Tusen takk for alle kommentarane frå dåke i det siste:)
Og ikkje minst varmt velkommen til nye følgjere.
Det er så stas med blogging på grunn av nettopp dåke! *smil*
Helga mi har vore strålande:
- Bytur med sushi
- Besøk av gode naboar
- Oppdaga Jamie Oliver
- Mamma og pappa på søndagsmiddag
og ikkje minst lampemontering.
Vi har også malt eit strøk med sperregrunning på vindaugskarmane.
Eg likar så godt sperregrunning altså:)
Spesielt på grunn av at endringa blir så stor.
Legg merke til dei fagre "kykjevindauga" våre.
Dei skjermer rett nok for innsyn,
men gjer òg følelsen av å vera på tivoli!
Nokre lampar er no oppe,
men dagen forsvann ifrå oss
så eg skal visa bilder ein anna dag.
Eigentlig ville eg ha den berømte Tine K lampa over stovebordet.
Men vi hadde veldig lyst på noko anna enn makaroni med ketchup til middag
dei neste vekene, så eg måtte velje noko anna. Det blei ein litt lik lampe frå Living:)
Då var helga over, men eg ser fram til ein koselig søndagskveld med film og heimelaga pizza:)
God søndagskveld til deg!