Viser innlegg med etiketten bryllaupsreise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bryllaupsreise. Vis alle innlegg

tirsdag 4. oktober 2011

Himmelske Hawaii

Vi avslutta vår livs bryllaupsreise på vakre Hawaii:)
Tenkte at når vi fyrst var så langt vekke, så kunne vi liksågodt reise så langt vekk frå Bergen som mulig. 
Hawaii består jo av ein del øyer. Etter tips frå gode vener (og no naboar:) så valgte vi øya Kauaì. 
Her er bilete frå Keè Beach. 
Vi budde på Westin Princville resort. Himmel kor flott det var der:)
Her er bilete på kvelden når alle faklane blei tent. 
Det stod mange griller rundt om i hagen, som vi kunne bruke til å lage mat. Genialt!


Bil måtte vi leige, det er visst svært uvanlig å ikkje ha bil i Amerika. 
Det er jaggu ikkje ofte vi har ei sånn utsikt ut bilen. 
Det går vel mest i sidelegs regn og folk med vrengte papaplyar. 


Kvar dag køyrte vi rundt på "strandsafari". Det var veldig lite turistar på Kauaì, behagelig:)
Stort sett lokalbefolkning rundt oss som dansa med bølgene. 
Uredde 5 åringar som kasta seg uti, mens eg stod på land å speida etter hai. 


På denne stranda blei eg også kjent med min nye beste venn:) 
Eller i alle fall eit lekkert blad, Country Living. 
Perfekte palmer


Her er vi på ein deilig middag i solnedgangen.
Hawaii inspirert dessert. Nam!
Nordmenn som vi er, måtte vi sjølvsagt gå på tur!
Vi gjekk den kjende Kalalau trail, som angiveleg skulle ta oss til ei vakker strand.
Det fyrste som møtte oss var x antall advarselskilt av typen;

Be aware, there might be rocks on the trail
WARNING rocks can be slippery
Look out for dangerous sand
Please remember to put one foot before the other..

Olala, virkar mykje skumlare å gå til fjells i Amerika enn i Norge:)
Vi stod grytidlig opp for å unngå den verste varmen. Men då vi begynte å nærma oss målet så var vi rimelig svette. Og då møtte vi dette skiltet:
Hmm, får vi ikkje bada på den vakre stranda når vi endeleg kjem fram seier du?
Akkurat. 
Men berre synet av den var verd turen:)
Vi var på noko som heite Ziplining. Knallgøy! 
Vi flaksa mellom tretoppar på 25 meter, hengande i ein stålvaier.
Vi måtte og gå på relativ skumle bruer.
Stemningsbilete:)
Vi måtte reise tilbake til Bergen frå Honolulu, så vi bestemte oss for å ha ei natt på Waikiki. 
Det var rimelig ulikt på Kauaì. 
Skyskraparar på stranda og skikkelig storby. Det var kult å oppleva det også. 
Utsikt frå hotellet på Waikiki:)
Ein tur til Pearl Harbour er sjølvsagt obligatorisk. Det var veldig fint å vera der, de hadde laga det skikkelig bra til. Det som gjorde mest inntrykk var å sjå filmen som dei hadde satt sammen av orginale filmklipp/bilder frå krigen og angrepet. Vi blei frakta ut med båt til minnesmerket over USS Arizona som var eit stort krigsskip som blei bomba. Skipet ligg der endå, du kan sjå toppen på det til høgre. 
Det lekker framleis olje frå vraket. 
Eit lite kjerestebilde til slutt!
.....så levde dei lykkelig i alle sine dagar....
iallefall til oppussinga startar:)

Det var slutten på forteljinga om vår bryllaupsreise, no er det striskjorta og havrelefsa som gjeld!

Ha ein fin tirsdagskveld!


mandag 26. september 2011

Sunny San Francisco

Etter Vegas var det godt å roe litt ned i San Francisco. Guri for ein flott by. Den var veldig ekte, mange flotte gamle hus. Sånne Full House hus:)

Dette bildet er tatt på Alamo Square. Her ser vi nokre av dei få husa som fortsatt står etter jordskjelvet i 1906, foran den litt nyare byen. Eit flott motiv syns eg. Har leika meg litt i Lightroom her, så bilde har fått eit 60-talls preg. 
Vi budde på eit pitte litte hotell, som heite Petite Auberge. Her er dei vakre franske dørene inn til rommet vårt. 
Det var mitt valg for å sei da sånn. Det var eit "fransk" hotell. Altså amerikanere som vil væra franske. Haugevis med blomstertapet i alle vinklar, shabby chic møbler og ikkje minst fransk frukost kun med søtsaker:)


Eit fint gammalt skap som hadde pynta (litt overkill spør du meg:) med rosemaling. Men nattbordet var det eg likte best, nydelig grønnfarge og fine former.


Litt bilder frå den vesle terrassen vi hadde. Masse fine blomar. 

Chinatown! Om det skulle vera tvil:) Masse krimskramsbutikkar, der eg blant anna fant to nydelige blå skåler til ein billig penge. Fargerikt og fagert. 

Vi var også på vinsmaking i Sonoma, like ved Napa Valley. Det var utrulig kjekt, spesielt siden vi begynte å drikke vin kl 10:) 


 Fekk smaka mange gode vinar og kjøpte til og med ei flaske olivenolje laga på den eine vingården Robledo Family Winery.
. Den har fått plass i ei lita korg ved ovnen.

