No har vi nettopp lagt bak oss nok ei strålande sommarhelg.
Eg har vore heima på langhelg, og blant anna besøkt Rosendal Mat & Kunstfestival.
Det er så kjekt når det skje noko heima i bygda, ikkje minst når det er så stor suksess!
Arrangørane hadde gjort ein framifrå jobb, og overraska fleire gonger med spennande utstillingar, masse spennande mat og generelt god stemning.
I tillegg fekk eg jo eta så mykje eg klarte av mitt favoritt bakverk, lappar!
I nokre delar av landet kallar dei det for sveler trur eg. nam!
Blant utstillarane var Sarah Reed. Vi fekk jo ein nydelig vase ho hadde laga til bryllaupet vårt.
Dermed fekk eg inspirasjon til og raske med meg nokre lange, vakre, lilla revebjeller å ha i vasen.
Dei er jo så vakre - men visstnok ganske giftige. Håpar eg ikkje vaknar utan fingrar eller noko i morgon.
Eg falt også for denne fantastiske vasen på ei av utstillingane!
Men den var nok litt utanfor mitt prisnivå:(
Fantastisk kreative Signe som skriv bloggen Re:Signert, hadde ei eigen stand.
Her inviterte ho ungar til å resignere sine eigne glas, veldig populært.
Ho hadde også utstilt nokre av putene ho hadde laga av gardiner,
frå det gamle huset ho har kjøpt seg i Rosendal. Utrulig kult!
Og ikkje minst hadde ho laga små hjerter med koselige tekster på gamle tapetrester.
Besøk gjerne bloggen hennar her.
Eg møtte også nokre uventa blogglesere i helga, gøy å veta meir om kven som kikkar innom.
Hei Ingebjørg og Trine, så kjekt at dåke les bloggen min:))
Ønsker deg ein fin vekestart:)


.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)

.jpg)
.jpg)
.jpg)

















