Viser innlegg med etiketten utfordringer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordringer. Vis alle innlegg

lørdag 15. september 2012

1 år - igjen

Då var det dags for nok eit årsjubileum!
Bloggen min er nemleg 1 år i dag - hipp hipp hurraa. 


For eit år det har vore - eg er utrulig glad for at eg vågde å kasta meg ut i denne verden. 

Det er jo på mange måtar ein merkelig hobby, men det har så mange positive sider ved seg. 
Her kan du lese mitt fyrste innlegg:)



For eksempel så har eg møtt så masse kjekke folk som eg aldri hadde møtt hadde det ikkje vore for Fruehuset. 
Så gøy å treffe andre som er like opptatt av interiør og slikt:)
Eg har vore så heldig at eg har blitt kjent med knallkjekke jenter,
 som eg kjem til å ha kontakt med lenge. 




Det som har vore den største overraskelsen ved blogginga er at så mange likar den!
I utgangspunktet var bloggen tenkt som dokumentasjon av oppussing av hus, 
samt ein måte og fortjele familie og vener om kva vi driv med.  
Utrulig inspirerande at så mange av dåke tar dåke tid til å skrive kommentarar,
 og ikkje minst legge dåke til som følgere. Utan dåke hadde ikkje blogginga vore det samme. 




I dag visar eg nokre av dei ulike headerane eg har hatt det siste året. 
Dei har endra seg noko, men ikkje radikalt trur eg. 




Dette innlegget passar jo strålande med Fabelaktige Maia sin utfordring "din header". 

Dette er headeren er har i dag, og den er laga i Paint - jadda, veldig avansert:)
Eg tok eit bilete, krympa det i paint. Fonten har eg funne på internett og det er screenshot. 
Kunne veldig gjerne tenkt meg å jobba litt med utforminga og design på bloggen i året som kjem. 
Det er mange tips å hente hos Maia iallfall. 

No må eg komma med ned til byn - trakka litt rundt med venninner og litt god lunsj. Topp laurdag!
 Seinare i kveld fylgjer ein festlig middag med gode naboar. 

Tusen takk til alle dåke som følger bloggen min, uansett om de legg igjen kommentarar eller ikkje. 

GOD HELG:)

søndag 22. april 2012

To puter frå IKEA

.. og ei svært synleg frå Åhlens. 
Fabelaktige Maia har ein utfordring på bloggen sin, om å vise favoritt puta di. 


Eg har for øyeblikket falt heilt for desse to svarte og kvite putene frå IKEA i sofaen. 
Men då eg fann denne sennepsfarga puta på Åhlens i går, så vart dei endå finare. 


Likte utrulig godt fargekombinasjonane. 
Svart/kvitt - sennep og brun. 
Skulle jo tru det var ei stove frå 70-talet eg beskriver. 


Med ein lite grøn brytning i form av stilkblomar som eg ikkje veit kva heiter. 

Sjå alle dei andre fine pute-bidraga her


Vi har hatt ein rolig morgon her, no skal eg spasere ut i hagen med saksa mi 
og håpe at eg ikkje klypper knoppar - men gamle kvistar:)

Håpar du får ein søndag med masse solskin!

 PS. I dag har eg brukt eit nytt filter på bildene i Lightroom, 
usikker på om det er min nye bestevenn. Men eg prøver meg fram:)

tirsdag 6. mars 2012

Gammalt og nytt

Det er kjekt å kombinere gammalt og nytt i interiøret. 
Gjerne ting som har ei historie, gjerne ei som eg kjenner. 


Galleri Bo har ei utfordring på sin blogg om å kombinere noko gammalt med noko nytt. 
Mitt bidrag er den fiiine Figgjo mugga som eg har fått av mamma,
 og som i følgje ho er "haugande gammal":)
 Sjå her for fleire fine bidrag. 


Her fylles den med ein nydelig tulipanbukett som vi fekk hos snille svigermor som var på besøk. 
Sjå dei flotte fargane!
No som vi har heilt bare veggar og ikkje så mykje fargar, spritar denne fint opp i stova. 


I bakgrunnen ser du nye puter frå H&M Home og Kremmerhuset. 
Likar så godt dei fine blåfargane som er i butikkane no om dagen. 

