fredag 23. september 2011

Haustbukett

Som eg nevnte tidligare så var eg på hyttetur på denne veka. Vi var på ein kjempe flott plass ute på Sotra. Eg fekk plukka med meg masse flotte haustfargar, og laga ein bukett når eg kom heim (gløymde visst å stryka duken:)


Det er ikkje så mykje som skal til. Eg blei veldig fornøyd, sjølv om eg hadde tatt med meg opptil fleire spennande skapningar i min iver etter rogn og gule blad. 


Ikkje overraskande så regna det ein del, så litt tørking måtte til.


Lauva står oppi ei eldgammal Figgjo mugge som eg fann heime hos mamma og pappa. Den har eg blitt kjempe glad i, og brukar den til allslags blomar. 

Håpar du har ein fin solskinnsdag:)


2 kommentarer:

Home & Wine Blogspot.com sa...

Hei hei
Herlig høststemning :)
ønsker deg en flott fredag
klem anita s

Marianne sa...

Ja, ikkje sant?
Det er så fint når ein kan ta naturen inn:)
Håpar du får ei kjekk helg!
Marianne:)