mandag 19. september 2011

Haust på balkongen

Vi har ikkje så stor uteplass å gjera klar til haust og vinter. Men den vi har er veldig kjærkommen og eg er veldig glad i å pynta med blomar og lykter der. Ofte kan vi tenne lys i lyktene på balkongen og sitte inne å sjå ut. Veldig koselig:)


I går var eg på blomsterpaviljongen og kjøpte 3 lyngplanter. To av dei har fått plass i ei zinkpotte, og den andre fekk lov å komme inn i stova. Den grøne lykta har eg kjøpt på ein vakker interiør butikk i Rosendal, Stemning. 


Epler gjer seg veldig fint som hauspynt, spesielt disse som var så friske og fine i fargen. Det gjer eigentlig ingenting at det er haust, når eg tenker på alle dei vakre fargane som snart kjem. 


Inne fekk lyngen plass på det nye trefatet som eg fant på Kremmerhuset. Syns det var så haustligt og fint. Lyngen vart fort godkjent av husbonden fordi den var lav, og ikkje stod i vegen for TVen:)
Saman med lyngen står ei nydelig klokke kjøpt på marked i Krakow i fjor haust, og ein fin telysestake frå ein annan kul interiørbutikk i Rosendal, Årmann.



Då var det mandag ja, og eg skal på hyttetur med jobben:) 

Ha ein flott dag!



Ingen kommentarer: