tirsdag 20. desember 2011

Julebord og krans

Siden vår heim ikkje akkurat oser av julestemning om dagen, 
så må eg finne inspirasjon frå den kulørte pressa. 

Foto Sköna Hem
Eit vakker dekka julebord
Ikkje så typisk "julete"
Ideen kan gjenbrukast heile året


Foto Country Living

Kvite englevinger på kvar stol, 
spørs om ikkje gjestene hadde fått 
inntrykk av at dei var invitert på eit
vekkelsesmøte, haha:)

Kanskje ein krans på kvar stol hadde vore meir naturlig. 

Foto Country Living

Ein enkel grønn krans, 
laga av dørklinka
(heiter det det?:)


Foto Country Living

Eller denne versjonen
Ein krans av bilete. 

Det er så koselig å følge med på
alt det vakre som blir laga 
i bloggverden om dagen.

Gler meg til neste år eg!

Tilbake til arbeidet, ha ein fin tirsdag:)


søndag 18. desember 2011

Kos med kaos

No har eg fått sneke meg til eit lite minutt for å lage eit sårt etterlengta blogginnlegg. 
Det var enten kjøleskapet eller internett sa mannen min, 
så då seie det seg sjølv at eg kan ikkje bli lenge:)

PS. Dette er det "fine" hjørnet! Også kalt kjøkenet.

Vi har nemleg flytta inn i Fruehuset:)
Og er her det fullstendig kaos.
Vi har feks ikkje strøm i stova og på kjøkkenet, men vi har jo strengt tatt ikkje kjøkken heller.
Det blir ein del takeout om dagen, så om nokon har tips til god takeout mat så skrik gjerne ut. 

Flyttelasset står over alt og i går kveld fekk vi endelig ferdigstilt gardeoben vår. 
Så då kunne eg begynne å legge inn klær, men eg fant jo nesten ingen. Mistenkelig!
Kan vel ikkje ha gitt alt til Fretex?


Men eit rom har vi no fått nesten ferdig, iallefall slik at vi kan bu i det. 
Soverommet vårt fekk ein fontvegg i fargen Krydder.
Eg er kjempe fornøyd med resultatet. 
I går fant eg masse puter som eg heiv oppi (tilfeldigvis i samme fargeskala)
Og vi spiste takeout og såg film på PCskjermen i senga i går. 

Koselig kaos i nytt hus!

Håpar det ikkje blir lenge til neste innlegg.
Måndag begynner vi å sette opp kjøkkenet og det blir såå fint.
PS. Eg ombestemte meg i siste øyeblikk og der blei benkeplate i eik, 
tusen takk for alle synspunkta eg fekk:)

Gler meg masse til å lese kva dåke andre held på med etter kvart:)

Der var tida ute! 
Einaste fordelen med å pusse opp og flytte i julestria,
er at det er søndagsåpent over alt. 
Så vi må nok ein tur ut til IKEA i dag også ja. 

God siste søndag i advent til deg:)

tirsdag 13. desember 2011

Kjøkkenet vårt

Puh! Det går verkelig full fart fram mot flyttedato. 
Flyttedato til Fruehuset:)

Vi skal tilbringe helga med å flytte og vaske, 
no jobbar fabelaktige håndverkere med
å bli klar til å installere kjøkkenet!


Så - kanskje vi må bestille kjøkkenet snart?
Det er nesten klart for siste tur til IKEA (haha, neppe)
Slik ser det altså ut:) Eg er superfornøyd!

Spesielt med høgskapa til venstre
Den store kvite vasken med vindauga
Vitrineskapa til høgre

Men eg treng litt hjelp frå deg:


Vi står nemleg mellom disse to benkeplatene...
Kva for ei syns du vi skal velgja?
Den til venstre eller den til høgre?
Dei er begge laminat.. 
Eigentleg så ville eg ha eik, 
men fornuften seira!




I dag var siste dagen på Thaimat-kurset som eg har
gått på dei siste fire tirsdagane med goode venniner. 

Eg kjem nok til å dela litt oppskrifter framover
(når eg berre får meg eit kjøkken:)
Det er utrulig enkelt og kjapt å lage thaimat.
NAM så godt:) Og sunt!

Fin tirsdagskveld til deg:)


lørdag 10. desember 2011

Parkettglede

I dag har vi vore oppe i huset, og der var parketten vår komt:)
Er super fornøyd med å valget, og håper eg kjem til å syns det når golvet er lagt også. 
Vi valgte 1-stavs Ask hvitmattlakkert. 

Foto Gulvnett.no
Men herlighet kor masse det er å tenke på
Alt frå parkettunderlag til plassering av stikkontakter,
størrelse på lister og valg av farge i stova
GØY!


Her er herligheten, og med eit lite glimt av gangen vår med "badstu-tema":)


Ei rose som fortsatt har blader i ein hage fylt med snø:)

Håper du har ei kjempe fin helg så langt!
Hos oss blir det avslapping, taco og gullrekka (opptak fra i går:)


torsdag 8. desember 2011

Sköna julhem

Nok ein tur til Stockholm, passar fint med liten storm på Flesland:)
Alltid heldig:)

Men litt vakre inspirasjonsbilder får eg ta med på vegen til gamle landet.

