søndag 16. oktober 2011

Kvifor Fruehuset?

Min fyrste bloggutfordring:) Spennande!
Utfordringa kjem frå Mrs Hardy, og går ut på å fortelja om bakgrunnen for valg av bloggnavn. 

Eg begynte fyrst å blogge i anledning vårt bryllaup 20.august i år. Siden vi hadde eit 3 dagars bryllaup, så ville vi ha ein kanal å nå gjestene på med all praktisk informasjon etc. Eg hadde følgt med i bloggverden i snart to år, og hadde lenge tenkt på å starte ein eigen interiørblogg.

Likte det kjempe godt og fekk masse positivt respons. 
Derfor bestemte eg meg for å opprette ein eigen blogg etter bryllaupet.

Foto Baroniet.no
Vi gifta oss i Baroniet i Rosendal, der eg kjem frå.
Under bryllaupet budde heile svigerfamilien min i eit hus som tilhøyrer Baroniet, nemleg Fruehuset.
Eg har alltid likt navnet på dette huset godt, og plutselig gjekk det opp for meg at eg skulle jo bli fru!

I tillegg har vi ei stund leita etter drømmehuset i Bergen. Det har vi no funne, og dermed passa da heilt perfekt med Fruehuset. Størstedelen av familiane våre bur i Rosendal og Førde, så ein blogg vil vera ein kjempe fin å holde dei interesserte oppdatert på. 

Bloggar også for å inspirere og ikkje minst bli inspirert!


No ser vi slutten på forberedelsene til salg av leilighet. Trur faktisk aldri den har vore så strøken og rein:) Vi fekk god hjelp av to kjempe snille kompiser av husbonden! Heldigvis, ellers hadde vi holdt på fortsatt:) 


No er det berre siste finishen som gjenstår, og det er jo koooos. 
Blir så fint med friske blomar og ryddige overflater.
Eg har som fast innslag på laurdagar å kjøpe friske blomar, herlig!




5 kommentarer:

rod i hob sa...

Hei!
Så flott innlegg! God historie med Fruehuset, de kan eg liga :-)

Nyt resten av helgå!

Frøken Loppe sa...

Blir spennande med visning! Kosleg historie om kvifor du valte namnet til bloggen din, og fine bilder frå ny rydda og nyvaske leiligheit!
Slekt frå Førde som i Førde i Sogn og Fjordane?!?
Lykke til med salget!
Fin søndagskveld!

Fruehuset sa...

Tusen takk Anne Tone:) Nyt søndagskvelden du og!

Ja, Førde i Sogne og Fjordane:) Mannen min er derifrå, og har ein stor familie som bur der. Kjenner du nokon derfrå kanskje?
Tusen takk for lykkeønskninger og fine ord, det blir kjempe spennende:)

Godt Isolert ♥ Victoria sa...

Koselig istorie på hvorfor du valgte bloggnavnet ditt! :) Lykke til med leilighetssalget!

Unknown sa...

Så bra at du begynte å blogge :)
Fint navn!
God helg ønskes ;)