Hadde bare alle søndagar
hatt med seg ein time ekstra:)
Det hadde vore noko!
Eg måtte berre innom ein
kjapp tur for og gje eit livsteikn.
Her i huset er det
allereie ein ny sjef nemlig, før han er kommen til verda.
Luringen vår har funne ut
at han ville ligge i tverrleie i magen, og det verkar som han strekk seg fælt i
tillegg.
Det gjer til at mitt
vanlige aktivitetsnivå må reduserast eit par-og-tredve hakk.
Magen er også begynt å
bli større for og sei det sånn,
usikker på om det har med babyen å gjera eller
at det er komt kakemenn i butikken.
Babyen er jo i underkant av 2 kg, så noko
anna er det:)
Dette går dessverre
utover blogginga.
Men heldigvis har eg
gjort århundres kupp i valg av ektemann.
Han tar så godt vare på
både luringen og meg, pluss dei mange prosjekta i huset:)
"Vi" jobbar om
dagen med å pusse opp trappa. Det er vel ingen sak, tenkte eg.
Fyrst skulle vi jo berre
fjerne det mosegrønne teppet, så pusse litt - og male kvitt.
Men teppet er jo frå 19-pil
og bue, og var festa med superlim frå samme tidsperiode.
Dei som har snekra trappa
tenkte nok aldri og fjerna det, for det er ca 168 spikra pelma inn i
trappa.
I tillegg kjem jo alle
hakka, flotte kvistar og ein nydelig knirk.
Min flotte mann har
imidlertid pussa ferdig trappa
(nevnte eg at vi gløymte å dekka til møblane
rundt pusseområdet? Lurt:))
Det nærmar seg med andre
ord kvitmaling. Det er sikkert også kjempe lurt, kvit trapp no som vi skal bli
småbarnsforeldre. Men vettu - den læringa skal eg ta "the hard way".
Eg lagar mat, rugar og
kjøper smågodt til mannen - sjølvsagt i tillegg til å lage lister i Excel over
kva vi må få gjort før deadline (babytime: 31.desember).
Men i kveld skal vi kosa
med og helsa på ein viss herremann i smoking med trutemunn.
Ønsker deg ein strålande
søndag:)