onsdag 18. januar 2012

Ein fargeprøve

Tusen takk for alle kommentarane eg har fått i det siste, 
dei gjere meg hoppande glad og veldig motivert:))

I dag tenkte eg at om eg kommer heim før kl 1600, 
så skal eg få tatt eit bilde av dei nymalte veggane våre i dagslys.

Men eg hadde tydeligvis gløymt at eg bur i Bergen, 
for i dag har det strengt tatt ikkje vore dagslys.
Ikkje så reint sjelden på denne tida av året.



Eg gjorde eit forsøk på å fanga fargen. 
Den er veldig lys, og går litt mot grått. 
Du ser også litt av den nye sofaen:)
PS. Her var det mørkebrunt panel før
før/etter bilder kommer seinare. 



Årsaka til at du kun får sjå eit fint lite utsnitt, 
er at resten rett og slett er uinspirerande og rotete:)

Men meir kjem!
Det blir ein total forvandling, 
og skikkelig fint:)


Håpar du har ei fin veke så langt, 
i morgon er det nesten helg igjen:)


1 kommentar:

Unknown sa...

Kjempefin farge:)
Og så lekkert kjøkkenet er ♥
Jeg elsker de flisene dere har valgt:)