Foto Sköna hem
Vakker trapp med eit nydelig pynta utebord. Tenk kor fint det hadde blitt med snø på:)

Foto Sköna hem
Landligt og fint pynta med naturelementer

Foto Sköna hem
Lyst å fint, og eit liiite julatre:) Syns å vera trenden i år.

Foto Sköna hem
Tilslutt ei flott spisebord kor eg gjerne kunne ete julemiddagen.
Eg har eigentlig bestemt meg for å ha eit kvitt vitrineskap,
men lurer på å kanskje prøve meg på eit brunt eller svart. Fint med kontraster:)

Snart er det helg igjen, god torsdagskveld!





tirsdag 6. desember 2011

Wintersong

I dag har Bergen blitt dekka med eit kvitt teppe. 
Eit kvitt teppe som sjelden varer lenge.
Derfor blir vi litt sjokkert her på Vestlandet
Vertfall dei som var ute å kjørte bil i dag


Eg knipsa nokre bilete med telefonen på vei heim i dag. 

Eg brukte nemlig 1 time til jobb kvar vei. 
Det er ca 5 km.

Heldigvis var det masse vakkert å ta bilde av på turen.
"Den blå timen"


No har vi revet opp parketten på kjøkenet, og då kom dette lekre laminatet til syne!
Hehe, lurer på kva anna vi kjem til å komma over mens vi pusse opp:)


Ein nyyydelig vakker song som passar til denne dagen. 
"Winter song" av Sarah Bareilles og Ingrid Michaelson

Ha ein fin vinterkveld:)


søndag 4. desember 2011

Ei lita sølvgran


Som eg har nevnt tidligare så var eg veldig bestemt på at juletre, det skulle eg ha. 
Sjølv om vi lever mellom esker og sparkel, malingsspann og brekkjern så må vi jo ha juletre!


I følge Fruehus-mannen så kunne eg gjerne kjøpe juletre, så lenge eg skaffa det sjølv
Til  min store overraskelse og glede så fant eg juletre på blomsterbutikken på bystasjonen (!)
haha, det hadde han nok ikkje trudd nei.


Så like etter kom eg på døra med eit juletre
Ei lita, vakker sølvgran bar eg med meg heim.

2. sundag i advent i dag!
Då må vi tenne lys:)

Tenn lys!
To lys skal skinne for kjærlighet og tro, 
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem. 
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.


Ha ein kjempe fin kveld!

PS. Veggfargen frå forrige innlegg heiter Krydder 
frå Lady Pure.

lørdag 3. desember 2011

Ynskjeliste hos Hviit 2

Ein liten tur innom for å ynskje deg ein fin laurdagskveld:)
I tillegg må eg sikre meg eit lodd i Hviit sin adventskalender med mi ynskjeliste.

Spesielt Tine K lampen står høgt på lista, den er såå fin:)

Her i Bergen bles det stikkar og strå!
Derfor er det fint å tenne levande lys og krype under pleddet. 
God helg vidare:)


fredag 2. desember 2011

Magiske desember

Eg blir glad bare av ordet. 
Desember. 
Høyr så fin klang! 
Det er sikkert utrulig klisjè å sei det, 
men eg forbinder så mykje glede og spenning med denne månaden.

Desember 2011 blir spesiell for oss. Det blir mi fyrste jul i blogglandia og fyrste jul i nytt hus!
Dette blir kanskje huska som jula kor vi var nygifte i nytt hus og med ei fru som var blitt hekta på blogging.

Det vil sei, vi skal ikkje feira jul der, men vi har nettopp overtatt. Gler meg enormt. 
Nesten alt i huset er originalt 60-talls inventar. Men med ein gang vi kjem opp der, så blir eg så glad. Heile huset utstråler sånn varme og sjel. Så det gjer ikkje meg noko at vi kjem til å bruke tid på å pusse opp. Og ikkje minst bli kjent med huset vårt:)


Dei fyrste malingstrøka er tatt!
Og mange fleire skal det bli:)


Ønsker deg ei stårlande helg:)

torsdag 1. desember 2011

Førjulskos hos Pink Lady

I går var det duka for eit nytt bloggtreff:)
Utrulig kjekt å plutselig bli kjent med kjekke jenter 
som eg truleg ikkje hadde møtt hadde det ikkje vore for bloggen. 

Riviera Maison inviterte til kundekveld på Exhibition 
og då inviterte Pink Lady nokre av oss på førjulskos fyrst.


Pink Lady og Fabelaktig hadde baka og styrt på. 
Kjempe koselig:)
Vi fekk både muffins, colakaker, vafler, appelsinkake og ikkje minst verdens beste julebrus. 
Dei kjekke jentene som var med var:


Hos Riviera Maison var det oss og 570 andre ivrige kundar:)
Men butikken er jammen fin altså!
Her er eit vakker dekka bord ++


Eg har alltid lurt på korleis ein skal uttale navnet på butikken
I ein periode sa eg "Riviera Mansion" (altså mænsjon)
Men det er visst "Riviera Maison" (maiså)
Så veit vi det:)

Her er stolen min, eller den som eg ynskjer meg iallefall!


Kule salt og pepper bøsser:)

Tusen takk for ein kjempe kjekk kveld jenter!
Gler meg til neste gong:)

God torsdag