torsdag 15. september 2011

Velkommen til meg

Ja, då kastar eg meg inn i bloggverden med skrekkblanda fryd:) Blogging er eigentleg eit merkelig fenomen. Spesielt den type blogging som eg no gjer meg i kast med. Eg kjem kanskje til å skriva om pyntetinga mine, om kjøkkenhåndukane mine, kva eg gjorde på i går, kanskje om ein god muffins eg har laga. Det er vel tema som strengt tatt ikkje er interessant for mannen min ein gong, kun mamma. Men eg har blitt veldig sjarmert av og interessert i denne verda, som dei kallar for blogglandia.

Her har eg faktisk baka muffins ja, var på knallgøy kurs med Manuela frå passionforbaking.com

Eg oppdaga det eigentlig ved ein tilfeldighet. Huskar ikkje korleis. Men mistenker at det hadde noko med google å gjera. Eg kom inn på blogg etter blogg som gav meg bøttevis med inspirasjon til heimen vår. Før eg oppdaga blogglandia så hadde eg ingen spesiell interiørstil, bare kjøpte det som var fint og plasserte det ved siden av noko anna som var fint. Eg kan fortsatt ikkje definere interiørstilen min heilt, men den følgande bilder er beskrivande:


Nyleg gifta eg meg med min herleg mann. Vi hadde eit fortryllande bryllaup på det som er heimstaden min, nemleg Rosendal i Kvinnherad. Bryllaupet blei holdt ved Noregs einaste Baroni, og det var verkeleg ein draum. Litt bilder frå bryllaupet kan du sjå på den no pensjonerte bryllaupsbloggen vår.


Vi bur i Bergen, men familiane våre bur i Førde og Rosendal. Denne bloggen blir derfor blant anna ein fin kanal til å fortelje om stort og smått. Det blir då i tillegg til dei uendelege telefonsamtalene vi har. 
Tema som kjem til å dukka opp på bloggen er: 


Eg håpar du trives her hos meg i Fruehuset etterkvart som bloggen tar form.
Legg gjerne igjen ein kommentar om du vil, då blir eg veldig glad:)
Vi snakkast!



6 kommentarer:

Mamsens hus sa...

Hei :)
Koselig å finne nye bloggere. :)
Gleder meg til å titte innom deg igjen.
Ha en fin kveld videre. :)

Heidi sa...

Velkommen som blogger. det er både morsomt å lærerikt. Spennende å titte innom nye. God helg til deg.

Marianne sa...

Oi, så kjekt med kommentar på fyrste innlegget, to til og med:)
Så koselig, tusen takk.
Gleder meg til kikke innom dåkas bloggar.
Ha ein fin fin fredag:)

Fru Eriksen sa...

Velkommen! Moro med nye bloggere!!

Ønsker deg en strålende helg!!

Hilsen fra en annen frue! :)

Marianne sa...

Tusen takk for da:)
Ei rikitg god helg til deg også!

Marianne:)

Elin sa...

Hei Marianne! :)
Kjempe fin blogg :) Gler meg til å lese & følgje med videre!!! :)
GOD helg til deg & Øystein! <3
KLEM!!!