Markblomar må vera noko av det finaste med sommaren.
I tillegg til dufta av sengekler som har hengt ute.
Og ikkje minst å gå barføtt på varm asfalt.
.. og sjølvsagt norske jordbær.
Det er stort sett berre kjekt med sommar altså!
Markblomar finn ein jo kor som helst.
Eg gjekk på tur med vetleguten, og fann desse i vegkanten.
Heilt gratis! Fabelaktig.
Eg veit ikkje heilt kva for ein type dette er,
men dei minnar om rosa/lilla hundekjeks!
Dei lukter imidlertid litt merkelig:(
Og ganske intenst når eg kjenner etter:)
Vel vel, ein må lide for skjønnheten.
Blomane likte seg visst godt med den nye lampen og fine lysestakar.
Ei lekker ny pute har visst også funne vegen heim til oss sidan sist.
Men no er det jo veldig lenge sidan, så det skulle vel berre mangle:)
Håpar du NYT sommaren - det gjer vi:)






























