Allereie 2.januar og dei ivrigaste butikkane er klare med vårkolleksjonar!
Sjølv om eg ikkje er heilt klar for å sleppa til våren endå (!?)
så er det veldig kjekt å sjå på det som kjem.
Og som du kanskje har skjønt, så er eg glad i å planlegge og være tidlig ute:)
Eg har hatt meg ein liten runde i nokre nettbutikkar og her kjem eit knippe bilder av fiine nyheter.
Uten tvil er det fortsatt naturtrenden som dominerer.
Men det kjem tydeligvis meir farger, fint!
Likte veldig godt denne blåfargen hos HM Home, ein løpar er bestilt!
Morsomme og fargerike puter, ei blomsterpute til knallpris er bestilt.
Eit avlangt trefat hos Lobelia..
Vakre Tine K vegglysestaker.
Trur eg lider av putemani!
Det gjeld å styra seg:)
Her er fiiine puter hos Kremmerhuset.
Tilslutt; gøye boksar frå Kremmerhuset.
Vi er tilbake i huset og her ser det litt bedre ut:)
Kjøkkenet er nesten heilt ferdig og golvet er påbegynt.
Veggane er gipsa og sparkla.
Ikkje så lett å ta bilder siden det er mørkt døgnet rundt og ingen strøm på kjøkkenet.
Men eg skal forsøka ved fyrste høve, det blir knallfint:))
Jula fekk ikkje vera med til huset, så det var ingeting å rydde vekk, digg:)
Ønsker deg ei fin veka vidare!