onsdag 28. september 2011

Min nye baby

Hipp hurra!
Draumen er oppfylt - ei nydelig vakker Kicthen Aid kjøkkenmaskin står no på kjøkendisken min. 


Det er blant anna eit resultat av flotte gåvekort vi fekk til bryllaupet + eit knall tilbod på Kitchn.
Den er så fiin! Eg blir så glad når eg ser så flott og klassisk design - som er funksjonell. 


Her poserer ho fint i lag med ei søt PIP skål eg kjøpte på Bolig- og interiørmessa i helga. 


Eg tok og med meg denne vakre kjevla i keramikk frå Green Gate. Må innrømme eg fekk eit lite glimt av julestemning når eg såg ho. Og kven kan motstå det?
I tillegg bestemt eg meg for at kjøkenmaskina måtte jo prøvast. Derfor slo eg til på det gode tilbodet hos Wallendahl på Wilton tipper og eingongsposar til 99 kr. 


 Tidlegare hadde eg sikra meg desse skjønne muffinsformene frå Cacas..


Resultatet vart dette (ved god hjelp frå Toro og Betty Crocker). 

NAM!
Konklusjon; dette bør gjennomførast kvar mandag. Minst. 

Eg snopte meg og denne flotte potta frå Tine K:)

Ha ein strålande dag!


4 kommentarer:

rod i hob sa...

Ska sei du handle ♥
Kjekt med ny maskin då -glede meg te å sjå ke du ska laga framøve!!

Klem!

Fruehuset sa...

Ja, vi har jo fått så masse flotte gåver, blant anna fleire gåvekort:)
I helga skal vi endelig heim for å henta alle, som fortsatt ligg i Rosendal.
Gleder meg!

Skal forsøka å laga noko frå Hummingbird boka mi, ser ut som det er masse snadder der:)

klem!

Sommerjenten sa...

Gratulerer så mye! Den kjøkkenmaskinen er så fiiin!

Koselig at du vil bli med på min giveaway! Du har en flott blogg som jeg gjerne vil følge med videre :)

Klem Lene

Fruehuset sa...

Tuusen takk:)
Den har blitt ein kjær eiendel allerede.
Veldig kjekt at du vil fylgja meg vidare.

Ha ein fin søndagskveld:)