tirsdag 27. september 2011

4 årstider

...på ein dag!
Eg er for tida på kurs på austlandet, nærmare bestemt Jevnaker. 
I ein pause tok vi turen til Hadeland Glassverk. Siden vi har fått så mykje flott glas til bryllaupet så tok eg ikkje med meg "store kofferten" på kurs. MEN eg tok veldig feil, for Hadeland Glassverk var jo så mykje meir enn bare glas. Masse fine butikkar, og ikkje minst natur.
I løpet av den vesle tida vi var der følte eg at eg gjekk gjennom 4 årstider, la meg visa deg:)

Hausten

Hausten var sjølvsagt best representert, og i nydeleg austlandsvêr kom viste den seg frå si beste side.


Vinteren


Julehuset, ein heilårs julebutikk!:) Veldig positiv overraskelse. 

Dei hadde pynta juletre og blant anna hengt opp dette hjerta i zink. 
(det vesle hjerta var ikkje med)
Tenk kor fint det hadde vore med julekort klistra på med fin tape?
Men den blei dessverre altfor stor til at eg kunne ta den med heim..:(

Våren


I vindauga i ein anna butikk stod det flotte flasker med limonade.. Vekka faktisk vårfølelsen hos meg. 

Sommar


Eit siste glimt av sommaren, med fargerike blomar i potter. 

Ein tur til Hadeland Glassverk anbefales på da varmaste. 

Ha ein fin haustkveld:)



Ingen kommentarer: