Vi har bestilt oss tur til hausten:)
Vi er så heldige å bli invitert i bryllaup i Toscana i september.
Heile familien med mamma, pappa, bror min og kjærasten hans.
No har vi booka eit vakker hus i fjellsida i Toscana.
Alle skal bu saman, det blir knall.
Her kan vi kosa oss ein varm sommardag og sjå på utsikta:)
Kanskje ikkje så vanskelig å sjå, men eg har vore med i reisekomiteen.
Eg er veldig glad i å organisere, og kom derfor med dette forslaget til overnatting.
Falt fullstendig for dette rustikke og fiine kjøkkenet.
Typisk italiensk landsbygd, perfekt!
Det blir strålande å vakna opp her med sola i ansiktet.
Det ser faktisk ut som det er litt lik farge på veggane der som i stova vår.
aha! Då veit eg at lilla/aubergine gardiner passar fint:)
Dette ser vi veldig fram til!
Noko å gle seg til når vi sitter i returkø på IKEA
ein fredagskveld og går glipp av "The voice"...:)
GOD HELG:)




