JA til ein fargerik vår:)


søndag 19. februar 2012

Merket

I dag skulle eg eigentlig lage eit koselig innlegg
med bilder av ferske fastelavnsbollar og utsprungen Magnolia.
Men til stor frustrasjon så heva aldri deigen seg,
og Magnolia pinnen min er fortsatt bare ein pinne. 


 Eg la nokre rosa fjær på den, så blei det litt fastelavn likevel:)

Så eg retta heller fokus mot Fabelaktige Maia sin utfordring "Merket". 


Dymoen min kjem til og komma godt med når eg skal innreie hobbyrommet. 
Men foreløpig fekk den merka kaffimaskina vår. 
Eg drikk ikkje kaffi, men mannen min gjere. 
Ser du kva som står der?
  

Når han finn seg ein kaffikopp så blir det kanskje ein ekstra god start på dagen:)
Denne teksten såg eg fyrst på eit maleri på kontoret i Stockholm
"Varje dag älskar jag dig". 
Syns teksten er så enkel og fin. 
Nokre dagar føles dei orda rett heile dagen, 
mens andre dagar er ikkje fullt så harmoniske:)
Uansett så kjennes det slik kvar dag. 

Planen er å ha denne teksten med på eit bilde eg skal male til stova, 
men det ser ut til å bli ei stund til det kan prioriterast.
Håpar du har fått fastelavnsbollar og sett fargerike fjær i dag!

fredag 13. januar 2012

Mitt drømmebryllaup


Mitt drømmebryllaup var 20.august i fjor. 
Maia med bloggen Fabelaktig har ei utfordring 
på sin blogg "vis meg ditt drømmebryllaup".
Eg fekk lyst til å vise bilder frå vår store dag.

Vi hadde eit tredagers bryllaup i Rosendal:) 



Invitasjoner
Eg håndlaga invitasjoner, bordkort, bordhefte og takkekort.
Fargane gjekk igjen i brudebuketten



Grillfest på fredagen
I eit vakkert sveitserhotell, RosendalTuristhotell,
samla vi alle gjestene til grillfest dagen før dagen



Forberedelser
Spente timar hos frisøren, sommarfuglar i magen og krøller i håret.

Foto Bodil Haga
Kjolen skal på, og ein smakebit av brudebuketten
Foto Bodil Haga

Kyrkja
Kvinnherad kyrkje i Rosendal er over 750 år gammal
Her var både baronar og baronesser før i tida


Ventetid
Brudefølgjet venter spent på at brura skal komme

Foto Bodil Haga
  
Vielsen
Ein vakker og tradisjonell vielse,
vi hadde både kor og solist i kyrkja.
Foto Bodil Haga

Bruebuketten
Ein enkel bukett av Upper secret-roser og kvite roser


Foto Bodil Haga og K.Holsvik

Kjolen
Blondekjole med tyll og langt slep
Tynn blonde på sløret
Foto Cathrine Esbesen


Foto Cathrine Esbensen og Bodil Haga


Baroniet Rosendal
Bryllaupsfesten blei feira ved eit lite slott,
nærmare bestemt Noregs einast Baroni.



Velkomst
Velkomst i borggarden på slottet
Kald champagne, prestekragar og jordbær

Foto Bodil Haga

Fotografering
Location betyr mykje.
Vi tok bryllaupsbilder inne i slottet
 
Foto Bodil Haga

Og ute i hagen..

Foto Bodil Haga
 
Middag
Middag i telt i Baroniet Rosendals have


Teltet
Lysekroner og drapperinger i taket
Runde bord gjorde at det blei raskt god stemning.


 
Bryllaupskake
Kvit sjokoladekake med rosa klatreroser på, nam!


 Tur på søndagen
Tur til Bondhusvatnet på søndagen,
friskt og fint!

Foto visitnorway.com

Bryllaupsreisa
Ei drømmereise til USA.
New York, Las Vegas, San Francisco og Hawaii


The End

Ja, det var jo kort oppsummert:)
Nok bryllaup for ei god stund.
Endelig helg, vi skal male og kose oss!
Og eg skal faktisk på brudekjolebutikk med ei vennine, hurra. 

GOD HELG!