søndag 11. mars 2012

Dagen derpå

Gårsdagens middag var stor suksess. 
Kjempe god mat og kjekke folk:)
Det å lage maten sammen anbefales verkelig, koselig og mindre stress. 
 

I dag hadde vi mange planar om kva vi skulle få gjort, 
men av ein eller anna grunn så får vi liksom ikkje gjort noko:)


Utanfor vindauga regner det konstant og det er skikkelig grått.
Då er det fint og vera inne og ikkje gjera nokon ting. 


Her er ein liten smakebit på vårt nye vitrineskap som kom i hus denne veka. 
Det skal få litt innhald og pyntast litt før den skal få meir oppmerksomhet her. 

Tusen takk for alle dei fine kommentarane dåke tar dåke tid til å legge igjen her. 
Det er så kjekt og motiverande:)) No har eg jammen fått 60 følgere, stor stas!
 
Ha ein fin fin søndag!

lørdag 10. mars 2012

Til bananblader og dekka bord

Då var bordet dekka og vi er klar for å ta i mot kjekke gjester.
Men dei kjem ikkje til duk og dekka bord. 
Dei kjem nemleg til bananblader og dekka bord:)


Vi skal jo ha thaimat og då er var på Global Food fann eg disse fine bananbladene 
i grønnsaksdisken. Eg anar ikkje om eller korleis ein eventuelt skal tilberede noko med dei. 
Men eg fant ut at dei var supre som dekor til bordet. 

Og meininga med utsagnet "duk og dekka bord", er vel også at maten skal vera ferdig når dei kjem?
Vel, det er det ikkje, vi skal nemlig laga maten sammen:)


Service er vårt bryllaupsservice Grey Pearl frå Willeroy og Boch. 
Elskar det:) Så fint og passar til alt!


Tre kvite ranunklar har fått tre små vasar å boltra seg i. 
Og like ved står nydelige Lene Bjerre telysestaker som vi fekk i innflyttingsgåve av gode vener. 


Oppå tallerken plasserte eg rett og slett ein full utblomstra tulipan. 
Den såg nesten litt eksotisk ut. 


Menyen i kveld er: 
Salat med salmalaks
Thaisuppe med scampi
Grøn karri med kylling 
.. og til slutt sjokoladekake:)


Håper du får ein kjempe fin lørdagskveld 
 

fredag 9. mars 2012

3 etasjers fryd

I dag har mamma og eg hatt heile dagen for oss sjølv og vore på handel i byn. 
Vi var på mange kjekke butikkar og eg oppdaga ein ny herlig butikk i Marken. 


Den heitte Mogs, dei hadde både interiør, sminke og kler. 
Og dette 3 etasjars fatet kunne eg ikkje gå i frå. 


Elskar fargen på det og ikkje minst størrelsen. 


Fatet er frå Bloomingville og har fått heidersplassen på spisebordet. 

Endelig er helga her:)
I morgon skal vi ha middagsselskap og eg gler meg masse. 
Kanskje det kjem bilder frå borddekkinga - vi skal ha thaiaften. 
Og som du ser så har vi fortsatt ein del karmer å male, prøver på nytte denne helga:)

Nyt fredagen - her blir det heimelaga pizza og avslapping.

tirsdag 6. mars 2012

Gammalt og nytt

Det er kjekt å kombinere gammalt og nytt i interiøret. 
Gjerne ting som har ei historie, gjerne ei som eg kjenner. 


Galleri Bo har ei utfordring på sin blogg om å kombinere noko gammalt med noko nytt. 
Mitt bidrag er den fiiine Figgjo mugga som eg har fått av mamma,
 og som i følgje ho er "haugande gammal":)
 Sjå her for fleire fine bidrag. 


Her fylles den med ein nydelig tulipanbukett som vi fekk hos snille svigermor som var på besøk. 
Sjå dei flotte fargane!
No som vi har heilt bare veggar og ikkje så mykje fargar, spritar denne fint opp i stova. 


I bakgrunnen ser du nye puter frå H&M Home og Kremmerhuset. 
Likar så godt dei fine blåfargane som er i butikkane no om dagen. 

JA til ein fargerik vår:)


søndag 4. mars 2012

Landlig kjøkken

Det er visst bare kjøkkenblogging med meg om dagen:)
Men eg kunne ikkje dy meg då eg fant desse inspirerande bildene hos Country Living. 


Dette bildet gjer meg endå meir sikker på at vi må ha eit trancherbord som tidlegare nevnt her. 
Spørsmålet er vel berre om mannen i huset vil dansa runddans med eit grønt bord kvar gong han skal å hente seg kaffi:)


Digger kjøleskapet på dette kjøkkenet, og ikkje minst bordet. 


Måtte berre ta med eit stovebilde også - love it!
Reint, enkelt, lyst og naturleg. 

Alle bildene er henta frå Country Living. 

Vi har slått til med pinnakjøtt i dag. 
Så har vi noko godt å lukte på mens vi maler lister. 

Finaste søndag til deg!

lørdag 3. mars 2012

Urtepotter i kjøkkenvindauga

Eg er veldig glad i å bruke urter i maten, 
men som sikkert mange andre så slit eg med å få dei til å holde seg. 

Heldige meg fekk to fiiine urtepotter frå snille Maia med bloggen Fabelaktig i posten denne veka. 
Pottene er frå Eva Solo og eg har ønska meg dei lenge. 


Dei skal nok hjelpa meg å få urtene til å vare lenger. 
Det vart veldig dekorativt når eg plasserte dei i vindauga. 
La oss håpa at dei likar lys:)


Som du ser frå bildet så skal vi male vindaugskarmar i helga
Og ikkje minst lister - jippi - det kjekkaste eg veit!

Men heldigvis får vi koselig besøk i kveld og skal lage god middag. 

Ønsker deg ein fin fin lørdag!

torsdag 1. mars 2012

Lyndessert

I dag kjem verdens beste svigermor på ein lynvisitt, 
og kva passar vel betre då enn ein "lyndessert"?


I helga fant eg desse skjønne skålene på Tilbords, 
og har laga denne oreodesserten på null komma niks oppi. 

Oppskrifta fant eg på den flotte og inspirerande bloggen:

Nam nam:)

Endelig er det mars, ønsker deg ein strålande, vårlig kveld