Ja, for det er nærmast
som ei splitter ny trapp!
Den er imidlertid ikkje
ny, men bokstavlig talt pussa opp.
Mannen min har gjort ein
framifrå jobb med å pusse, sparkle, pusse og ikkje minst male trappa.
Endelig har eg kvit trapp:)
Sjå berre på forskjellen
frå korleis det var før!
Eg er djupt imponert og
veldig glad for å endelig fjerne det mosegrønne teppet.
Undervegs!
Kvit trapp er jo
usedvanlig praktisk..
Ideelt sett så burde ein
nok støvsuge den kvar dag.
Støv og skit er særdeles
godt synleg.
Men etter tips frå den
kloke mammo mi, så drar eg med meg Jif støvkost ned ein gong til dagen
(eller det vil sei, eg
kunne gjort det for det er veldig praktisk så slepp ein å dra fram støvsugeren)
Dette har og fått meg til
å tenke på kor mykje rart som sikkert var i det teppe frå 1962.
Gufs, godt og vera kvitt
det.
Uansett så blei det ein
utrulig flott forandring, no gjeld det berre og finna passande stasj rundt
trappa.
Litt er allereie på plass
men visar ikkje her, desse bildene er nemlig tatt i jula.
Kameraet mitt er
fortida på verkstad, men eg håpar å få det tilbake snarleg:(
No er hallen snart slik
som eg drømte om når vi kjøpte huset - hurra:)
Ønsker deg ein strålande
onsdag.