Godt nyttår!
Håpar
du har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring:)
Vi
har hatt det heilt supert, det gjekk berre så alt for fort.
Rett
over nyttår hadde vi ei stor hending hos oss.
Vetleguten
fylte nemlig 1 år:)
Eg
kan ikkje tru at det alt har gått eit år sidan han kom til verda.
Det
har vore eit år med mange glade stunder, og minst like mange bekymringar:)
Vi
har hatt ei knall feiring med heile storfamilien tilstade.
Eg
fekk dessverre ikkje tatt så mange bilder då..
Det
viste seg at det å servere og lage middag + kake til 13 personar, ha 4 flotte
overnattingsgjester på besøk, ein vilter 1 åring (helst limt til foten min) og
middels ambisjonar om eit koselig dekka bord
- gjorde til at eg gløymte mykje
av fotograferinga.
Men
det var veldig verd å ha mange jern i elden, gu kor kjekt det var:)
Eg
fekk iallfall hengt opp den fiiiine banneren, det var stor stas med navnet
hengande over oss.
Og ja
- det står "I ÅR" på andre linja, det var visst ikkje tall med i
eska:)
Til
dessert hadde vi blant anna muffins og marshmellows.
Ein
ting eg angra på, og som eg skal gjera annleis til neste år, er forberedelsane
eg gjorde.
Men
plutselig hadde eg gløymt tida, og det var for seint med tanke på
postgang.
Så
derfor fekk eg gleda av å tråla Lagunen rundt ein lørdag ettermiddag, på leit
etter bursdagstasj:/
Eg
får skulda litt på at jula kom i vegen, neste gong skal eg iallfall ta all
bestillinga på nett i god tid.
Då
får eg det eg vil ha, samt særs lite stress:)
Forresten
så skulle vel strengt tatt muffinsen ha kikka over kanten på muffinsforma?
Vel,
dei var i det minste veeeeldig gode.
Eg har blitt heilt hekta på Passion4baking
Manuela sine ferdige sjokolademuffins
- dei har heile sjokoladebetar i:)
Apropos
sjokolade, eg skulle jo eigentlig starte eit nytt og bedre liv,
men vi har jo
så veldig masse kakerestar igjen... hmm :)
Blei
visst mykje bla bla i dag:)
Ha
ein nydelig søndagskveld!