Viser innlegg med etiketten gravid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gravid. Vis alle innlegg

søndag 28. oktober 2012

Fin søndag


Hadde bare alle søndagar hatt med seg ein time ekstra:)
Det hadde vore noko!


Eg måtte berre innom ein kjapp tur for og gje eit livsteikn. 
Her i huset er det allereie ein ny sjef nemlig, før han er kommen til verda. 
Luringen vår har funne ut at han ville ligge i tverrleie i magen, og det verkar som han strekk seg fælt i tillegg. 
Det gjer til at mitt vanlige aktivitetsnivå må reduserast eit par-og-tredve hakk. 
Magen er også begynt å bli større for og sei det sånn, 
usikker på om det har med babyen å gjera eller at det er komt kakemenn i butikken. 
Babyen er jo i underkant av 2 kg, så noko anna er det:)
Dette går dessverre utover blogginga. 


Men heldigvis har eg gjort århundres kupp i valg av ektemann. 
Han tar så godt vare på både luringen og meg, pluss dei mange prosjekta i huset:)
"Vi" jobbar om dagen med å pusse opp trappa. Det er vel ingen sak, tenkte eg. 
Fyrst skulle vi jo berre fjerne det mosegrønne teppet, så pusse litt - og male kvitt. 
Men teppet er jo frå 19-pil og bue, og var festa med superlim frå samme tidsperiode.
Dei som har snekra trappa tenkte nok aldri og fjerna det, for det er ca 168 spikra pelma inn i trappa. 
I tillegg kjem jo alle hakka, flotte kvistar og ein nydelig knirk. 
Min flotte mann har imidlertid pussa ferdig trappa 
(nevnte eg at vi gløymte å dekka til møblane rundt pusseområdet? Lurt:))

Det nærmar seg med andre ord kvitmaling. Det er sikkert også kjempe lurt, kvit trapp no som vi skal bli småbarnsforeldre. Men vettu - den læringa skal eg ta "the hard way".


Eg lagar mat, rugar og kjøper smågodt til mannen - sjølvsagt i tillegg til å lage lister i Excel over kva vi må få gjort før deadline (babytime: 31.desember).

Men i kveld skal vi kosa med og helsa på ein viss herremann i smoking med trutemunn. 

Ønsker deg ein strålande søndag:)

fredag 28. september 2012

Det største i verda

Kva er det største i verda for deg?
For meg, for oss, er det det vi er så heldige å oppleve i disse dagar.
Vi ventar vårt fyrste barn :)

 
Det var ein heilt utrulig følelse når den blå streken på graviditetstesten dukka opp.
Det er jo på ingen måte ein sjølvfølgje, eg er så utrulig takknemlig!

Barnet vårt melder sin ankomst på årets mest sprudlande dag, nemlig nyttårsafta!
Det er jo litt morsomt å ha termin 31.desember. 
Dei fleste meinar at eg må prøve og halde igjen.
Men eg tenker han kjem når det passar han.
Ja, det er ein gut!
Stor stas :D


Dei siste månadane har vore har vore svært spennande og innhaldsrike.
Eg har stort sett vore i fin fin form, men det har gått litt utover blogginga. 

I morgon skal eg kose meg på bolig – og interiørmessa, 
og fann ut at det blei litt vanskelig å skjule den store magen.

Har tenkt litt fram og tilbake om eg skulle sei noko her på bloggen.
Men kom fram til at det syns det var merkelig og ikkje skrive om det som opptar meg stort sett heile tida.
No skal ikkje dette bli ein mammablogg, men han kjem nok til å sette sitt preg på interiøret også.
Dessutan så må vi jo innreie babyrom – hurra!


Livet er med andre ord veldig godt om dagen, då gjeld det å nyte tida.
Eg har ingen illusjonar om at det kjem til å bli berre enkelt
– men eg trur vi har mykje å sjå fram til!

Bileta eg visar i dag er ei nydelig rangle frå ei glad tante, 
og herlige heimastrikka sokkar frå ei lykkelig farmor.

Så var vi her då – vi ventar vårt fyrste barn og står på terskelen til eit nytt liv!
Eg gler meg stort :))

Ønsker deg ei strålande helg – kanskje vi sjåast i morgon?

Helsing Marianne