Nydelige roser stod på bordet, og til nokre av vinane fekk vi servert flytande sjokolade! NAM:)


Knallskjønne gamle postkassar var kjennemerket til Larson Family Winery.


Ein liten tur inn i Lightroom og satt litt skarpare farge på ein flott cablecar.


Ein tur på Alcatraz er vel obligatorisk. Og det var vel verd turen:) Vi reiste på ein kveldstur, og sola gjekk ned etterkvart. Litt skummelt, og veldig stemningsfullt. 

Fengselsfuglane hadde tydeligvis forsøkt å pynta litt med bilder og slikt. Det var svært trange rom, og ein spesiell opplevelse å vera der å sjå. 


Til slutt Red Velvet Cheesecake frå The Cheesecake Factory. Halleluja!

.... og eit stemningsbilde frå byen. 

Oi, det blei eit langt innlegg!
Ha ein kjempe fin dag:)


onsdag 21. september 2011

Vegas baby!

Neste stopp på bryllaupsreisa vår var fabulous Las Vegas! Det var eigentleg husbondens største ønske å reisa til Sin City, men det viste seg å vera utrulig kult. Ein bør jo sjølvsagt vera forberedt på kva som ventar ein, men det var eg. Eg har jo tross alt sett "Ocean's Eleven". 


Vi hadde to overnattingar på det utrulege hotellet Bellagio. Det er ca 2600 fleire hotellrom der enn det bur folk i Rosendal. Litt vanskelig å skjønna for meg. Det meste i Las Vegas var "over the top", men det var gjennomført med glans. Halve opplevelsen med å vera der er å bu på eit kult hotell. 


Fontene foran Bellagio er ein av attraksjonane i byen, og det var skikkelig flott å sjå på kor vatnet svinga seg etter musikken. 


Eg var veldig spent på om hotellet kun var innreda med "gull" og bling bling. Men rommet vårt var nyrenovert, og faktisk ganske fresht. Så fresht som det kan bli med ei kvit skinnseng i alle fall:)


Det var mange flotte områder på hotellet, og eg falt veldig for den delen med alle luftballongene og paraplyene. Overraskande fresht det også:)
Fekk lyst til å henge opp luftballonger og paraplyer her heima også, men det spørs om det hadde blitt det samme.

Vi var også på Cirque du Soleil på Bellagio. Det var verkeleg spektakulært, heile showet fant stad i vatnet!
Foto henta frå Google
Vi var i både "Paris" og "New York" mens vi gjekk på the Strip. Det var 42 grader på dagen og steikande sol, så vi klarte ikkje å gå så lang før vi måtte gå inn på eit nytt casino.

Eit tips dersom du skal til USA; besøk The Cheesecake Factory. Det var ein knall restaurantkjede som blant anna hadde ein eigen ostekakemeny. Meir om maten der frå oppholdet i San Francisco. Anbefales!

Det vart sjølvsagt litt gambling, men dessverre ikkje dei store gevinstane. 

Det ser kanskje ut til at eg vant noko her:) Men eg spelte det nok opp igjen med ein gang. Samme som med Flax-lodd, ond sirkel altså. 

Det var ein litt om vår tur til Vegas, ha ein strålande dag:)


lørdag 17. september 2011

New York, New York

Vi har egentlig nettopp komt heim frå bryllaupsreise i Amerika. (Det hørres så mykje meir eksotisk ut med Amerika enn USA:). Framover kjem det til å komma bilder frå turen her på bloggen. 

Hotellet vårt Library Hotel, utsikten fra rommet
Fyrste stopp var fabelaktige New York. Eg har aldri vore i der før, og hadde skyhøge (bokstavlig talt) forventningar. Som blodfan av Sex and the City, så hadde eg ein klar formening om korleis det ville vera. Og der var slik! Eller bedre. Det føltes som vi var i ein film. NY oppleves som "moderbyen", det er sikkert ikkje eit ord, men altså byen over alle byer. Ein smeltedigel og gigant, som har alt.


Vi var sjølvsagt litt slitne etter bryllaupet, men vi fekk med oss mange serverdigheter og hadde det utrulig fint i byen. 

Frihetsgudinna
New York City Library
Wall Street
Flatiron building
Rockefeller center
Central park
Bryant park
Times square
....bare gå gatelangs


I tillegg til dette så hadde eg tidlig bestemt meg for at eg ville på Potterybarn. Potterybarn er ei interiørkjede, som eg fyrst høyrde om i Friends. Anbefaler nettsidene deira for mykje inspirasjon:) Stilen er vel litt lik på Riviera Maison, men større utvalg og litt meir variasjon. 

 
Husker du denne trappa frå den fyrste Sex and the City filmen?


Butikken eg fant skuffa ikkje.
Eg syns denne senga var så enkelt og fint oppredd, så to putetrekk og ei pute derifrå blei med meg heim. Lampen på bildet under falt eg også heilt for... Men sidan NY var fyrste stopp så var det kanskje lurt å ikkje fylla opp kofferten med ein 5 kg tung lampe.



Her kjem eit lite bilderas, tydeligvis med mat i fokus:)

Amerikansk frukost anbefales!

Øystein måtte sjølvsagt sjå børsen på Wall street:)


Manhattan frå Brooklyn bridge



Til slutt; verdens BESTE brownie: Double choclatechip brownie på Starbucks:)
Skal uten tvil tilbake til denne vakre byen!


I dag er det lunsj med god vennine frå Rosendal, og vin og ost med gamle romkameratar frå studietida:)


Ha ein strålande lørdag!