Endelig er adventstida i
gong:)
Mi absolutte favorittid
på året - den fine ventetida.
Eg er ein av dei som går
"all in" med julepynt og juleaktiviteter frå 15.november.
Til gjengjeld så pakkar
eg vekk jula 1.januar, då eg er som regel grundig forsynt!
I år kom vi litt seint i
gong.
Eg fant nemlig fort ut at det var relativt krevjande å være
superwoman.
I mitt tilfelle blei 100 %
jobb, høggravid, pusse opp trapp/babyrom, gjere klart til jul og handle inn
babyutstyr
meir enn nok - derfor har blogginga lidd under det:(
Men no er adventstida i
gong,
vi er tilnærma ferdig med
oppussinga,
julehandelen er godt i
gong,
alt babyutstyret er i
hus,
og eg er fortsatt
veeeldig gravid:)
Veldig kjekt og endelig
ha litt tid til og lage adventstake.
Det blei ein enkel
versjon i år, med mose, lys, ein engel og ein liten krans i ei Tine K potte.
Vi har tent fyrste lyset
og plugga i adventstjerna - herlig følelse.
I helga har eg vore heima
i Rosendal på eit utrulig koselig arrangement, Jul
i Rosendal.
Kort fortalt ein god
gammaldags julemarknad med mange flotte bodar og god stemning.
Når eg kom heim til
Bergen i dag, hadde min flotte mann, sviger søster og mann montert babyseng,
barnevogn og flytta sofa frå kjellar til stove (vi har solgt sofaen vår, meir
om det seinare).
Ein strålande kjekk
overraskelse altså:)
Meir om sofa, babyseng,
juleforberedelser og anna kos kjem plutselig
- eg lovar det ikkje blir 4 veker
til neste gong:)
Ønsker deg ein nydelig fyrste søndag i advent!