Viser innlegg med etiketten oppussing av møbler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussing av møbler. Vis alle innlegg

fredag 1. november 2013

Ein liten openbaring


Eg fekk ein liten openbaring her ein dag. 
Eg har jo (som mange andre) lenge vore veldig opptatt av at interiøret skal vera kvitt og lyst. 
Men i eit nummer av Vakre Hjem og Interiør, var ei lys og fin leilighet med nokre svarte detaljer avbilda 
- eg blei superinspirert! Det blei litt strammare, ryddigare uttrykk. 
Du kan òg finne leiligheten her. 



Eg har nemlig ein lei tendens til å legge ting og tang rundt omkring. 
For eksempel på kjøkkenet så hadde vi ei åpen bokhylle, der havna både julepynt, bilder, bøker, 
enorme mengder papir (kor kjem det frå?) og diverse babyting.
Det ser så fryktelig rotete ut. 
Men om ein kan lukka døra, så er det jo ingen som veit at det er masse tull og tøys inni skapet! 
Eg gløymer det til og med:)
Så på finn.no fann eg eit gammalt lintøyskap som var malt kvitt. 
Drog det heim, og malte det svart!




Trur mitt forhold til svart i interiøret fekk seg ein kraftig knekk då eg (og mange andre:), gjekk fullstendig bananas på Black Design Shop og kjøpte alt eg kunne komma over av svart smijern....
Detta er ei stund sidan altså, til mitt forsvar. 

Men etter at alt smijernet fekk nye eigarar via Fretex, lova eg meg sjølv at svart, det skulle eg ikkje ha i mitt hus! Vel, no er visst det gløymt.




Er dessverre litt vanskelig å ta bilde av skapet for det står rett bak eit gelender, men eg er i alle fall særs nøgd. 
Det er komt fleire svarte element inn i heimen i det siste, dei kjem plutselig her på bloggen. 
Eg er framleis opptatt av det kvite og lyse, men no med kule svarte ting som rammar rommet inn på ein måte. 




Litt puter, lyshus, ein skinnfell og lyng gjer også at eg er fornøyd med spiseplassen om dagen. 

Håpar du har ei kjekk helg foran deg. 
Her i huset ligg vi flat på sofaen, skal eta taco og sjå på TV og eg er strålande fornøyd med det:))

GOD HELG!



fredag 20. april 2012

Hobbyrom

Hurra! Så kjekt at så mange har lyst å vera med på Give Awyen min:)


Her kjem nokre bilder av korleis skrivebordet mitt vart når eg malte det svart. 
Eg er kjempe fornøyd med resultatet, det blei eit heilt nytt møbel. 


Slik såg pulten ut før:) Furu frå IKEA. 


Golvet skal før eller seinare bli kvitt. 
Sikkert super praktisk, men skit i det - det blir jo fint!


No begynnar jakta på den kulaste lampa og ikkje minst ein fasjonabel stol.  


No er det endelig helg igjen. 
Utrulig digg som vanlig:)
Vi har lite planar og det er fint. 
I morgon blir det sushi lunsj med jentene i byn,
og kanskje blir det litt hagearbeid i helga. 

Ønsker deg ei strålande helg!

mandag 26. mars 2012

Svart skrivebord

Endelig mandag, og eg har takkavera ein supergrei svoger og ektemann fått mitt nye kupp i hus. 
Som nemnt tidligare så er eg så heldig å få eit heilt eige rom til hobbyrom i huset vårt. 
Til det treng eg sjølvsagt eit skrivebord med gode oppbevaringsmuligheiter.
Bilde frå Neamhouse.com.
Eg har sett fleire flotte hobbyrom/kontor i interiørverda i det siste. 
Dette bildet er frå den svenske interiørdesignaren Marie Olsson Nylander sin fantastiske heim. 
Fant bildet på bloggen til Fru Fransen, og likte utrulig godt det svarte skrivebordet, kul kontrast til dei kvite flatene.
(Heile huset er verd ein kikk forresten, sjå fleire bilder hos flinke Fru Fransen)  


Denne pulten fann eg på finn.no. Planen er å forvandle den med bildet over som inspirasjon.
Tre av skuffene er uttrekkbare, særs praktisk! Kanskje kjem det nye handtak på også. 
Hobbyrommet var heldigvis nymala når vi flytta inn, kvitt og fint. 
Golvet er lakka furu - så det skal eg våga med til å mala kvitt:)
Men det blir ikkje nett i morgon. Eit prosjekt om gangen trur eg. 

Akkurat no har vi akutt behov for oppbevaring om vi ikkje vil ha dei flatterande gule og blå bananeskene som dekor.  

Bilde henta frå Jotun

Tenkte å brukt Lady Supreme Finish halvblank "dempet sort". 
Her ser du eit bilde som eksempel frå Jotun, panelet er malt i halvblank. 

oooo, spennande:)

God mandagskveld!

fredag 23. mars 2012

Nytt, gammalt nattbord


Endelig er nattborda eg kjøpte for fleire veker sidan ferdig måla. 
Nattborda fann eg i brukt butikken til 150 kr stk:)


I utgangspunktet var dei ganske fine som dei var, 
men overflata var veldig stygg og full av merker.
I tillegg krasja det skikkelig med brunfargen på veggen på soverommet. 


Derfor fekk dei seg nokre strøk med ein fresh mint farge. 
Superfornøyd med resultatet - dei passar perfekt inn hos oss.


Foreløpig har eg ingenting å sette på dei, så eg må nok vise dei til dåke på nytt når dei har fått på seg lampe og kanskje noko anna fint:) Og ikkje minst står på soverommet. 

Sola skinn frå ein strålande blå himmel i Bergen i dag, fantastisk:)
La det vara heile helga. 

GOD HELG!

torsdag 9. februar 2012

Valgets kval

Plutselig var det gått nesten ei heil arbeidsveke!
Nokre veker er så travle at før eg anar det så er det fredag igjen. 

Vi har ikkje hatt den store progresjonen i heimen denne veka. 
Men eg treng litt hjelp til kva eg skal gjera med kjøkenstolen. 

Foto Sköna Hem
Inspirasjonen til kvitoljinga var dette bilete. 


Slik ser stolen vår ut no. 
Utfordringa er at det er 4 ulike typar tre i same rom. 
Benkeplate, parkett, kjøkenbord og stol. 
Eg har lagt over møbelstoffet som stolsetet skal få på seg. 

Eg er i tvil... Bør eg male den kvit? Føler det blei litt for mykje variasjon slik som den er no. 

Kva syns du?:)


søndag 5. februar 2012

Søndagssyssel

ski på tv
dagslys i timesvis
god søndagsmiddag
god tid

Søndagen har sin sjarm den også ja!
I dag held vi oss inne
ser på uvêret utanfor vindauga

For ei stund sia kjøpte eg tre spisestovestolar på finn.no
til den nette sum av 150 kr.
Eg hadde eigentlig tenkt å male dei kvite,
men så fant eg ut at eg skulle prøve å kvitolje dei. 


Optimistisk nok så trudde eg at eg kunne visa ferdig resultat i dag,
men dei ser litt rare ut.
Eg må nok ha eit strøk til.
Og ikkje minst trekka om stoffet, 
eg likar striper altså, men... hihi.

Håpar du har hatt ei fin helg:)