lørdag 24. september 2011

Vakker messe

I dag har det vore ein stor happening i Bergen. Bolig og interiørmessa i Grieghallen.
Heldige meg er jo nærmaste nabo med Grieghallen og har gleda meg lenge til dette. 
Eg gløymte kamera mitt heima, så eg tok til takke med telefonen min. 
(det var visst for langt å gå heim å hente kamera:)

Det var ei utrulig flott gjennomført messe. Mange vakre stands. Enormt med folk var det også, så eg håpar verkeleg at dette kan bli ein årlig tradisjon. 
Bildet over er frå New Home.
Likte korgene under bordet, holder litt meir orden enn bare å legge alt mulig der.


Nokre av mine absolutt favoritt lamper frå Riviera Maison. 
Håper at det er plass til ein slik lampe i det nye huset (som vi ikkje har kjøpt endå:)


Denne skinnstolen likte eg veldig godt. Bildet gjengir ikkje fargen rett i da heila. Den er mørkare og ikkje så "gul". Stolen høyrde til Pihls Paradis. Har aldri høyrt om dei før, men dei hadde ein kjempe flott stand. Butikken held til på Paradis, så endå ein god grunn til å reise med bybanen. 

PIP er også ein anna favoritt. Det er så nydelige fargar! Fant desse på standen til Velkommen.org. Det viste seg at dei høyrte heima i Fusa, og der køyrer vi forbi titt og ofte til Rosendal. Må nok avlegge eit besøk der ja. Kjempe kjekk dama som stod der også. 

Til slutt, den klassiske og nyydelige lampen frå Tine K frå standen til AC Home. 
*Ønsker meg*

Det blei nokre fine ting med meg heim, meir om dei snart.
Gler meg allerede til neste år. 
Kjempe godt jobba, alle som var med!

No er det endeleg laurdagskveld med indisk mat og kvalitetstid med mannen min:)

Håpar du får ein fin helg vidare. 


2 kommentarer:

Høstmamma sa...

Heisann!
Oppdaga bloggen din i dag, fin!

Ha en fin ny uke:-)

Hilsen Høstmamma

Fruehuset sa...

Hei:)
Tusen takk!
No skal eg ta meg ein tur inn til deg.
Så spennande å finne nye bloggar.

Ha ei fin fin veke du også:)
Helsing Marianne