Viser innlegg med etiketten foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten foto. Vis alle innlegg

søndag 22. april 2012

To puter frå IKEA

.. og ei svært synleg frå Åhlens. 
Fabelaktige Maia har ein utfordring på bloggen sin, om å vise favoritt puta di. 


Eg har for øyeblikket falt heilt for desse to svarte og kvite putene frå IKEA i sofaen. 
Men då eg fann denne sennepsfarga puta på Åhlens i går, så vart dei endå finare. 


Likte utrulig godt fargekombinasjonane. 
Svart/kvitt - sennep og brun. 
Skulle jo tru det var ei stove frå 70-talet eg beskriver. 


Med ein lite grøn brytning i form av stilkblomar som eg ikkje veit kva heiter. 

Sjå alle dei andre fine pute-bidraga her


Vi har hatt ein rolig morgon her, no skal eg spasere ut i hagen med saksa mi 
og håpe at eg ikkje klypper knoppar - men gamle kvistar:)

Håpar du får ein søndag med masse solskin!

 PS. I dag har eg brukt eit nytt filter på bildene i Lightroom, 
usikker på om det er min nye bestevenn. Men eg prøver meg fram:)