Viser innlegg med etiketten smakfulle oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten smakfulle oppskrifter. Vis alle innlegg

mandag 13. mai 2013

Mandagskake!


Tida rasar jammen av garde - plutselig var det gått nokre veker sidan forrige blogginnlegg igjen. 
Her hos oss er alt berre velstand i grunn:)

Men eg må sei eg er full av beundring for dei jentene som klarar å lage fleire blogginnlegg i veka i fødselspermisjon. Eg skjønner bare ikkje korleis ein får tida til å strekke til. 
Hadde jo tenkt at eg kom til og ha masse tid til bloggen, og ikkje minst til huset, når eg skulle ha "fri" i eit år. 
Ein ting er og få inspirasjon og å vera kreativ,
så må ein jo ta bildene, redigere og legge ut på verdsveven. 

Dagane våre går med til kosing med vetleguten, trilleturar, leiking og besøk av familie og venner.
Då går tida brått veldig fort, når ein har det kjekt altså:)

Kanskje blir det meir tid til overs etterkvart? Vi får sjå:)

Forrige veke hadde eg eit aldri så liten fot innanfor bloggverden igjen. 
Eg har nemlig hatt besøk av tre flotte bloggvenniner,



Vi har hatt ein strålande koselig middag med "make-your-own-pita-pizza" - enkelt og genialt. 
Så avslutta vi skravlekvelden med ei fabelaktig kake, no døypt til mandagskake. 
Tenkte eg skulle berre hiva inn oppskrifta for dei som måtte få lyst på noko godt. 
Kaka heiter eigentlig Safarikake, og oppskrifta har eg fått av mamma. 

1 pk Safarikjeks knusast og blandas saman med 50g smelta smør.
Legg utover ei lita kakeform (gjerne på 20 cm).
Pisk deretter 75 gram melis saman med 200 gram Philalelphia ost. 
Bland dette med ein boks piska kremfløyte. Legges oppå Safarikjeksen. 
Toppen av kaka fyller du med alle dei bæra du får plass til. 

Kjempe enkel og lage + den kan lagast dagen i forvegen.

Bilde frå instagram, så litt dårlig kvalitet:)

Kvifor mandagskake spør du? Jo - det er jo mykje frukt på må veta:)

Håpar du får ei flott veke!

søndag 13. november 2011

Hot kyllingsuppe

No er vinteren verkelig i anmarsj! Det er kaldt og friskt, spesielt på kvelden. Deilig:)
Då smakar det ekstra godt med ei god, litt hot kyllingsuppe.
Eg må berre dele ei knall god oppskrift på kyllingsuppe til fire med dåke. 
Denne har eg laga to gonger no, nam!


2  kyllingfileter
1  eple
1  løk
2 ss smør
1 ss karri
2 boks hakket tomat hermetisk (hakket)
1 dl vann
3 dl matfløte
2  grønnsakbuljongterninger
1 ts sukker
½ dl finhakket persille

Kald ostekrem
1 beger Snøfrisk naturell
3 ss lettrømme
 
Del kyllingen i biter. Skrell og del eplet i mindre biter, finhakk løken. Smelt smør med karri i ein kjele.
 
Brun kyllingbitene raskt. Fres eple og løk i smøret og tilsett vann, tomater, buljong og matfløte. La alt få eit oppkok og la det småkoke i 5 - 10 minutter. Legg i kyllingbitene. 
 
Bland Snøfrisk og lettrømme til ein jevn krem.
 
Smak suppen til med salt, pepper og sukker. Ha kremen i sprøytepose og sprøyt litt i tallerkenen, eller bruk ei skjei. Hell over rykende varm suppe. Dryss hakkede krydderurter over og ha i nokre små biter kyllingkjøtt.
 
Foto Tine
 
 Ser at eg har litt å læra på matstyling, hehe! 
Oppskrifta er nemlig henta frå Tine sine nettsider, men det var mamma som tipsa meg om den:)

Ha ein fabelaktig søndagskveld
 
Eg skal kosa meg med Downton Abbey. 
Elskar sånne seria:)