamera mitt frå min kjære. 
Gler meg masse til å ta det i bruk, og kanskje forbedra fotokvaliteten eit hakk her inne:)

Dette bildet blei tatt når sola var gått ned:)
Bloggen har dessverre blitt litt forsømt i disse bursdags - og ryddedagar. 
Men no er eg tilbake!


Så utrulig kjekt å sjå at eg har mottatt heile 3 awards mens eg har vore vekke (!)
Litt usikker på kva det eigentlig er, men trur det går på at nokon likar bloggen og vil veta meir?:)
Awarden fekk eg frå dei kjekke bloggjentene Fine Friminutt, Maskinistfrua og Mi familia. 
Tusen takk:))


Her er reglane:
1. Ein skal linke til den man mottok awarden fra.
2. Ein skal senda awarden vidare til 5 andre bloggere som har mindre enn 100 følgere.
3. Ein skal besvare 5 spørsmål.

Awarden er sjølvsagt frivillig.


Spørsmåla:

Kvifor begynte du å blogge?
Eg oppdaga blogging ved ein rein tilfeldighet.
Du veit når du googler ulike saker og ting, kan faktisk vera kva som helst, så får ein som regel eit treff frå eit kvinneforum. Der kom eg for ca 2 år sidan, over eit «nytt» fenomen; interiørbloggen.
Eg har alltid vore veldig interessert i interiør og blei kjempe inspirert av å lese bloggar.
20.august 2011 gifta eg meg med min kjære og feira med eit tredagars bryllaup i Rosendal.
Vi hadde behov for å få ut informasjon til gjestene våre, og eg oppretta derfor ein bryllaupsblogg. Då den store dagen var over bestemte eg meg for å opprette ein interiørbloggJ
Eg jobbar fortsatt med å finne mitt uttrykk på bloggen, men det viktigaste er at det er kjekt, motiverande og inspirerande.
           

Kva for nokre blogger følgjer du?
Eg følgjer mange ulike bloggar. Hovudsakleg interiørbloggar og nokre matbloggar.
Eg finn mykje glede i og lesa ulike bloggar med forskjellig stil.
Blir stadig imponert over skrive- og fotoeigenskapar rundt om:)


Favoritt farge?
Trur ikkje eg har ein favoritt:) Men akkurat no er eg veldig hekta på grønn. Alt frå mintgrønn til flaskegrønn til grønnfargen som snart kjem på trea.

Favoritt film?
Det er nesten heilt umulig og sei.
Eg er veldig glad i film, så eg må nesten ta det i kategoriar:
Drama: Så som i himmelen, Cold Mountain  
Lang film: siste BBC versjon av Jane Eyre
Eventyr: Er ikkje mulig og velje mellom Harry Potter og Ringenes Herre
Romantisk komedie: Love Actually
Grøsser: Fritt Vilt 1 og 2
Komedie: Bridesmaids
Action: Casino Royale

Jøss, utrulig kommersiell filmsmak ser eg, jaja:)
 PS. Eg skal sjølvsagt sjå den nyrestaurerte Titanic i 3D i nær framtid. 

Kva land drømmer du om å besøke?
Eg drøymer om å besøke ABC øyene utanfor Venezuela.
Aruba, Bonaire og Curaçao

Eg sender awarden vidare til disse kjekke bloggane:


Bildene i dagens innlegg er litt hage og "porch" inspirasjon frå Country Living. 
Det er så vårlig og fint i Bergen i dag, så eg måtte berre drøyme litt. 

Håpar du ha ein fin fin vårkveld:)
neste innlegg blir give-away!
 

7 kommentarer:

PIAZZAN en inredningsblogg sa...

Ett stort grattis lite i efterskott ...Kram
Pernilla på Piazzan

Anonym sa...

Gratulere med heile 3 stykker awarder:)
Ein fin dag til deg!

sa...

Tusen takk for blog award og grattis med 3 stykker selv :) Ble kjempeglad for oppmerksomheten :)

Klem

Unknown sa...

Helt sant, det er mange fine blogger og man blir nysgjerrig ;)

Koselig bilder du viser i dag! Liker veldig god den første... nam!

Vicky

Hylleblomsten sa...

Gurimalla så STAS med award!:) Tusen takk, jeg ble veldig glad:) Jeg er ganske ny i bloggland, men jeg har samme oppfatning av en award som deg:p Og nå vil ikke jeg være kjedelig og virke utakknemlig, men jeg har aldri vært så flink på verken kjedebrev -eller mail og slikt. Men jeg ble virkelig glad, så jeg håper du ikke misforstår meg:) Ha en fortsatt fin onsdagskveld! Klem:)

tonje boganes sa...

Gratulerer så mye med dagen din som var!!
God klem Tonje

Kvardagselskaren sa...

Har ikkje vore innom her før, men her var det jo mykje god inspirasjon! :)
Og for eit NYDELEG kakefat! Er så estetisk med etasjefat.